Større boltreplass og mindre stress

Ein frisk laks som trivest i merda er også ein laks som veks godt og blir fast og fin i kjøtet. Derfor legg me stor vekt på å leggja til rette for god fiskehelse og -velferd i oppdrettsanlegga våre.

Ein viktig faktor for å lukkast med lakseoppdrett og å kunna levera kvalitetsprodukt, er å ta omsyn til fisken si helse og velferd. Alle lokalitetane våre er plassert på stader med reint vatn og gode straumforhold, der laksen får symja mot straumen og utvikla seg til sterk og sunn fisk. For å redusera fisketettleiken, har me også investert i merdar som har større og djupare nøter enn det som er vanleg i bransjen. Dette gjev laksen betre tumleplass, der fullvaksen laks sym i eit miljø som består av 99 prosent vatn og berre ein prosent fisk.

Djupare nøter betyr i tillegg at laksen i langt større grad sjølv kan velja kor djupt i sjøen han ønskjer å stå. Laks likar seg best i temperaturar mellom seks og 14 grader. Om sommaren er det gjerne for varmt i dei øvre vasslaga, og om vinteren for kaldt. På djupare vatn er temperaturen meir passeleg. Me gjev laksen høve til å vandra der han trivest best.

Når ein fisk er sett ut i ei merd, let me han bli der frå han vert sett ut til han er fullvaksen. Me verken sorterer eller flyttar laks frå merdane. På den måten unngår me situasjonar som kan påføra fisken unødig stress.