Styret si årsmelding for 2020

Nøkkeltal og høgdepunkt

(i millionar NOK, med mindre anna er opplyst)

202020192018
Finansiell informasjon
Sum inntekter3 147,62 863,52 636,9
Resultat før finanspostar og skattekostnad165,8230,8198,5
Årets resultat130,7184,0165,2
Kortsiktig gjeld613,8544,1539,7
Langsiktig finansiell gjeld548,6562,8566,8
Netto renteberande gjeld230,1489,6665,6
Sum eigedeler2 890,32 774,22 625,5
Eigenkapital1 591,21 497,51 363,7
Netto gjeld over sysselsett kapital10,1 %22,0 %31,9 %
Berekna ROACE7,4 %10,7 %9,6 %
Operasjonell informasjon
Slaktevolum laks (mt gwt)27 795,528 444,022 684,2
Ståande biomasse sjø (mt lw)18 225,917 856,816 984,9
Gjennomsnittleg MTB-utnytting95,7 %93,1 %91,8 %

2020 OPPSUMERT

Fjoråret var eit rekordår for omsetninga til konsernet, med totale inntekter på 3 147,6 millionar kroner. Det er ein auke på 9,9 % samanlikna med 2019. Omsetningsauken kjem som eit resultat av 17,5 % auke i heilfisksalet og 11,3 % auke i salet av foredla varer. Samtidig vart dei realiserte råstoffprisane reduserte med 7,6 % som følgje av eit vedvarande høgt tilbod av laks, kombinert med stor uvisse i marknaden med heil eller delvis stenging av viktige segment som følgje av den pågåande covid-19-pandemien. Denne kombinasjonen av lågare salsprisar og redusert slaktevolum er hovuddrivaren for redusert lønnsemd i 2020. God kontraktsandel og høgt volum av foredla varer bidrog til at konsernet oppnådde gode prisar gjennom 2020.

Oppdrettsaktiviteten vår hadde god produksjon med høg konsesjonsutnytting. I gjennomsnitt oppnådde me ein produksjon per konsesjon på 1 330 tonn, noko som er den høgaste produksjonen dei siste sju åra. Samtidig oppnådde me eit slaktevolum på 27 795 tonn, ein reduksjon på 2 % samanlikna med 2019. Den gode produksjonen fekk me til gjennom forbetringar i aktivitetane vår i sjø – sterkt drivne av større smolt, redusert produksjonstid og betre konsesjonsutnytting gjennom høgare og meir stabil biomasse. Verktøy som fjernstyrt fôring har bidratt til auka grad av spesialisering, noko som viser igjen på både produksjon og resultat. Slike tiltak, som bidreg til styrkt kontroll og meir føreseieleg fôring og biologisk utvikling, vil sikra at den stabile veksten held fram. Kostnadsbiletet på slakta fisk var prega av enkelte grupper som drog gjennomsnittet sterkt opp, medan kostnad til behaldning har gått drastisk ned gjennom året.

Merkevarene SALMA og BÖMLO omsette samla på rekordnivå, med eit totalvolum på 3 970 tonn ferdigvarer. Ein slik produksjon kravde råstoff tilsvarande 26,6 % av heile slaktevolumet til konsernet i 2020. Trass i ein skiftande og krevjande marknad i 2020, har salsapparata i Salmon Brands og Ocean Quality – som no heiter Sjór – levert gode meirverdiar for konsernet.

Styrkt konkurranseevne og posisjonering er eit viktig innsatsområde, og konsernet har sett i verk fleire tiltak for kostnadsrasjonalisering og effektivisering av produksjonen til dei foredla produkta. Trass høge råvareprisar klarte foredlingsverksemda å skapa meirverdiar gjennom streng ressursstyring i produksjon og godt marknadsarbeid. Totalt 7 388 tonn råstoff blei foredla gjennom året.

Me nyskapar og arbeider hardt for å industrialisera eigen produksjon gjennom auka produksjonskontroll og digitalisering. Me lanserer produkt som set standarden i sine marknader. Me driv med høgast integritet og er forplikta til etterleving. Me investerer i våre tilsette og utviklar eigne talent. Dette er alle gode eksempel på etterleving av verdiane våre – truverd, arbeidsglede og utvikling – noko som gir god grobotn for forventningar til fortsetjinga.

Kvednavikjo

BREMNES FRYSERI-KONSERNET

Bremnes Fryseri har hovudkontor i Bømlo kommune, med produksjonsavdelingar i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, og salskontor i Bergen, Oslo, Stockholm, Paris og Shanghai. Verksemda til konsernet omfattar i all hovudsak oppdrett av settefisk og matfisk, samt slakting, pakking, frysing, foredling og sal av oppdrettslaks og lakseprodukt.

Visjonen vår er å setja den nye globale standarden for kvalitetslaks. For å verkeleggjera denne visjonen må me vera best på kvalitet, etisk standard og berekraftig miljøarbeid – med eit fokus retta mot ferskheit, hygiene, fiskevelferd, kunnskap og innovasjonsevne. Som føregangsbedrift for kvalitetslaks må me òg styrka posisjonen vår som ein leiande leverandør, med høgast tilfredsheit hos utvalde kundegrupper i den globale marknaden. For å klara dette, tar me mål av oss å dra nytte av heile den integrerte verdikjeda og å leia an i utviklinga av kvalitetsfremmande produksjonstiltak. Ved å fokusera på endå betre samhandling, sikrar me langsiktig verdiskaping for våre kundar og konsernet gjennom optimal drift, sterk konkurransekraft, auka produksjonsvolum, reduserte kostnadar og auka volum av foredla varer. 

Det strategiske fokuset for konsernet omfattar berekraft, auka verdi på produksjonen, styrkt kostnadskontroll, samt å skapa meirverdi gjennom merkevarer og konsept. Det er avgjerande for konsernet å sikra ein berekraftig lakseproduksjon i sjø, og at ressursane våre blir brukte i samsvar med dette. Me set likskapsteikn mellom berekraft og lønnsemd, og berekraftsfokuset vårt kjem til uttrykk gjennom dei krav me set til samarbeidspartnarar i heile verdikjeda, innovasjonskulturen vår, samt i arbeidet vårt for å sikra gode og trygge arbeidsplassar gjennom ein berekraftig og lønnsam produksjon og lokal verdiskaping. Gjennom investering i stor smolt, utvida samarbeid med naturlege partnarar i bransjen og målretta organisering, har me ambisjon om å betra biologiske føresetnader, auka overlevinga og heva produksjonen i sjø for eksisterande løyve. 

Lågare produksjonskostnad oppnår me gjennom betre kapasitetsutnytting i produksjonen og tilrettelegging for optimalt produksjonsfokus. Etablering av innkjøpsfunksjon, styrking av utviklingsarbeidet som støttefunksjon, aktivitetsbasert organisering, implementering av nye digitale løysningar og auka grad av automasjon, er viktige tiltak som vil bidra til meir effektiv drift gjennom støtte og frigjering av kapasitetar i verdiskapingsleddet. Å skapa meirverdi av laksen gjennom attraktive produkt for konsumentmarknaden skjer gjennom innovasjon og foredling av råstoff av høgaste kvalitet – i ein produksjon med høg automatiseringsgrad og strenge hygienekrav. Satsing på produkt som er attraktive for betalingsvillige kundar, og innovasjonar som genererer auka lønnsemd, sikrar meirverdi for konsernet.

Me har tru på at felles fokus og betre samhandling vil vera forløysande for å henta ut potensialet i organisasjonen, slik at me realiserer visjonen til konsernet.

FINANSIELLE RESULTAT

Dei finansielle resultata er skapt i interaksjonen mellom menneske, natur og teknologi. Langsiktig suksess kviler på eit godt samspel mellom desse, samt ein vekst basert på miljømessig og finansiell berekraft.

KONSERNRESULTAT  

Omsetning og volum

Omsetninga for 2020 var NOK 3 147,6 millionar, som var ein auke på 9,9 %, eller NOK 284,1 millionar, samanlikna med omsetninga på NOK 2 863,5 millionar i 2019. Veksten kom frå auka aktivitetsnivå på land, og ein auke i volumet av ekstern fisk. Omsetninga var den høgaste i konsernet si historie. Den gjennomsnittlege lakseprisen gjekk ned med 10,2 % i 2020, samanlikna med 2019.

Konsernet hadde eit slaktevolum på 27 795 tonn fisk i 2020. Dette er en reduksjon på 649 tonn frå året før. I tillegg vart det prosessert 25 558 tonn ekstern fisk gjennom året, noko som er ein auke på 9 784 tonn, eller 62,0 %, samanlikna med 2019.

Fordeling av omsetnad per segment

0%

VAP*

* value added product / foredla produkt

0%

Heilfisk

0%

Settefisk

Materialkostnad

Varekostnaden for 2019 enda på NOK 1 749,0 millionar, ein auke på 6,9 %, eller NOK 113,3 millionar, samanlikna med materialkostnaden på NOK 1 635,7 millionar i 2018. Auken kom hovudsakleg frå høgare kostnader relatert til auka volum av eigenprodusert laks – kombinert med fiskehelse og -fôr i sjøproduksjonen.Varekostnaden for 2020 enda på NOK 2071,8 millionar, ein auke på 18,5 %, eller NOK 332,8 millionar, samanlikna med varekostnaden på NOK 1 749,0 millionar i 2019. Auken kom hovudsakleg frå auka volum av ekstern fisk og høgare kostnader relatert til auka volum av eigenprodusert laks – kombinert med fiskehelsetiltak og fôr i sjøproduksjonen.Varekostnaden for 2019 enda på NOK 1 749,0 millionar, ein auke på 6,9 %, eller NOK 113,3 millionar, samanlikna med materialkostnaden på NOK 1 635,7 millionar i 2018. Auken kom hovudsakleg frå høgare kostnader relatert til auka volum av eigenprodusert laks – kombinert med fiskehelse og -fôr i sjøproduksjonen.

Løns- og personalkostnader

Totale løns- og personalkostnader for 2020 var NOK 342,3 millionar, som var ein auke på 5,8 %, eller NOK 18,7 millionar, samanlikna med NOK 323,7 millionar i 2019. Auken kom hovudsakleg frå vekst i årsverk og lønsvekst. Netto auke i 2020 var 57,7 årsverk inkludert innleigd arbeidskraft. 

Andre driftskostnader

Samanlikna med 2019 auka andre driftskostnader med NOK 17,0 millionar, eller 4,6 %, gjennom 2020. Dei auka kostnadene kom hovudsakleg frå høgare vedlikehaldskostnader og auka kostnader relatert til ein situasjon med vanskeleg tilgang på brønnbåtkapasitet til lusebehandling.

Driftsresultat før finanskostnader (EBIT)

Som eit resultat av hovudsakleg lågare salsprisar, vart EBIT i 2020 NOK 165,8 millionar – ein reduksjon på 28,2 % samanlikna med NOK 230,8 millionar i 2019. 

Avkastning på sysselsett kapital (ROCE)

ROCE var 7,3 % for 2020, ein reduksjon frå 10,4 % i 2019. Reduksjonen kom som eit resultat av lågare driftsmarginar justert for ekstraordinære nedskrivingar på biomasse og utstyr, trass i eit sterkt fokus på produksjon. Det langsiktige målet er ein ROCE på over 12 %.

Krossholmen

Finanskostnader

For 2020 vart finanskostnadene redusert med 5,2 % til NOK 29,4 millionar, samanlikna med NOK 31,0 millionar i 2019. Gjennomsnittleg renteberande gjeld i 2020 var NOK 359,9 millionar, ein reduksjon samanlikna med NOK 577,6 millionar i 2019. Netto renteberande gjeld per 31.12.2020 var totalt NOK 230,1 millionar.

Konsernet er eksponert for finansiell risiko i form av marknadsrisiko, valutarisiko, kredittrisiko og likviditetsrisiko. I den grad konsernet har sett det som naudsynt, har ein styrt risikoen ved bruk av finansielle instrument og forsikringsordningar.

Skatt

For 2020 vart skattekostnaden på NOK 32,8 millionar, samanlikna med NOK 46,0 millionar i 2019. 

KONSESJONAR

Konsernet har 21 ordinære konsesjonar i tillegg til tre FoU-konsesjonar. Den bokførte verdien av konsesjonsrettane er i årsrekneskapen oppført med NOK 198,1 millionar for 2020, ein auke på NOK 109,9 millionar frå 2019. Auken kjem frå kjøp av 591 tonn MTB i samband med auksjon av produksjonsløyve. Målt i NOK per kg produsert laks utgjer dette NOK 6,72. Den gjennomsnittlege netto utnyttinga av konsesjonane utgjer 95,7 % i 2020. Samanlikna med 93,1 % i 2019, er dette ein auke som kjem som ein kombinasjon av auka produksjon og brakkleggingsperiodar. Det er ei forventning om at utnyttinga vil haldast på tilsvarande nivå i komande år. Eit viktig element i denne samanheng er satsinga på større gjennomsnittsvekt på smolt som vert sett ut, noko som vil bidra til kortare produksjonstid i sjø og auka hausting per konsesjon.

LIKVIDITET OG KAPITALRESSURSAR

Dei viktigaste likviditetsressursane våre er kontantbehaldning, inntekter frå drift, og til ein viss grad banklån. Likviditetsbehovet kjem hovudsakleg gjennom varekostnader, inkludert ekstern fisk og fiskefôr, investeringar, anna arbeidskapital, og kapitalkostnader for handsaming av gjeld og utbytte. Dagens behaldning av kontantar er tilstrekkeleg for å dekka arbeidskapitalbehova i ordinær verksemd.

Netto renteberande gjeld var NOK 230,1 millionar per 31. desember 2020, mot NOK 489,6 millionar for same tidspunkt i 2019. Reduksjonen kjem gjennom sterkare kontantstraum frå drift, og reduserte kundefordringar. Netto gjeld over sysselsett kapital utgjorde 10,1 % for 2020, medan tilsvarande forhold var 22,0 % i 2019.

KONTANTSTRAUM

Kontantstraum frå drift

For 2020 enda kontantstraum frå drift på NOK 464,8 millionar, samanlikna med NOK 398,2 millionar for 2019. Auken kom frå reduksjon av varelager og kundefordringar, trass i lågare slaktevolum og salsprisar.

Kontantstraum frå investeringar

Kontantstraum frå investeringar var NOK -176,6 millionar for 2020, mot NOK -172,2 millionar i 2019. Dette inkluderer innbetalingar frå sal av behandlingsbåten MS «Eva Elisabeth» til Amar Shipping.

Kontantstraum frå finansiering

Kontantstraum frå finansiering var NOK -43,0 millionar for 2020, samanlikna med NOK -204,6 millionar i 2019. Av dette utgjorde utbytte NOK 40,0 millionar og nedregulering av gjeld NOK 3,0 millionar.

ÅRSRESULTAT

Resultatet etter skatt vart NOK 130,7 millionar. Dette er ein reduksjon på NOK 53,3 millionar samanlikna med NOK 184,0 millionar i 2019.

UTBYTTE

Bremnes Fryseri utbetalte eit utbytte per aksje på NOK 65,57 i 2020. I 2019 var utbytte NOK 81,97 per aksje.

Konsolidert resultatrapport

NOK million% av omsetnad
2020201920202019
Inntekter3 147,62 863,5100,0 %100,0 %
Varekostnad-2 071,8-1 749,0-65,8 %-61,1 %
Løns- og personalkostnad-342,3-323,7-10,9 %-11,3 %
Annan kostnad-383,8-366,8-12,2 %-12,8 %
Av- og nedskriving-183,8-193,2-5,8 %-6,7 %
Driftsresultat før finanskostnader (EBIT)165,8230,85,3 %8,1 %
Inntekt frå investeringar i tilknytte selskap27,228,50,9 %1,0 %
Rentekostnad-29,4-31,0-0,9 %-1,1 %
Andre finansielle kostnadar-0,21,60,0 %0,1 %
Resultat før skatt163,5230,05,2 %8,0 %
Skatt-32,8-46,0-1,0 %-1,6 %
Årsresultat130,7184,04,2 %6,4 %
ROCE7,3 %10,4 %

DISPONERING AV RESULTAT

På den komande generalforsamlinga vil styret foreslå at årsresultatet på NOK 130,7 millionar skal disponerast som følgjer: Det vart utbetalt eit utbytte på NOK 40 millionar i 2020. NOK 90,7 millionar skal overførast til anna eigenkapital.

VIDARE DRIFT

Med bakgrunn i dei finansielle resultata, vert det i samsvar med rekneskapslova § 3-3a stadfesta at føresetnaden om vidare drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen, og at rekneskapen gir eit rettmessig bilete av konsernet sine eigedelar, gjeld, finansielle posisjon og resultat. Stadfestinga er basert på rapporterte resultat og konsernet sin strategi, finansielle situasjon og etablerte budsjett.

MS «Ronja Christopher» på veg ut frå Trovåg.

BEREKRAFT

I store delar av verda er det eit stadig aukande fokus på berekraft og industriell verdiskaping. Samstundes får stadig fleire menneske ein betre levestandard, noko som vil krevja at framtidig matproduksjon møter auka global etterspørsel på ein berekraftig måte. Sjømat, og særskilt akvakultur, må i framtida stå for ein større del av verdas matproduksjon.

I Bremnes Fryseri set me likskapsteikn mellom berekraft og lønnsemd. For langsiktig vekst og utvikling av konsernet og bransjen, er det avgjerande at drifta skjer i tråd med miljø- og klimakrav. Styret si oppgåve er å sikra at denne etikken vert ivaretatt etter beste evne, og derfor er også berekraft etablert som eit viktig fokusområde i strategien til konsernet. Dette krev stort fokus på rømmingssikker produksjon, biologisk mangfald, rett bruk av medikament, fiskehelse, samt berekraftig energi- og råvareutnytting og logistikk. 

I tillegg til krav frå styresmakter, møter me heile tida sterkare krav frå kundar og forbrukarar. For å byggja vidare på posisjonen til dei marknadsleiande merkevarene våre, vil Bremnes Fryseri søka å stå fremst i næringa si berekraftige utvikling.

Produksjon av laks er kjøttproduksjon med eit lågt CO2-utlepp. Me må likevel arbeida systematisk for å redusera utsleppa, både frå fôr, produksjon og transport. Dette har me gjort ved å gå over til fôr med lågare utslepp, ved å gå over frå diesel til elektrisitet som energikjelde i sjøverksemda, og ved å transportera produkta på måtar som gir mindre utslepp. Klimaomstillingsarbeidet vil halda fram dei neste åra.

Det er eit mål at oppdrettsverksemda blir driven forsvarleg i forhold til miljømessige mål. Konsernet overvaker nøye sjøkvalitet og påverknad av botnforholda rundt anlegga for å sikra ei berekraftig drift med minimalt fotavtrykk på miljøet.

Lakselus har òg i 2020 vore ei utfordring for selskapet. For å møta utfordringane på ein betre måte, har me gjennomført ei rekke tiltak med blant anna satsing på førebyggande og ikkje-medikamentell behandling mot lakselus. Me har i 2020 lukkast med å redusera dødelegheit i produksjonen betydeleg. 

Berekraftsatsinga vår kjem òg til uttrykk i krava me stiller til samarbeidspartnarar i heile verdikjeda, innovasjonskulturen vår, samt i arbeidet vårt for å sikra gode, trygge og utviklande arbeidsplassar som genererer lokal verdiskaping. Me forventar auka merksemd rundt tilhøva for menneske som blir påverka av bedrifter si verksemd, også i leverandørkjeda. 

FORSKING OG UTVIKLING

I konsernet har me som målsetting å driva aktivt med forsking og utvikling (FoU), og 2020 har også vore eit aktivt år på den fronten. Dette er viktig for å oppnå berekraftig vekst i bransjen gjennom god biologisk produksjon og eit mest mogleg klima- og miljøvenleg fotavtrykk. Arbeidet har i tillegg vore konsentrert rundt utvikling og forbetring av kvalitet og berekraft i slakte- og foredlingsprosessen, utvikling av nye foredla høgkvalitets merkevarer, samt arbeid med å utnytte heile råstoffet til menneskemat. Dette arbeidet har ei klar kopling mot vår visjon om å setja den nye globale standarden for kvalitetslaks, og fokus på berekraft og merkevarer.

Selskapet sine FoU-aktivitetar blir utførte i nært samarbeid med norske forskingsmiljø, og det er oppretta ei eiga utviklingsavdeling for å samla FoU-ressursane i konsernet og auka samhandlinga på tvers av forretningssegmenta.

HELSE, MILJØ OG SIKKERHEIT

HMS-arbeidet held fram kontinuerleg. Det er viktig for Bremnes Fryseri-konsernet å ha ein levande og innarbeidd HMS-kultur. Konsernet har to hovudverneombod og ti verneombod fordelt i organisasjonen. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har halde fire møte i 2020. Operativ verksemd har høgt fokus på sikkerheit, og det er investert mykje i nytt og sikkert utstyr. Som følgje av covid-19-pandemien, blei òg styrking av smittevernet ein heilt sentral del av HMS-arbeidet, og konsernet har gjennom året innført ei rekke smittereduserande tiltak. I tillegg har konsernet auka ressursane for å sikra trygge arbeidsforhold og god kapasitet til dagleg drift og oppfølging.

Trygt Heim-omgrepet står sterkt i organisasjonen, og har som mål å understreka fokuset på arbeidstryggleik for dei tilsette. Alle skal jobba så sikkert at dei sjølv og kollegaene kjem trygt heim kvar dag. Styret har stor tru på at gode haldningar som speglar seg i åtferd og gode val er nøkkelen til førebygging av alvorlege skadar, og har som mål å skapa ein kultur der dei tilsette tek ansvar for både eiga og andre si sikkerheit. For å styrka dette haldningsarbeidet er oppfølging av registrerte sikkerheitsobservasjonar, meir erfaringsutveksling og tett samarbeid med verneomboda ein viktig del av HMS-arbeidet.

Målet til Bremnes Fryseri er null skadar. Sikkerheita til dei tilsette og eit sunt arbeidsmiljø står høgt på styret sin agenda, og styret vil ikkje akseptera at ein går på kompromiss med tryggleiken for å møta andre driftsmål. Samla sjukefråvær utgjorde 6,9 % i 2020.

Styret vil framleis arbeida for forbetra helse og tryggleik i den vidare drifta.

TILSETTE

Ved utgangen av 2020 hadde konsernet 458 tilsette. Samanlikna med 2019 utgjer dette ein vekst på 43 tilsette. Veksten kjem som eit resultat av auka volum i prosessavdelinga. I tillegg brukar konsernet innleigd arbeidskraft når det er naudsynt. I 2020 vart det utført 23,6 årsverk frå mellombels tilsette, noko som utgjer ein reduksjon på 10,0 årsverk samanlikna med 2019. Covid-19 har medført at bedrifta i mindre grad enn tidlegare har nytta seg av innleigde frå vikarbyrå. Styret rettar ein stor takk til alle tilsette for innsatsen som vart lagt ned i 2020.

Kjønnsfordeling i konsernet

0%
Menn
0%
Kvinner

DISKRIMINERING OG LIKE RETTAR

Bremnes Fryseri er opptatt av å trygga likestilling, sikra like moglegheiter og rettar, og å hindra diskriminering – i samsvar med diskrimineringslova sitt formål. Konsernet arbeider aktivt, målretta og planmessig for å sikra lovas formål om mangfald. Aktivitetane omfattar blant anna rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling og vern mot trakassering.

Konsernet har som mål å vera en arbeidsplass der det ikkje skjer diskriminering på grunn av redusert funksjonsevne. Konsernet arbeider aktivt og målretta for å utforma dei fysiske forholda slik at verksemda sine ulike funksjonar kan nyttast av flest mogleg.

Bransjen har tradisjonelt vore samansett hovudsakleg av menn. Ved utgangen av 2020 var det høvesvis 37,3 % kvinner og 62,7 % menn i konsernet. Den operative leiinga i konsernet er samansett av totalt 17 personar, der 11 er menn, og seks er kvinner. Av styrets seks medlemmer er ei kvinne. Uavhengig av ønske om likestilling mellom kjønna, har konsernet i sin rekrutteringspolitikk og lønssystem alltid vektlagt den enkelte sin kompetanse og innsats som avgjerande.

MARKNADSUTSIKTER

Lønnsemda i lakseoppdrettsbransjen er flyktig, og det vil alltid vera uvisse knytt til vurderingar av framtidsutsiktene. Stor etterspørsel og avgrensa tilbodsvekst av laks har resultert i jamt over høge lakseprisar dei siste åra. Det er forventningar om at dei gode prisane vil halda fram – rett nok på eit noko lågare nivå enn dei føregåande åra.

Kine Marte Garmannslund, salskoordinator i Sjór – team Europa.

Den omfattande pandemien som har ramma heile verda i 2020 og 2021 har påverka fordelinga av handel mellom ulike salskanalar for atlantisk laks. Leveransar til hotell, restaurantar og catering har mellombels blitt kraftig redusert, medan etterspørselen i daglegvare har auka – og i stor grad kompensert for bortfallet i HoReCa-segmentet. Innan logistikk har det også vore store endringar i 2020. Marknaden for flyboren laks har endra seg, då talet på rutefly er betydeleg redusert. Dette har delvis blitt erstatta av fraktfly. Nye logistikkløysingar blir utvikla, men det tar noko tid. Vegtransport til Europa fungerer normalt og tilgangen til Storbritannia har fungert godt også etter Brexit.

Koronapandemien har auka omstillingstakta i samfunnet og i næringa, sidan stengde samfunn og smittefrykt har gjeve endringar i forbrukaråtferd og framskunda globale megatrendar. Sal av heilfisk i butikk og HoReCa-marknaden har fått redusert verdi, medan porsjonspakka laks har hatt eit sterkt oppsving. Vår langsiktige satsing på vidareforedling og utvikling av merkevarer har difor vore verdifull i det krevjande året me har lagt bak oss. Der låge lakseprisar har redusert resultatet til oppdrettsverksemda frå dei nivåa me har sett dei siste åra, har foredling av råvarene stått fram som ei viktig kjelde til årets overskot. Dette viser at alle selskapa og avdelingane bidreg til at me er eit sterkare konsern, som står godt rusta til dei satsingane me skal i gang med dei neste åra.

Bremnes Fryseri vil fortsetta å investera i heile verdikjeda for å støtta organisk vekst. Styrken til marknaden for fersk laks har blitt testa gjennom auka prisar over fleire år, og etterspørselen har vore stabil. Ein betydeleg drivar i denne samanheng er foredla lakseprodukt, der trenden er at laksen er flytta vekk frå den tradisjonelle fiskedisken. No er han i stadig større grad å finna som enkle og brukarvenlege produkt i ferskvareseksjonen i alle typar daglegvarebutikkar. Gjennom produktutviklinga innan laksekategorien, kan kundane i større grad velja ferske, ferdigpakka produkt eller varer med større foredlingsgrad. Denne posisjoneringa blir vurdert som spesielt viktig, då høge prisar har opna for auka landproduksjon nærare marknaden. Me har tru på at ei tydeleg posisjonering basert på produktkvalitet og sterke merkevarer vil vera eit viktig tiltak for å oppretthalda tilfredsstillande marginar.

Trass høge råvareprisar har foredlingsaktivitetane levert svært gode resultat. Desse er oppnådde gjennom effektiv kapasitetsutnytting i produksjonen og vidareutvikling av sterke merkevarer, godt støtta av marknadsarbeidet i Salmon Brands og Sjór. Salsselskapa har bidrege sterkt til å styrka konsernet sine merkevarer gjennom ei innovativ marknadstilnærming som har utvikla både volum og produktattraktivitet. Etterspørselen etter ferske lakseprodukt aukar kvart år, og konsernet ser fleire spennande utviklingsretningar dei komande åra.

Kvalitetsomgrepet er i rask endring og forbrukarane krev stadig meir av oss. Kundane våre stiller no tydelegare og meir omfattande kvalitetskrav. Desse trendane er svært sentrale for den vidare utviklinga av Bremnes Fryseri, sidan me sel kjente merkevarer med sterkt omdøme i marknadene. Laksen skal sjølvsagt smaka minst like godt og sjå like delikat ut som i dag. For å møta forventingane må me i tillegg bidra positivt til miljøet, folka og samfunnet rundt oss. Dette samfunnsansvaret vil krevja meir av oss i framtida, og me skal vera ei av dei bedriftene som fangar desse endringane i tide.

Bremnes Fryseri er i ein sterk posisjon til å møta krava frå kundane og forbrukarane. Me set likskapsteikn mellom berekraft og lønsemd og me er i fremste rekke i havbruksnæringa sin reduksjon av klimagassutslepp. Klima og miljø er viktige mål på berekraft, men samfunnsansvaret vårt handlar i tillegg om at me skapar trygge arbeidsplassar og bidrar til levande lokalsamfunn. Me forventar auka merksemd rundt leverandørleddet og selskapsgjennomgangar framover.

Totalt sett er den globale marknaden for laks svært sterk. Kombinert med arbeidet med å utvikla og styrka den felles konsernkulturen, der alle tilsette veit korleis deira innsats bidreg til å oppnå dei strategiske måla våre, har styret høge forventningar til utviklinga av konsernet i fortsettinga.

Jan Sverre Røsstad

styreleiar

Olav Svendsen

styremedlem/ konsernsjef

Bjørn Willy Sæverud

styremedlem

Laila Knarvik

styremedlem

Bjørnar Michaelsen-Svendsen

styremedlem

Nils Viga

styremedlem