Me skal vidare opp og fram!

Det er ikkje til å koma unna at 2020 blei eit høgst spesielt år. Både privat og profesjonelt skapte koronaen vanskar for mange. Eg er derfor skikkeleg stolt over innsatsen til alle tilsette i konsernet, som stod på og sikra eit godt resultat i ei ekstra vanskeleg og annleis tid. Dette viser endringsvilje og fokus på godt smittevern som me har all grunn til å vera stolte av. Det er iallfall eg! Hjartans takk for innsatsen!

Me har i alle år våga å staka ut vår eigen kurs for å bli den føretrekte leverandøren av kvalitetslaks. Vår langsiktige og strategiske satsing på kvalitet og dei sterke merkevarene SALMA og BÖMLO, viser no att ved at me får godt betalt for fisken sjølv i vanskelege tider. Investeringane i større smolt har også bore frukter, og me ser betre biologi og mindre dødelegheit i sjøen. Dette er noko me skal bygga vidare på. Eg trur ikkje det er mange andre som kan visa til snittvekt på rundt 500 gram før laksesmolten blir sett i sjøen. I tillegg har me dei siste åra òg tatt interne grep i form av å styrka innkjøps- og utviklingsavdelinga og å skjerpa kostnads- og samarbeidsfokuset. Me er difor godt rusta for åra som kjem.

Allereie før koronaen festa grepet, såg me ei endring i kvalitetsomgrepet ute hos kundane. Frå å handla om rein kjøtkvalitet, har kvalitetslaks utvida seg til òg å innehalda berekraftsomsyn og eit fokus på sunn mat. Denne nye måten å tenka kvalitet på har fått eit endå sterkare fotfeste gjennom 2020. Me ser at stadig fleire kundar er villige til å betala for kvalitet – og gjerne i form av foredla vare. Denne utviklinga er me godt posisjonerte til å byggja vidare på gjennom den kontinuerlege satsinga vår på merkevarebygging gjennom SALMA og BÖMLO, berekraft og fiskevelferd, og styret har i 2021 også vedteke ei betydeleg utviding av foredlingskapasiteten til konsernet.

For å få avsetting på laksen vår, er me avhengige av eit godt salsapparat. Me skilde i 2020 lag med Grieg Seafood i salsarbeidet, og overtok den norske og asiatiske delen av Ocean Quality-organisasjonen. Medarbeidarane er no innlemma som ein heileigd del av konsernet under namnet Sjór, velkomen skal de vera! Gjennom Sjór og Salmon Brands har me no eit solid salsapparat som er fullt integrert i heile verdikjeda frå rogn til sluttkunde, noko som gjer at me kan koordinera selskapa betre i dei ulike marknadene. Dette vil ha stor verdi for oss i marknadsarbeidet i åra som kjem.

Ei anna spennande satsing i 2020, var medeigarskapen vår i Salmon Group. Dette nettverket av lokalt forankra oppdrettsselskap gir oss ikkje berre tilgang på nytt og meir berekraftig fôr, men òg tilgang på viktig kunnskap, erfaring og påverknadskraft. Me har i tillegg gått inn i Happy Prawns, selskapet som har starta forsøket på å få i gang kommersiell kongerekeproduksjon. Reker er ein av verdas største oppdrettsartar, og eg har stor tru på berekraftige, lokalproduserte kongereker frå Sirevåg i Rogaland.

Koronaen har i skrivande stund ikkje sleppt taket på oss. Eg ser fram til den dagen han gjer det. Konsernet vil då vera i ein god posisjon, og når eg ser kva me saman får til i eit vanskeleg år som 2020, kjenner eg meg trygg på at me vil halda fram den positive utviklinga når verda vender tilbake til normalen igjen.

Tusen takk for ditt bidrag i 2020. Me er godt posisjonert for å vera fremst i utviklinga av oppdrettsnæringa, og me skal vidare opp og fram!

Olav Svendsen • konsernsjef, Bremnes Fryseri