Kvalitetsfisk i 70 år

Olav Svendsen var ikkje gamle karen då han som 14-åring byrja å ta i mot tang og tare på kaiane heime i Øklandsvågen i 1937. Faren, Ole Svendsen, skjøna at sonen hadde sans for kjøp og sal, og Olav fekk difor snart ansvar for mottaket av villaks og hummar, som hadde vore grunnlag for drifta i den gamle handelsstaden Øklandsvågen i fleire hundre år. I 1946 vart det sett i gong ei stor utbygging og verksemda vart flytta over vågen til Kvednavikjo.

I åra etter krigen tok Bremnes Fryseri, som er moderselskapet til Bremnes Seashore, imot makrell og kjøpte utstyr til hermetikkfabrikk og byrja leggja ned makrellrogn på boks. Det var òg mottak av reker, krabbe, størje og sei. Det store pigghåeventyret starta midt på 1950-talet, og skulle vara i nær 30 år. Ved sida av laks var pigghåen det viktigaste produktet for utviklinga og suksessen til Bremnes Fryseri. Kvednavikjo var på denne tida verdas største pigghåmottak.

Alt på 1950-talet var Olav Svendsen med og forsøkte å klekkja ut aure. Klekkinga gjekk bra. Yngelen kom fram og levde av plommesekken. Lenger kom dei ikkje då, for spesialfôr var enno ikkje på marknaden.

Først på 1960-talet vart klekking av rogn på Goddo og matfiskoppdrett i ein avstengd våg utanfor Øklandsvågen ein suksess. Denne aktiviteten danna grunnlaget både for vidare vekst og etter kvart også etableringa av Bremnes Seashore. I dag er det etterkomarane etter Torbjørg og Olav Svendsen Senior som leiar selskapet. Dei har bore med seg, og bygd vidare på pågangsmotet og entusiasmen til gründeren. Det har gjeve resultat. Sidan starten med regnbogeaure på 60-talet, har Bremnes Seashore gått gjennom ei rivande utvikling. Det som starta i det små har vakse seg til noko stort, og Bremnes Seashore har vorte ei av dei største privateigde oppdrettsverksemdene for laks i Noreg.