Innovasjon og nyskaping i ei annleis tid

Ekspressutvikla teriyaki-burger vart sommarhit på grillen

«Kva moglegheiter kan dette gi oss?» var ein av dei første tankane då det vart klart at koronapandemien ville påverke sommar- og ferieplanane for mange i 2020.
Lakseburger i knust potetbrød med sylta raudløk og grasløkdressing. Denne og fleire oppskrifter finn du på salma.no

Grilling og god mat høyrer sommaren til, og då dei aller fleste skulle feriera heime, på hytta, i båten eller på camping i Noreg, såg me raskt potensiale for å tenka nytt rundt grillkonseptet vårt. Grillmat treng ikkje vere pølse og kjøt – han kan like gjerne bestå av smakfull SALMA-laks av ypparste kvalitet.

Innovasjonsteamet hos Bremnes Seashore/Myobiotec og marketingteamet hos Salmon Brands gjekk raskt i gang med idémyldring rundt kva grillkonsept som var mogleg å utvikla på veldig kort tid.

Det vart snart klart at SALMA-burgeren var eit solid kvalitetsprodukt å ta utgangspunkt i. 

For merkevara SALMA er det viktig å heile tida levera noko unikt som går utover det kundane forventar. 

Karolina Wolnik • Brand Manager i Salmon Brands

– Fundamentet hadde me allereie i den reine, hyperferske originale SALMA BRG. Det ligg mykje forsking og kunnskap bak SALMA BRG, og difor følte me oss trygge på at å tilsetje ein spennande kryddersmak til det hyperferske råstoffet kunne gi oss eit kvalitetsprodukt som ville styrka SALMA sin posisjon som merkevare, seier Even Manseth, seniorforskar i Myobiotec.

Etter å ha testa ulike krydder, fall valet på teriyakismak. Den samsvara med den asiatiske smaksretninga som var ein trend blant butikk-kjedene gjennom sommaren, samtidig som det er ein smak som passar godt til SALMA-laksen. 

Etter intense veker med produktutvikling, smakstesting, utvikling av emballasjedesign og innsal til kundane, var SALMA Teriyaki-burger klar for lansering i juni. Produktet var då merka med nøkkelholmerket, slik at kundane skulle vere heilt sikre på at dei tok eit sunt val når dei la burgeren på grillen.

SALMA Teriyaki-burgeren vart ein stor suksess, og var å finna på mange grillar rundt omkring i Noreg heile sommaren og utover hausten.

– Med SALMA Teriyaki-burger trefte me ein forbrukartrend sommaren 2020, og det er tydeleg at folk synest det er spennande med eit alternativ til kjøtburger. For merkevara SALMA er det viktig å heile tida levera noko unikt som går utover det kundane forventar. Samtidig vil me aldri kompromisse på høg kvalitet og den reine, gode smaksopplevinga. SALMA Teriyaki-burger leverte på alt dette og var ein stor sommarsuksess for SALMA, seier Karolina Wolnik, Brand Manager i Salmon Brands.