Vekst i takt med naturen

Gode vekstvilkår, etter kopi frå naturen, gir god fiskehelse og -velferd. Resultatet er kvalitetslaks med god lønsemd

Bremnes Seashore brukar rogn frå Salmo Breed-stamma, levert av GlobalGAP-sertifiserte stamfiskanlegg, som basis for heile produksjonen vår. I settefiskanlegga våre plasserer me rogna på ein kunstig «elvebotn» som liknar oppvekstmiljøet lakserogna har ute i naturen. Resultatet blir millionar av lakseynglar med optimal kvalitet.

Når smolten veg kring eit halvt kilo, set me han ut i eitt av våre 23 oppdrettsanlegg. Fellesnemnaren for alle desse lokalitetane er gode straumtilhøve og reint, friskt vatn. Me justerer anlegga for å sikra optimal plassering på kvar einskild stad.

Når ein fisk er sett ut i ei merd, let me han bli der frå han vert sett ut til han er fullvaksen. Me verken sorterer eller flyttar laks frå merdane. På den måten unngår me situasjonar som kan påføra fisken unødig stress.