I gang med det grøne skiftet

Elektrisk stemning

Sidan august har ein sjøkabel på over to kilometer forsynt lokaliteten Sølvøyane med straum og internett, og konsernet har teke nok eit steg i elektrifiseringa av alle oppdrettsanlegga våre.

Både vind og bølgjer gjer at det kan vera tøffe forhold på Lokaliteten Sølvøyane, mellom Bømlo og storhavet. Fôrflåten og merdane ligg berre beskytta av holmane som har gjeve namnet til lokaliteten. No blir sjølv slike lokalitetar drivne med straum frå land, eller som for Sølvøyane – frå Espevær. 

Fredag 31. juli la Bremnes Seashore ut ein landstraumkabel på heile 2 250 meter frå Espevær og nordover mot lokaliteten. Kabelen har integrert fiber, og er den lengste me har lagt ut til no. 

Landstraum gjer det trivelegare å arbeida på lokalitetane, og naboane våre merkar stor skilnad når dieselaggregata blir skrudd av.

Eivind Sæverud • prosjektleiar

Onsdag 5. august knytte me lokaliteten til straum- og fibernettet på øya, og driftsleiar Kim Joar Larsen kopla frå dieselaggregata. Investeringa gjer at me reduserer dieselforbruket med 75 000 liter kvart år berre frå denne eine lokaliteten, noko som tek vekk eit utslepp på om lag 200 tonn CO2. 

Prosjektleiar Eivind Sæverud fortel at landstraumkabelen til Sølvøyane er del av ein medviten strategi for å redusera både klimagassutsleppa og driftskostnadane. – Landstraum gjer det i tillegg trivelegare å arbeida på lokalitetane, og naboane våre merkar stor skilnad når dieselaggregata blir skrudd av, seier Sæverud. 

MS «Restless Voyager» legg ut den kombinerte straum- og fiberkabelen frå Espevær til Sølvøyane.

Me har alle blitt avhengige av internettilgang, og oppdrettsanlegga er ikkje noko unntak. Oppdrettsnæringa hentar inn mange data frå ulike sensorar ved oppdrettsanlegga, og betre bruk av desse dataa blir viktig for oppdrettsnæringa i framtida. Ved å sjå ulike data i samanheng kan me på førehand oppdaga biologiske situasjonar som kan oppstå og setje inn tiltak. Samstundes følgjer tilvekstsentera med på kva som skjer under og over havoverflata via kamera når dei fôrar fisken, noko som òg krev raskt internettsamband. I framtida kan sensorar sjå til at fortøyingar og installasjonar ligg der dei skal, slik at me ikkje treng driva tilsyn som i dag. All denne bruken krev bandbreidde, og det får me med landkabelen. 

Driftsleiar Kim Joar Larsen ved Sølvøyane er storfornøgd med landstraumkabelen. – Landstraum er både bra for miljøet og arbeidsmiljøet her ute på lokaliteten. Me merkar stor forskjell, det er lydlaust og stille samanlikna med generatordrift. Med fiberkabelen har me i tillegg fått mykje raskare internett og meir stabil kopling til undervasskameraa i merdane, seier Larsen. 

Ved årsskiftet var 14 lokalitetar knytt til landstraum, og planen er at alle skal vera elektrifiserte innan 2023. Prestholmane vart knytt til landstraum allereie i mars 2021. 

Batterihybride system er eit alternativ til landstraum for lokalitetar som ligg slik plassert at dei ikkje blir kopla til straumnett med stor nok kapasitet på land. Ved hjelp av batteribankar reduserer me driftstimane for dieselaggregata med over 80 prosent. Per i dag har lokaliteten Krossholmen hybrid energisystem.