Barndomsheimen måtte vike

2021 var eit litt annleis år. Samtidig som verdssituasjonen og biologiske utfordringar sette oss på prøve, tok vi også nye og viktige steg i utviklinga av konsernet. For meg personleg har ei av satsingane vore ekstra kjensleladd.

I 1989 starta vi med foredling av laks. Vi bygde eit tidsmessig anlegg som fungerte godt i mange år. Hovudprodukta våre var porsjonar, filetar og gravlaks til Ikea. Etter kvart blei anlegget umoderne. Nye produkt, nytt utstyr og nye krav gjorde at vi i 2009 bygde anlegget vi driv i dag. Her har vi utvikla SALMA-laksen og BÖMLO-fileten, og vi har modifisert fabrikken i takt med nye innovasjonar.

I 2021 vedtok vi å bygge tredje generasjon foredlingsanlegg, og starta grunnarbeidet. For meg og familien var det med blanda kjensler vi reiv barndomsheimen vår for å få plass til dette topp moderne anlegget. Vi fem syskena er fødde i eit bustadhus som stod der pakkeriet er i dag. Då eg var to år, bygde pappa ein ny heim. Han såg vel ikkje for seg at også det huset ein gong måtte rivast for å få plass til utviding av fabrikken, men han hadde nok vore kjempestolt over det vi har fått til.

Erfaringa og kunnskapen vi har opparbeidd oss gjennom alle desse åra brukar vi no for å etablere ein ny foredlingsfabrikk som skal sette standarden for kvalitetslaks. Stadig fleire av kundane våre ønsker å skjere mindre av fisken sjølv. Denne jobben skal vi gjere for dei. Fabrikken vil òg gjere oss meir konkurransedyktige, ved å gi betre rom for å skape nye produkt, utnytte meir av råstoffet og produsere større volum. Saman med sals- og marknadsselskapa våre, Salmon Brands og Sjór, vil den nye fabrikken skape store verdiar og mange moglegheiter framover.

2021 var òg året då vi for alvor sette berekraftsarbeidet vårt i system. Vi har eit ansvar for å drive verksemda vår på ein slik måte at vi også i framtida kan produsere sunn mat i eit reint hav, og eg er glad for at vi no er godt i gang med dei konkrete arbeidsoppgåvene som er nedfelte i konsernet sin heilskaplege berekraftsstrategi.

Dei biologiske utfordringane er til tider krevjande i dei regionane vi driv oppdrett i. Vi har jobba målretta med desse utfordringane i fleire år, og stor smolt har blitt ei av løysingane. Vi har oppnådd vesentleg kortare produksjonstid i sjø, og i 2021 var smolten cirka 500 gram då vi sette han i sjøen. På dette området vil vi også dei komande åra sette inn store ressursar. Draumen og målet er ein smolt på over 1 kilo ved utsett i sjøen. 

Verda og marknadene vi opererer i har i kjølvatnet av pandemien blitt mindre føreseielege, og vi opplever at mange kostnader aukar kraftig. Til dømes driv fôrprisen og energikostnader opp produksjonskostnadene, utgiftene til flyfrakt av laks til Austen har auka kraftig, og prisane på betong, stål og andre byggemateriale pressar opp investeringskostnaden for det nye foredlingsanlegget. I 2022 har vi dessverre også blitt vitne til ein meiningslaus krig i Europa.

Heldigvis driv vi i ein bransje som greier seg godt i denne uføreseielege tida. Etterspørselen er god og lakseprisane rekordhøge. I vårt selskap har vi òg ein kultur for å våge å tenke nytt. Dette må vi halde fram med. Vi må gjere modige og rette grep for å utvikle og forbetre oss.

Vi har mange utfordringar. Men vi har også mange moglegheiter, og vi har ein god og framtidsretta strategi som vi jobbar etter. Alt dette gjer at vi saman vil greie oss godt i denne urolege tida vi er inne i.

Eg vil rose alle våre dyktige medarbeidarar for ein kjempeinnsats i 2021. Tusen takk! De har alle bidratt til at vi har ei sunn og framtidsretta bedrift. •

Olav Svendsen • konsernsjef, Bremnes Fryseri