Bidrog til betre havhelse

Rydda strender og sjø for plast og bildekk

Som verksemd driv me med og i havet, og som alle andre som lever langs kysten er me avhengige av eit friskt hav.
Linn Therese Erve, ordførar i Sveio, er nøgd med innsatsen til Bremnes Seashore.

Ein måte me bidrar til å halda havet reint, er gjennom deltaking i strandryddeaksjonar i kommunane der me har drift. Dette har me gjort sidan 2018, enten som arrangør eller deltakar. I 2020 var me med på Bømlo kommune og Sveio Frivilligsentral sine strandryddeaksjonar.

Play Video

Ryddeaksjon langs kysten i Sveio

På desse to aksjonane stilte me med båtane MS «Ida», MS «Gerd M» og MS «Siv» med mannskap. Sveio Frivilligsentral sin aksjon var ein del av TV-aksjonen til NRK for 2020, som gjekk til WWF sitt arbeid mot plast i havet. 

MS «Ida» heiser på land bildekk som er henta opp frå sjøen

Til aksjonen i Sveio hadde me lova å gi 100 kroner for kvar sekk som blei fylt med marint søppel og kvart dekk me henta opp. Det blei til saman plukka om lag eitt tonn bos og 70 dekk. Basert på dette gav me 30 600 kr til TV-aksjonen. I tillegg støtta me òg TV-aksjonen sin innsats mot plast i havet med ytterlegare 15 000 kroner.

Sveio-ordførar Linn Therese Erve var nøgd med at Bremnes Seashore deltok i aksjonen og sa at «Bremnes Seashore går føre med eit godt eksempel. Dei set klima og miljø høgt på agendaen og satsar deretter». 

Magnar Ervik, ein av driftsleiarane våre i Sveio, synest det er veldig kjekt å bidra til eit betre miljø rundt arbeidsplassen sin og i nærmiljøet gjennom slike aksjonar. Han ser også at når dei same strendene blir rydda år for år, så blir det mindre boss over tid.