Folka våre gjer det mogleg

Kjenneteiknet på ei god og veldriven bedrift er flinke og positive folk. Det har me i rikt monn i Bremnes Seashore. Hos oss finn du kunnskapsrike, arbeidssame og dyktige medarbeidarar i alle ledd, folk som ope fortel at dei er stolte av å jobba i verksemda, stolte av å produsera SALMA, og stolte av å vera havets bønder som produserer millionar av sunne laksemiddagar til menneske verda rundt.

Me er stolte av å ha så mange gode medarbeidarar. Saman dreg me den mest spennande og innovative norske lakseverksemda i same retning. Inn i framtida mot nye marknadar. Med mål om å vera den føretrekte leverandøren av norsk laks. Det klarer me med dyktige tilsette som vår viktigaste ressurs!

Kanskje blir du ein av oss?

Lysten på jobb hos oss?

Vil du jobba i eit triveleg og innovativt miljø i ei framtidsretta næring, oppmodar me deg til å sjekka ut våre ledige stillingar!

[:no]Sjå våre ledige stillingar[:de]Sehen Sie unsere freien Stellen[:en]View our current vacancies.[:]

https://www.youtube.com/watch?v=0FY1PLgMYGk