Trygg sjømatproduksjon

Matproduksjon er samfunnskritisk verksemd, og Bremnes Seashore produserer 500 000 måltid kvar dag.

Takka vera gode tilsette har me halde oppe produksjonen gjennom heile koronavirusperioden. Me har teke grep for å redusera smittefaren mellom våre tilsette og i lokalsamfunna der me har aktivitet. Me er i kontinuerleg kontakt med våre leverandørar og kundar. Som alltid prioriterer me mattryggleik og helse, miljø og sikkerheit.

Me gjer grundige risikovurderingar, som blir oppdatert jamleg. I tråd med styresmaktene si gjenopning av samfunnet, har Bremnes Seashore gjort endringar i våre tiltak:

  • Bremnes Seashore følgjer tiltaka og tilrådingane frå styresmaktene
  • Me legg til rette for å redusera nærkontakt mellom tilsette
  • Ulike avdelingar er åtskilde, det er sett i verk skiftordningar og deling av arbeidslag, og ekstraordinære hygienetiltak i produksjonen
  • Kontortilsette er no tilbake på arbeidsplassen, med styrka smitteverntiltak
  • Felles mat- og lunsjservering er avvikla
  • Me har redusert besøksverksemd til Bremnes Seashore sine anlegg og lokalitetar
  • Eksterne møte skal i hovudsak haldast som telefon- eller videomøte
  • Me har redusert reiseverksemd og streng vurdering av deltaking i kurs og konferansar
  • Det blir jamleg sendt ut informasjon og råd til tilsette

Bremnes Seashore tek samfunnsansvaret vårt alvorleg, og leverer sunn og trygg sjømat til samfunnet kvar dag.