Lakseproduksjon med erfaring og klokskap

«I takt med naturen» er grunnfilosofien me baserer lakseproduksjonen vår på. Heilt frå laksen er rogn til han er vaksen prøver me å kopiera tilhøva i naturen etter beste evne, ut frå det me veit om biologien og livsløpet til villaksen. I våre topp moderne slakte-, pakke- og foredlingsanlegg sikrar unik prosessteknologi og kompetente medarbeidarar at lakseprodukta me leverer til kundane er av ypparste kvalitet.

Frå start til mål

Rogn

Rogn frå Salmo Breed-stamma har spesielt gode eigenskapar og bygger på målretta avlsarbeid. Stamfiskanlegga som leverer rogna er sertifisert etter GlobalGAP-standarden.

Settefisk

Me har tre settefiskanlegg som produserer smolt. Me vektlegg å ha smolt av høg kvalitet, og har difor bygd ut settefiskanlegga slik at dei held ein god moderne standard.

Matfisk

Laksesmolten på om lag 100 gram vert sett ut i sjøen der han veks fram til han kan haustast. Alle lokalitetane våre har gode straumtilhøve og reint friskt vatn. Me sikrar oss at laksen trivst med å ha ekstra store nøter slik at dei får god plass i merdane.

Hausting

Laks på om lag fem kilo vert transportert levande frå dei ulike oppdrettsanlegga. Me har eit særs moderne slakterianlegg ved Bremnes Fryseri noko som gir kvalitet i verdsklasse på våre produkt. Kapasiteten er stor og anlegget kan prosessera 90 fisk per minutt.

Foredling

Me søker alltid å få det beste ut av dei gode råvarene me har. Sidan 2009 har me i vår topp moderne foredlingsfabrikk foredla blant anna marknadens kvalitetsleiande produkt nemleg SALMA-laksen.

Sal

Gjennom selskapa Salmon Brands og Ocean Quality sender me laks rundt i heile verda. Reiser du til Tokyo, Sydney, Chicago, Paris eller Bangkok så kan du oppleve å få smake laks frå Bremnes Fryseri.