Frå råvare til delikatesse

I vår topp moderne foredlingsfabrikk produserer me mellom anna SALMA, eitt av verdas beste lakseprodukt.

Siste ledd i produksjonskjeda er vår topp moderne foredlingsfabrikk, der me i 2014 foredla 6 235 tonn råvare til SALMA-produkt og andre filetprodukt. 3 697 tonn vart til SALMA, av mange rekna som verdas beste lakseprodukt og Noregs første merkevare for fersk fisk.

Den unike kvaliteten som SALMA er kjent for går som ein raud tråd gjennom heile foredlingsfabrikken. Engasjementet som våre tilsette viser for å levera produkt av premium kvalitet til kundane våre, er med på å gjera at me har ein sterk posisjon i ein marknad som etterspør meir og meir ferske og foredla lakseprodukt. Dette er ein posisjon me vil arbeida hardt for å halda på også inn i framtida.