Kajeredi – Open dag

 

Foto: Toralv Martin Brekke

Kajeredi

Me i Bremnes Seashore vil gjerne visa deg kva me gjer på! Før kunne folk rusla rundt på kaiane og sjå på aktiviteten, men det er mange grunnar til at det ikkje går an i dag. Me inviterer difor til open dag, så de kan sjå kva me balar med.

Kom til oss laurdag 28. september, klokka 12-16!

«KAJEREDI» i Bremnes Seashore? Sei det…, meir enn 450 entusiastiske medarbeidarar og mange samarbeidspartnarar tar godt vare på millionar av laks, utviklar ny teknologi og jobbar kvar einaste dag for ei berekraftig næring.

Parkering

Me reknar med at det kjem mykje folk og det blir difor parkering og gratis shuttle-buss frå/til Bømlohallen. Første bussen går kl 11:30. NB! I Kvednavikjo vert det berre mogleg å parkera for personar med parkeringsløyve for rørslehemma.

Sceneshow

Heine Totland og Geir Ersland kjem til Kajeredi! Geir har med seg resten av Kystsonglaget, og det blir talkshow, humor og song og musikk. Sceneprogrammet startar kl 13:30, så det er lurt å vera komen då.

Informasjon

Det blir mange ulike besøkstasjonar der du kan sjå og læra meir om korleis me driv oppdrett, slakt og foredling av laks. Nokre av avdelingane vil vera opne med omvising og andre vil me visa fram ved hjelp av film og trykt informasjon.

For borna

Den opne dagen er tilrettelagt for born og dei kan bl.a. fiska godteri, det blir kokkelering, der dei kan laga sin eigen lakserett og alt som er ope for vaksne er ope for borna. I eit aktivitetshefte og på ulike informasjonsbanner vil dei møta vår maskot Lakseloine.

Mange båtar

Brønnbåten Ronja Sund, den nye brannbåten til Bømlo brann og redning, arbeidskatamaran og Røde kors sin båt vil ligga til kai i Kvednavikjo denne dagen. Det blir omvisning på brønnbåten.

Kle deg godt

Det meste som skjer vil vera utandørs. Kle deg derfor etter veret. Skulle det koma eit plutseleg regn, så har me regnponchoar som me deler ut.

Fabrikkutsal og smaksprøvar

Under Kajeredi blir det fabrikkutsal. Kanskje du sikrar deg Salmaburger eller Salmataco til kveldsmat på laurdag? Har du prøvd Salma smoked? Det er Salma som er kaldrøykt hos våre gode samarbeidspartnarar på Espevær! Og sjølvsagt blir det også sjans til å kjøpa Salma loin i ulike storleikar. Det vert høve til å smaka på produkta våre.

 

Meld deg gjerne på facebook-arrangementet: https://www.facebook.com/events/744605479286800

Velkommen til oss laurdag 28. september, klokka 12-16!