Barnehage med eigen lakseavtale

Smårollingar med laks på menyen

Mathilde likar å ha laks på menyen.

Mange barnehagar i kommunane me driv i har fisk på menyen. Ein av desse er Skjold barnehage, og hausten 2020 spurde dei settefiskproduksjonen vår i Trovåg – der rundt seks millionar SALMA-rekruttar sym rundt i det topp moderne RAS-alegget – om dei kunne få kjøpa laks frå Bremnes Seashore på fast basis. 

Ludvik kosar seg med lakselunsj ute i det fri.

Dette sa me sjølvsagt ja til, sidan me vil at barn både skal få eta sunn og god mat og læra om laks. I løpet av nokre veker klarte me saman med Trovåg-gjengen å komma fram til eit godt opplegg for levering av laks til barn og tilsette. Sidan barnehagen ikkje har så stor frysekapasitet, blei løysinga at me oppbevarer fisken på Trovåg for dei og tiner opp den mengda barnehagen treng kvar gong laks står på menyen.

Første bestillinga var på 37 kg, og frå barnehagen får me høyra at små og store er svært fornøgde med fisken. Saman har dei mellom anna laga omnsbakt laks, grønsaker og poteter steikt på bålpanne, fiskesuppe og gratinert fiskegryte i omn.