Mange fagarbeidarar

Dyktige og engasjerte medarbeidarar er ein føresetnad for å kunna produsera varer av høg kvalitet.

Dei tilsette i Bremnes Seashore har høg kompetanse på lakseproduksjon, og selskapet legg til rette for ytterlegare kompetanseutvikling. Det har resultert i at mange av våre medarbeidarar har teke fagbrev i akvakultur, fiskeindustri og ulike tekniske fag.

Hos oss får alle nye tilsette ei grundig innføring i hygiene, dei aktuelle produksjonsoppgåvene dei skal jobba med, og ikkje minst i helse, miljø og sikkerheit.