BÖMLO-laksen med skip til Storbritannia

Bremnes Seashore og eksportselskapet vårt, Ocean Quality, arbeider for å redusera utsleppa frå transporten av produkta våre. Me er første opdrettar som sender laks med North Sea Container Line si nye rute mellom Stord og London.

Sendingane inneheld BÖMLO, Bremnes Seashore si merkevare for kvalitetslaks som me distribuerer til utvalde eksportmarknader i Europa og Asia.

Ein nøytral tredjepart, FreiXchange, har vurdert CO2-utsleppa for ruta. Dei kjem fram til at transport av laks frå Bømlo til London med ruta gir 60 prosent reduksjon samanlikna med ein topp moderne EUR 6-bil, med 20 % biodiesel.

– Norsk laks er mat med låge klimagassutslepp. Me må likevel bli mykje betre, og transport utgjer ein stor del av utsleppa. Ved å flytta laksen frå veg til sjø reduserer me transportutsleppa med heile 60 prosent. No tek me fyrste steg, og me har ambisjonar om å frakta meir fisk sjøvegen framover, seier Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore.

Frå laksen blir henta hjå oss på Bømlo til den er levert til kunden i Storbritannia tek det om lag 48 timar, noko som er svært konkurransedyktig.

– Fersk BÖMLO-laks som skal til kvalitetsbevisste kundar i Storbritannia har det travelt. Med den nye sjøruta når me marknaden i Storbritannia raskt og effektivt. Fisken blir foredla ved slakteriet på Bømlo, og for oss er det ideelt at ruta går direkte frå Sunnhordland, seier Truls Ramsli, Logistics Manager i Ocean Quality.

Regjeringa ønskjer å flytta gods frå veg til sjø, og Kystverket har støtta etableringa med 25 mill. kroner. Med sambandet har me for første gang eit reelt alternativ til vogntog for transport av laks til Storbritannia.