Til teneste for eksportkundane

Etablerte nytt salsselskap

Sjór skal styrka kvalitetsprodukta våre ute i verdsmarknaden
Med Sjór, som tidlegare heitte Ocean Quality, har Bremnes Seashore fått ein ny heilintegrert salskanal som skal betena eksportmarknadene med norsk kvalitetslaks.

Etter å ha samarbeidd om eksport gjennom det felles salsselskapet Ocean Quality AS sidan 2010, kunngjorde Grieg Seafood og Bremnes Seashore i mai 2020 at dei ville avvikla selskapet og etablera eigne, heilintegrerte salsorganisasjonar. I skilsmålet blei det bestemt at Bremnes Seashore skulle overta 100 prosent eigarskap av den norske organisasjonen til Ocean Quality og Ocean Quality Shanghai, og ved årsskiftet var konsernet sitt nye salsselskap i drift.

Selskapet fekk namnet Sjór, som er norrønt for sjø. Bakgrunnen for namnevalet er at sjøen har gitt næring og matglede gjennom generasjonar, ein tradisjon me som kvalitetspioner vidarefører med nye havbruksmetodar. Som del av konsernet, skal Sjór halde fram med å selja kvalitetslaksen vår til kundar i heile verda. Samstundes er selskapet eit sterkt salsapparat for andre oppdrettarar, mellom anna Bolaks.

– Glade for å bli del av ei familiebedrift

– Sidan 2010 har me auka produksjonsvolumet betydeleg, og marknadsdynamikken har endra seg. I tillegg har me bygt opp sterke merkevarer som SALMA og BÖMLO. Med heilintegrerte salsorganisasjonar i Salmon Brands og Sjór kan me kombinera inngåande marknads- og merkevarekompetanse med eit velutvikla kundenettverk i eksportmarknadene, seier Einar Eide, adm. dir. i Bremnes Seashore.

– For dei tilsette i Sjor er det heilt rett å halda fram som salsorganisasjon for Bremnes Seashore. Me er glade for å vera ein del av ei familiebedrift, og ikkje eit børsnotert selskap. No er me heilintegrert med ei sjarmerande bedrift i tredje generasjon, ein kvalitetspioner som brukar mykje ressursar på å forska fram innovative produksjonsmetodar som gir betre fiskevelferd og auka berekraft, og eit selskap som er lokalt forankra og gir tilbake til lokalsamfunnet, konstaterer Silje Nilsen, Sjór sin teamleiar for Europa.

Håkon S. Berland (t.v), Hans Petter Berge og Dan Igland ser fram til eit spennande år for Sjór. • Foto: Veronika Stuksrud

Meir spissa mot kvalitet

Ho seier det er fleire grunnar til at dei 48 tilsette er fornøgde med omstillinga. 

– Som ein del av konsernet får me spissa oss endå meir mot kvalitetsprodukt. Kundane våre er svært fornøgde med kvaliteten dei får frå Bremnes Seashore, og mange er villige til å betala ekstra for den. Eg høyrer til dømes frå seljarane våre i Asia at me sikkert kunne selt fem gonger heile produksjonen til Bremnes Seashore berre i Asia, smiler Nilsen, som har jobba i Ocean Quality og Sjór sidan 2013. Ho legg til at Sjór sjølvsagt også har kundar som er meir opptekne av pris enn kvalitet, men desse er ikkje like strategisk viktige for det nye selskapet.

For salsorganisasjonen er det òg inspirerande å bli ein del av eit konsern som ser fordelar med tettare samarbeid med salsleddet – og tydeleg uttrykker eit ønske om dette.

– Mens me tidlegare har fått ansvar for å selja unna dei voluma me har fått servert til best mogleg pris, får me no litt større innverknad på planlegging av produksjonen – i tråd med etterspørselen og svingingane i marknaden. Det er også veldig spennande å jobba tett saman med ein produsent som har eit større fokus på foredling og merkevarebygging, noko me ser er ein viktig del av marknadsutviklinga – der etterspørselen etter foredla produkt aukar, fortel Nilsen.

– Det overordna målet vårt er å bli det føretrekte selskapet for kundar som skal ha norsk laks av ypparste kvalitet.

Silje Nilsen • Teamleiar i Sjór

Med i produktutviklinga

Som fullintegrerte med heile verdikjeda, frå rogn til sluttkunde, vil Sjór-medarbeidarane òg kunna bidra meir aktivt i produktutviklinga til konsernet.

– Me har vore med i produktutvikling tidlegare òg, men tettare samarbeid betyr større moglegheiter for å påverka – i tråd med etterspørselen me opplever. Til dømes er me no med i utviklinga av BÖMLO Criterion, eit nytt og eksklusivt konsept for heil laks som primært er tiltenkt hotell-, restaurant- og cateringsnæringa og fiskebutikkar – distribuert i saman med nøye utvalde samarbeidspartnarar i strategiske marknader. For oss er det veldig motiverande og kult å få vera med på ein slik prosess, der me bidrar til å utvikla eit produkt som har fått god mottaking i marknaden og som me seljarar har stor tru på.

– Kva er ambisjonane til Sjór i tida som kjem?

– Det overordna målet er jo å bli selskapet kundane ringer når dei skal ha laks av ypparste kvalitet. På vegen dit er me no inne i ei heftig omstilling, der me gradvis trappar ned volumet på fisk frå Grieg og går frå å selja 100 000 tonn i året til rundt 75 000 tonn. For oss inneber det ei kompleks tid, der me skal kjøpa ekstern fisk for å supplera volumet me mistar frå Grieg – og det gjeld å gjera denne overgangen så smidig som mogleg for kundane. Håpet vårt er sjølvsagt at Bremnes Seashore klarer å produsera endå meir av den gode laksen sin, forklarer teamleiaren. 

Eg har vore i bransjen i 12 år og er veldig glad i arbeidet mitt. No synest eg det er ei veldig kjekk utfordring å vera med på denne store endringa i selskapet. Eg ser fram til å utvida marknaden og selja meir foredla produkt. Målet mitt er å styrka merkevarene for Sjór i Asia.

Lan Luo • Sales Manager i Sjór

Står på pinne for kundane

Sjór sel både heil laks og foredla produkt. I all hovudsak er det snakk om merkevara BÖMLO, men dei utfyller også Salmon Brands med småskala sal av SALMA. Selskapet er organisert med salsteam for Europa og Asia, samt eit eige team for konseptprodukt og foredla varer. I teama jobbar ein god miks av seljarar og logistikkmedarbeidarar. Eit eige team sørger dessutan for koordinering inn mot pakkeri, og selskapet har dedikerte kvalitets- og finansavdelingar. 

– I tillegg til kvaliteten på fisken, trur eg kundane våre set veldig pris på servicen me gir dei. Den er nok ei viktig årsak til at mange kundeforhold har vart i årevis. Me er på 24 timar i døgnet, og passar på at laksen kjem fram som avtalt. Får me for eksempel vita om ei forseinking seint ein fredag kveld, så informerer me straks kundane om dette og følger det opp, fortel 38-åringen, som skildrar Sjór som eit godt samansveisa, ungt og dynamisk miljø. 

Eit spennande første år

Etter ti år i Grieg-gården, flytta selskapet i 2020 inn i nyoppussa lokale eit par kvartal lenger ute på Nordnes. Dessverre har kontora blitt lite brukt det siste halvåret på grunn av Covid-19-restriksjonane i Bergen, men det håpar Nilsen snart vil snu.

– 2021 blir eit veldig spennande første år for Sjor. Normalt ville me marknadsført oss mykje meir på messer og ute på kundebesøk, men no må det meste takast via telefon, e-post og videokonferanse. Sånn sett blir det interessant å sjå kva me får til dette første året. Så langt i 2021 har resultata vore gode. Me driv i ein takknemleg bransje, der etterspørselen etter laks er god trass pandemien. Eg ser iallfall positivt på framtida, og trur me vil lukkast på vegne av oss og resten av konsernet.