Trygge produkt

Bremnes Seashore er godkjend etter dei internasjonalt anerkjende standardane GLOBAL G.A.P., BRC og Friend of the sea. I tillegg oppfyller me ei rekke spesifikke krav stilt av kundane våre.

Me ønskjer å levera trygge og gode produkt, og vil ha ein produksjon me kan vera stolte av. I arbeidet med å sikra kvaliteten på alt me gjer, har me sikra oss sertifiseringar som viser at me oppfyller internasjonalt anerkjende standardar i høve trygg mat, HMS, fiskevelferd og miljø.

GLOBALG.A.P. stiller krav til alle delar av produksjonen vår, og set fokus på matvaretryggleik, miljøvern og HMS, samt dyrevelferd. BRC er ein global standard for næringsmiddel som fokuserer på trygg mat. Friend of the Sea er ein standard som set krav til miljøpåverknad og berekraft.

I tillegg oppfyller me ei rekke spesifikke kvalitetskrav stilt av kundane våre, og me legg stor vekt på å følgje alle krav sett i konsesjonar og utsleppsløyve.