Ny allianse

Vart del av Salmon Group

I oktober vart Bremnes Seashore medeigar i Salmon Group. – Store, felles ambisjonar for ei berekraftig næring gjer Bremnes Seashore og Salmon Group til ein ekstra god match, meiner Jan Olav Langeland, adm. dir. i Salmon Group.
Nils Aadland, direktør for samfunnskontakt i Salmon Group, og innovasjonssjef i Bremnes Seashore, Laila Knarvik, ser begge verdien av å stilla strenge krav til eiga næring.

Salmon Group er eit nettverk for lokale oppdrettsselskap langs norskekysten. Frå basen i Bergen, yt selskapet service for eigarane – 42 lakse- og aureprodusentar som alle legg vekt på lokalt eigarskap og samspel med lokalsamfunna. Saman utgjer Salmon Group den nest største oppdrettsaktøren i Noreg.

– Bremnes Seashore er, på lik linje med Salmon Group, ein aktør som har mot til å gå i front og ta heilskaplege og langsiktige vegval. Begge ser verdien av å stille strenge krav til seg og eiga næring for å bidra til utvikling av næringa, og me er svært glade for å ha fått eit så framoverlent selskap med i nettverket. Salmon Group sine eigarar er gründerane i næringa, som med felles verdigrunnlag jobbar for å oppretthalda og skapa verdi, aktivitet og arbeidsplassar i lokalsamfunna langs heile kysten. Bremnes Seashore er eit selskap som på alle område viser seg som ein bevisst og ansvarleg produsent av sjømat – med eit særleg godt blikk for de viktige drivarane, seier Langeland.

Salmon Group i korte trekk:

  • Eigd av 42 lokale produsentar av laks og aure i Noreg. 
  • Eigarbedriftene produserer om lag 13 % av den totale nasjonale produksjonen av laks og aure, og utgjer i fellesskap den nest største aktøren her til lands.
  • Dei 42 oppdrettsselskapa omset årleg for over 10,5 milliardar kroner og produserer nær 200 000 tonn fisk. 
  • Salmon Group har som hovudoppgåve å sikra aksjonærane best mogleg drifts- og rammevilkår, og jobbar i tillegg kontinuerleg med aktivitetar som styrkar nettverket internt og gir auka slagkraft eksternt.

Jaktar først og fremst stordriftsfordelar

Simon Nesse Økland, utviklingssjef i Bremnes Seashore, synest selskapet har funne ein perfekt partnar i Salmon Group.

– Bremnes Seashore har felles verdigrunnlag med dei andre eigarane i Salmon Group. Oppdrettarane i nettverket står fremst i utviklinga av berekraftig lakseoppdrett, og ønsker å bidra til aktivitet og arbeidsplassar i lokalsamfunna. Dette gjer at me passar godt inn i dette fellesskapet, synest Økland.

Berekraft er den overordna drivaren, og her har Bremnes Seashore ressursar på område som passer veldig godt med Salmon Group sitt berekraftfokus – slik som fiskevelferd, HMS, samfunnsansvar, omdømme og kommunikasjon.

Jan Olav Langeland • adm. dir. i Salmon Group

Salmon Group skal først og fremst gi eigarverksemdene stordriftsfordelar på linje med dei aller største aktørane i bransjen.

– Me har spisskompetanse på fôr, og i tillegg til å utvikla og framforhandla avtaler på fôr har me ei rekke innkjøpsavtaler aksjonærane i nettverket kan nytta seg av. Vår samla størrelse og volum – støtta av lojalitet hos aksjonærane – har gitt oss moglegheit til å designa vår eigen fôrresept for heile livsløpet til fisken. Det gir unike fortrinn både på fiskehelse, fiskevelferd, fotavtrykk og kvalitet, forklarer Langeland. Bremnes Seashore tok i bruk den nye fôrresepta ved årsskiftet 2020-2021. 

Kunnskapsutveksling

Gjennom konferansar, seminar, kurs og Salmon Group-skulen, tilbyr nettverket òg viktige faglege og sosiale møteplassar for eigarane. Salmon Group jobbar dessutan aktivt med politisk arbeid og kontakt med styresmaktene, og har gode samarbeid med forskingsmiljø og akademia. Nettverket hjelper vidare eigarane med kommunikasjonsrådgiving, pressehandtering og innsiktstøtte, og har ein egen fiskehelsebiolog som jobbar for bedriftene i nettverket.

Salmon Group gir Bremnes Seashore tilgang til eit godt nettverk for utveksling av kunnskap og erfaringar. Her deler Laila Knarvik (t.h) innsikt med med Nils Aadland og Maria Schütz Fløisand i Salmon Group.

– Utover stordriftsfordelar og sjølve fôravtalen, gir eigarskapen i Salmon Group oss eit godt nettverk for læring gjennom utveksling av kunnskap og erfaringar med dei andre eigarane. I tillegg står me sterkare i lag når me skal jobba politisk med viktige saker for næringa, påpeikar Økland.

Bringer inn foredlings- og merkevarekompetanse

– Kva tilfører Bremnes Seashore nettverket?

– Bremnes Seashore bringer inn stor kunnskap og kompetanse på felt som Salmon Group har høgt på agendaen. Berekraft er den overordna drivaren, og her har Bremnes Seashore ressursar på område som passer veldig godt med Salmon Groups berekraftfokus – slik som fiskevelferd, HMS, samfunnsansvar, omdømme og kommunikasjon. Her er me allereie godt i gang med samarbeid innan fleire prosjekt. For oss er Bremnes Seashore dessutan ein stor aktør som bidrar med volum som styrkar fellesskapet i form av forhandlingstyngde. Gjennom sitt langsiktige arbeid med optimalisert produksjon for å få løfta matopplevinga hos konsument, har selskapet i tillegg viktig foredlings-, marknads- og merkevarekompetanse som resten av nettverket kan få glede av, svarar Langeland.•

Bremnes Seashore er medlem i:

Play Video

Vart med i Salmon Group

Eit fôr for lågare klimagassutslepp

Salmon Group har dei siste åra merka seg ut med sitt systematiske og konkrete arbeid med berekraft. På bakgrunn av forstudien «Bærekraftig oppdrett av laks og ørret – Hva er det?» har dei kunna gjort spesifikke justeringar i fôret. Endringane har til no resultert i ein 36 prosent reduksjon i karbonfotavtrykket frå produksjonen av laks og aure som veks opp på Salmon Group-fôr. Soyaproduksjon bidrar til avskoginga av regnskogen i Brasil. Ved å gå over til soya frå Europa eliminerer Salmon Group denne risikoen, samstundes som klimagassutsleppa for transport av fôrråvara går ned. 

SALMA sine kundar er kvalitets- og miljøbevisste, og dei forventar at me skal vere leiande på berekraft.

Jaroslava Juricova-Olsen
marknadsdirektør i Salmon Brands

– Salmon Group har teke store steg for å redusera fotavtrykket frå fôrproduksjon og -transport, og set standarden for berekraftig fôr til oppdrettsnæringa. Me ønskjer å bruke meir råvarer frå havet og andre berekraftige fôrkjelder, noko me får gjennom Salmon Group, seier innovasjonssjef Laila Knarvik i Bremnes Seashore.

Dei klare samanhengane mellom korleis fisken har det og kvaliteten på det produktet forbrukarane møter i butikkane, er kjente. Fisken sin diett er blant dei viktigaste innsatsfaktorane for å oppnå god fiskevelferd og god kvalitet på lakseprodukta, og er samtidig den viktigaste parameteren som indikerer kor berekraftig produksjonen av laks er. Både Bremnes Seashore og Salmon Group ser verdien av å stille strenge krav til seg sjølv og eiga næring, og å bidra til utvikling av næringa. Me meiner dette er både eit samfunnsansvar og ei sjølvfølgje for ansvarlege matprodusentar.

– SALMA sine kundar er kvalitets- og miljøbevisste, og dei forventar at me skal vere leiande på berekraft. Fôr av høg kvalitet er grunnleggjande for kvaliteten til SALMA-laksen, og me er alltid på jakt etter måtar me kan utvikle produktet vårt på. Gjennom samarbeidet med Salmon Group får me eit meir framtidsretta og berekraftig fôr, seier Jaroslava Juricova-Olsen, marknadsdirektør i Salmon Brands.