Kombinerte kreativitet og omtanke

Gjorde BÖMLO-suksess i koronastengde Frankrike

Då pandemien ramma Frankrike hardt og brutalt, forsvann 80 prosent av marknaden til Eidis og Tone i salsselskapet Saveurs de Norvège. Gjennom intens telefonering og kreativ marknadsføring greidde dei likevel å oppretthalda salsvoluma. Rolegare dagar brukte dei driftige damene til innsats for slitne, svoltne og utstyrstrengande helsearbeidarar.
Eidis Wejset Biehler (t.v.) og Tone Flisnes Allibe er godt fornøgde med ein samla vekst på 15 prosent i filetsalet i 2020, og at totalvolumet berre gjekk ned med fem prosent gjennom heile koronaåret. 

Saveurs de Norvège, «Smaker av Norge», er eit lite fransk firma som spesialiserer seg på norske høgkvalitetsprodukt til den franske marknaden – drive av dei to norske kvinnene Tone Flisnes Allibe og Eidis Wejset Biehler. Dei siste sju åra har duoen fungert som Bremnes Seashore sin forlenga arm i delar av Frankrike, der dei har jobba intenst med å gjera BÖMLO til ei sterk merkevare i det gastronomiske miljøet.

Ved inngangen til 2020 kom 80 prosent av omsetninga frå restaurantar. Men då koronaen for alvor blømde opp i februar og Frankrike stengde ned, forsvann størstedelen av dette kundegrunnlaget. Berre eit fåtal restaurantar som starta take-away, og den eine daglegvarekjeda selskapet samarbeider med, var att.

Tøffe tider

– Dei to første vekene var forferdelege, på alle måtar. Ut vindauget kunne me sjå sjukebilar og helikopter køyra i skytteltrafikk med koronapasientar til sjukehusa. Alsace-provinsen, der eg bur, har vore eit av dei hardast ramma områda i Frankrike med over 1400 dødsfall berre mellom februar og juni i fjor, fortel Eidis.

Å driva business i ein slik situasjon var heller ikkje lett. Med portforbod, strenge reiserestriksjonar og stengde restaurantar, kunne dei ikkje lenger reisa rundt og promotera BÖMLO for grossistar og kokkar – ein viktig del av ei normal arbeidsveke.

– Løysinga blei å hiva seg på telefonen til kundane. I desse samtalane fekk me både framsnakka BÖMLO, men òg vore litt psykologar og vist at me bryr oss som medmenneske. Etter kvart fekk me løn for strevet i daglegvaresegmentet. Med mange heimekokkar som ønskte kvalitetslaks, lukkast me med å få innpass i stadig fleire butikkar, minnest dei to.

Eidis Wejset Biehler i gang med å sy munnbind.

For å skapa litt ekstra BÖMLO-blest i daglegvarehandelen, klekte duoen også ut fleire kreative marknadsføringsstunt gjennom året. Av eit lass med BÖMLO-halsar handsydde dei og døtrene til Tone smitteverngodkjende munnbind til fiskesjefar og butikkpersonale. Dei fekk også laga BÖMLO-profilerte kjøleposar i filet-storleik som butikkane delte ut til kundane saman med laksen. Til jul samarbeidde Tone og Eidis med eit lokalt familiebakeri, og sendte ut svære norsk-franske peparkaker i julegåve til kundane. På Valentin-dagen i år fekk handlande franskmenn med seg små hjarteforma boksar med sesamfrø attåt BÖMLO-laksen sin.

Gav resultat

– Me har alltid vore opptekne av å bygga opp det unike, emosjonelle og personlege aspektet ved BÖMLO: Dette er laks du kjøper direkte frå den lokale, familieeigde kvalitetsoppdrettaren – ikkje frå storprodusenten. Det fekk me underbygd med stunta våre, samstundes som me viste at me og Bremnes Seashore bryr oss om kundane og medmenneska våre, seier duoen.

Den utrøyttelege telefoneringa, marknadsstunta og profileringa gav resultat. Trass i pandemi og stengde restaurantar, selde dei meir BÖMLO i desember 2020 enn nokon gong før.

– Når me tenker på at 80 prosent av verksemda vår er restaurantmarknaden, er me godt fornøgde med ein samla vekst på 15 prosent i filetsalet i 2020, og at totalvolumet vårt berre gjekk ned med fem prosent gjennom heile koronaåret. Det viser at me skil oss ut i marknaden med eit betre produkt og betre oppfølging, meiner Tone og Eidis.

Hjelpte helsepersonell med mat og smittevernutstyr

At dei bryr seg om andre, viste dei òg på andre måtar.

– Då pandemien ramma Alsace med full kraft, fekk me i samarbeid med grossistane og Bremnes Seashore gitt nærare eitt tonn BÖMLO til lokale cateringselskap så dei kunne laga middagsrettar til slitne og svoltne ambulanse- og helsearbeidarar. Med ekstrem mangel på smittevernutstyr, brukte me òg ledige stunder til å sy nærare hundre smittevernfrakkar til lokalt helsevesen, fortel Eidis og Tone, som bur i høvesvis Strasbourg og Grenoble.

Eidis Wejset Biehler i Saveurs de Norvège (midten) fekk med seg familie og vener på løpetur i det alsasiske landskapet. Lydia Schott (f.v) Tina Biehler, Jean Marc Biehler og Laurent Rohmer.

I juni sponsa dei franske grossistar og kundar ved deltaking i eit virtuelt løp til inntekt for franske ambulanse- og helsearbeidarar. Her stilte også Bremnes Seashore opp med løparar, slik at laget til slutt talde 160 personar.

– Løpet blei ei skikkeleg kul greie, noko mange trengte etter den første lockdown-perioden. Det blei ei fin norsk-fransk «forbrødring» som blei omtalt på tv, og mange her nede var imponerte av at folk utanfor Frankrike engasjerte seg, minnest dei to.

– Korleis har det vore å leva med så stort smittepress og strenge tiltak?

– Det har vore tøft. Isolasjon og portforbod er no ein ting, men me kjenner mange som har hatt Covid-19, og alle her nede kjenner nokon som direkte eller indirekte har mista nære og kjære i pandemien. Ein fiskesjef me samarbeider tett med mista for eksempel begge foreldra sine, og mannen min hadde ein medarbeidar som døydde i ung alder. Då blir me litt oppgitte over nordmenn som synest det er så forferdeleg heime i gamlelandet, vedgår Eidis.

– Men trass mykje tristesse, er me ukuelege optimistar og har valt å gjera det beste ut av situasjonen. No ser me fram til lysare tider. I dag er faktisk første gongen me er saman på over eitt år, og me skal til og med møta ein kunde til lunsj i trygge rammer ute på terrassen. Kanskje får restaurantane opna igjen til sommaren… Det blir bra til slutt, trur Eidis og Tone.