Stoltheitene våre!

 

SALMA

SALMA er ein skinn- og beinfri laksefilet med kvalitet i verdsklasse. Den delikate laksen er i dag ei av Noregs mest kjende merkevarer.

Frå fisken sym i vatnet til han er ferdig foredla som SALMA-loin i fabrikken vår, går det maksimalt fire timar. Store delar av produksjonen blir dessutan gjort for hand av ekspertane våre, for å sikra høgast mogleg kvalitet.

SALMA-serien omfattar i dag SALMA halv loin, SALMA heil loin, SALMA 190, SALMA 360 og SALMA BRG.

Les meir på www.salma.no

bomlo

BÖMLO

BÖMLO er Bremnes Seashore si merkevare for kvalitetslaks som me distribuerer til utvalde eksportmarknader i Europa og Asia. BÖMLO-merket består av fersk og frosen heil laks, samt ulike filetprodukt.

For å sikra ypparste kvalitet på BÖMLO-produkta, nyttar me i stor grad dei same prosessane og teknologiane som i produksjonen av SALMA. Sentrale stikkord er god fiskevelferd i ekstra romslege og djupe merdar, lågt stressnivå hos fisken gjennom heile produksjons- og innhaustingssyklusen, bruk av Kald Fisk Slakteteknologi og pre-rigor filetering, hygienisk slakting og foredling, samt superkjøling med CO2.

SALMA BRG

SALMA BRG er vår lakseburger som består av SALMA kuttet i små betar, blanda med litt salt. Dette er eit unikt produkt, og burgeren passar perfekt til grillen eller steiking i panne. Kvar burger veg 130 gram, og produktet formast og vakuumerast på same måte som SALMA loin.
SALMA-burgeren vart kåra til Årets sjømat oppdrett 2016 i Det Norske Måltid!