ASC

Aquaculture Stewardship Council (ASC) er verdas leiande sertifiseringsordning for akvakultur – og ASC-merket er bare å finna på mat frå anlegg som har blitt uavhengig vurdert og sertifisert som miljømessig og sosialt ansvarlege.

Akvakulturproduksjonen utgjer over halvparten av sjømatkonsumert på verdensbasis og vil vera viktig for å gje sunt, rimeleg protein til den hurtigvoksande befolkninga i framtida. Som  for all matproduksjon, har næringa innverknad og må gjerast på ein ansvarleg måte.

ASC utviklar og forvaltar dei strengaste standardane i bransjen. Desse standardane inkluderer hundrevis av krav som dekker potensielle konsekvensar av akvakultur – inkludert vasskvalitet, ansvarleg innkjøp av fôr, sjukdomsførebygging, dyrevelferd, rettferdig behandling og lønn for arbeidarar og å oppretthalde positive relasjonar med samfunna rundt anlegga.


ASC-rapportar

Jørstadskjera – Sertifisert


 

Integrerte tiltak mot skadedyr (IPM)

Integrerte tiltak mot skadedyr (IPM) har lenge vore anerkjend som kritiske for effektiv og robust handtering av lakselus. IPM er basert på implementering av ei rekke velprøvde teknikkar og tilnærmingar utvikla mot skadedyr i jordbrukssystem, ofte med det sentrale målet å bremsa utviklinga av medikamentresistens hos skadedyrartar.

IPM-strategien inneber generelt ein koordinert og integrert bruk av alle tilgjengelige styringsmetodar, med overvaking, kommunikasjon og samarbeid mellom operatørane innanfor eit definert område. IPM søker spesielt å gjere oss mindre avhengige av medisinske behandlingar, og dermed redusera moglegheiter for utvikling av medikamentresistens og er difor ein prosess som ASC har til hensikt å fremja.

IPM-plan

Prosedyre for telling av lus