Eitt år på heimekontor

– Saknar kollegaene mine

Då Noreg stengde ned i mars 2020, blei marknadskoordinator Christiane Bjørnstad i Salmon Brands sendt på heimekontor. Der blei ho verande.
– Å få møta kollegaene mine er det eg saknar aller mest frå jobben. Christiane Bjørnstad

– Med unntak av nokre dagar på kontoret då restriksjonane letta ein kort periode etter sommarferien, har eg jobba heimanfrå i godt og vel eitt år no, fortel Christiane ved inngangen til mars 2021.

Soverommet blei møterom

– Korleis har det vore?

– Det har eigentleg fungert overraskande bra. Teamet mitt fekk raskt den nye kvardagen til å fungera. Og sidan eg til vanleg utfører mykje av jobben på PC-en, føler eg at eg får arbeidd like godt som på kontoret. Ofte kjenner eg meg faktisk meir effektiv på heimekontoret, fortel Christiane.

Sjølv om ho og kollegaene har ein låg terskel for å ringa kvarandre på Teams, anten det er for jobbrelaterte spørsmål eller berre litt kaffiprat, lengtar ho tilbake til gjengen og det sosiale livet på kontoret.

– Å få møta kollegaene mine er det eg saknar aller mest frå jobben. Det å kunna slå av ein prat, ansikt til ansikt. Ha fysiske møte med kollegaer og samarbeidspartnarar. Klemma folk. Å forlata leilegheita om morgonen for å dra på kontoret… 

– Når det er sagt, er eg heldig og har sambuaren min heime i same situasjon. Sjølv om det ikkje er heilt utan utfordringar å vera to på heimekontor i ein toroms i Oslo, der soverommet fungerer som møterom, er det veldig godt å vera saman. Eg trur det hadde blitt veldig stille og einsamt om eg skulle sete heilt åleine sidan mars i fjor, seier 27-åringen, som oppsummerer 2020 som eit «rart år».

– Heimekontor er sjølvsagt ikkje optimalt. Men, mennesket er tilpassingsdyktig og me skaper oss nye vanar og rutinar som gjer at den nye kvardagen blir ganske grei. Sjølv har eg stått opp til same tid som før, men i staden for å farta til kontoret bruker eg denne tida til ein god morgonkaffi eller ei økt med yoga.

Set pris på dei små gledene

Med stengde kjøpe- og treningssenter, restaurantar og kinoar i lengre periodar, har òg fritida og det sosiale livet utanom jobb endra seg radikalt i hovudstaden.

– Eg har fått nokre sosiale drypp, altså. Samtidig er kanskje det mest sosiale eg har gjort dette siste året å gå tur med venninner eller kjærasten, fortel marknadskoordinatoren, som har slått seg til ro med at slik blei 2020 og inngangen på 2021.

– Det er ikkje noko me får gjort med det, så då får me heller prøva å gjera det beste ut av situasjonen og setta pris på dei små gledene ved å vera meir heime: Laga god mat, sjå gode filmar og seriar, vera saman med næraste familie og vener. Eg har foreldre og søsken like utanfor Oslo, så dei har eg fått sett. I sum synest eg derfor at eg har kome godt ut av koronaåret. Det er mange som ikkje er like heldige, reflekterer Christiane.