Takk for normaliteten

Veldig mykje har vore «mot normalt» i det samfunnet me har levd i sidan mars 2020. Eg ønsker derfor å takka for den formidable innsatsen alle tilsette har gjort for å sikra det normale i eit høgst unormalt år.
Einar Eide administrerande direktør

Trass ein meir uføreseieleg kvardag med vekslande etterspørsel, logistikkutfordringar, sosial distansering, permitteringar, nye arbeidslag og strenge smitteverntiltak, har de halde hjula i gang og fokusert på å oppretthalda mest mogleg normal produksjon og drift – heile vegen frå rogn og fram til kundane som mottar verdas beste laks. Med alle dei ekstra utfordringane 2020 bydde på, er eg utruleg stolt av at me set rekordar innan både produksjon og sal i eit vanskeleg år.

Eg er òg stolt av at me har evna å ta tak i moglegheitene pandemien har gitt oss. Med stengde restaurantar, har folk verda over handla meir laks i daglegvarebutikkane. Den utviklinga har me mellom anna møtt med lynkjapp utvikling av nye SALMA-produkt, og våre foredla produkt har gjort det veldig bra i daglegvaremarknaden. 

Me greidde òg å halda oppe aktiviteten i det langsiktige utviklingsarbeidet for å styrka marknadsposisjonen vår som pioneren for kvalitetslaks. Dette handlar om å bli endå betre i vår måte å produsera laks på, der berekraft og fiskevelferd står sentralt. Den storstila elektrifiseringa av oppdrettsanlegga våre, og satsinga på storsmolt gjennom ny produksjonskapasitet og FoU-aktivitet som optimaliserer postsmoltproduksjonen, er eksempel på noko av det me oppnådde på denne fronten i 2020.

Mange har sikkert også fått med seg entusiasmen min for den nye brønnbåten «Ronja Christopher», som transporterer smolt ut til anlegga våre. Dette er nok ei strategisk satsing eg er glad for å vera i mål med, for med «Ronja Christopher» har me no teke eit steg vidare i å sikra dedikerte fartøy til alle driftsområda for brønnbåtar. Saman sikrar denne flåten betre effektivitet i drifta vår og tryggjar fiskehelsa gjennom kapasitet, kvalitet og spisskompetanse.

Eg ser fram til ei tid der me ikkje treng jobba like hardt for «det normale». Når den tida er her, er eg overtydd om at me som selskap og kollegium saman har kome styrkte ut av dei mange utfordringane pandemien har kasta vår veg. Æra for det er det kvar enkelt tilsett som skal ha.

Einar Eide • administrerande direktør, Bremnes Seashore