Unik produksjonsprosess

Frå laksen sym i kaldt sjøvatn går det berre få timar, avhengig av produkttype, før fisken er ferdig pakka. Det får me til med kompetente medarbeidarar og eit topp moderne slakteri- og pakkeanlegg. Her pakkar me både eigenprodusert laks, og me utfører slakte- og pakketenester for fleire andre lakseprodusentar.

Å få til ein mest mogeleg skånsam men samtidig effektiv og god slakteprosess, er viktig for Bremnes Seashore. Difor har me etablert eit nytt slakte- og pakkeanlegg som er topp moderne og heilt i verdsklasse. Her tek det ikkje mange timane frå me hentar laksen opp av sjøen til han er ferdig pakka.

Anlegget er utforma med sterkt fokus på hygiene, noko som aukar kvaliteten på sluttprodukta våre ytterlegare. Når pakkeriet i tillegg er bemanna med ei lang rad av dyktige medarbeidarar, er det ikkje rart me er kjende for å gje kundane våre varer av beste kvalitet.

Det nye pakkeanlegget har også gjeve oss større kapasitet og fleksibilitet. I 2020 pakka me om lag 50 000 tonn sløgd vekt på pakkeriet vårt. Med denne kapasiteten utførar me i dag slakte- og pakketenester for fleire lokale lakseoppdrettatarar, som Bolaks, Austevoll Melaks og Fremskridt. Kapasiteten og fleksibiliteten ved den nye fabrikken gjev meirverdi for alle partar. Me set pris på samarbeidet og kvaliteten til Bolas, Austevoll Melaks og Fremskridt – og endo er det rom for fleire.