Gjer suksess med lokal rekruttering 

Gjennom opprettinga av ein bemanningsbase har prosessavdelingane gjennom 2021 fått eit betre, meir stabilt og mangfaldig arbeidsmiljø med endå større rom for individuell utvikling.
Ingvild Føyen Paulsen • produksjonsmedarbeidar i pakkeriet (t.v) og Jibril Mohamed Abdi • produksjonsmedarbeidar i foredlingsavdelinga, er strålande fornøgde med å ha fått ein fot innanfor Bremnes Seashore gjennom bemanningsbasen – og verdset det gode arbeidsmiljøet dei no er blitt ein del av.

Å sikre nok og rett bemanning til dei sesongbaserte svingingane innan foredling, pakking og logistikktenestene, er avgjerande for verksemda vår. Samtidig er det ein krevjande jobb, som produksjonsleiarane tidlegare har gjort sjølv i samarbeid med HR-avdelinga. For å lette denne oppgåva, oppretta Bremnes Seashore i mars ein bemanningsbase. 

– Bemanningsbasen har vore i støypeskeia lenge, men blei verkeleg aktualisert då koronapandemien gjorde det vanskeleg å hente inn utanlandsk arbeidskraft. Då måtte vi for alvor starte jakta på nye medarbeidarar i den lokale marknaden, og det har vi verkeleg lukkast med, smiler leiar for bemanningsbasen, Karina Marie Børnes. I tillegg til rekruttering, har ho òg personalansvar og skal utvikle medarbeidarane til blant anna å kunne jobbe på tvers av prosessavdelingane. 

– Eg er oppteken av å vidareutvikle dei vi får inn, og målet er at endå fleire tilsette kan ta fagbrev.

Karina Marie Børnes • leiar for bemanningsbasen

– Meir samansveist 

Ved inngangen til 2022 har ho rundt 100 midlertidige, innleigde og nokre fast tilsette registrert i bemanningsbasen. Dei aller fleste er folk frå sunnhordlandsregionen. 

– Å få fleire medarbeidarar med lokal tilhøyrsel har vist seg å vere veldig positivt for verksemda. Reint praktisk gjer dei det lettare å oppbemanne i sesong, samtidig som vi sparer utgifter til bemanningsbyrå og opplæring. Hovudeffekten er likevel at dei lokale kreftene gir større stabilitet i arbeidsstyrken ved at folk blir verande lenger i jobb hos oss, og ikkje minst at vi har fått eit veldig mangfaldig arbeidsmiljø med god spreiing i alder, kjønn og kulturelle bakgrunnar. Denne samansettinga har auka samhaldet mellom dei tilsette, og vi har fått eit meir samansveist arbeidsmiljø, seier Børnes. 

Bemanningsbasen legg òg til rette for betre individuell oppfølging av nye medarbeidarar. 

– Eg er oppteken av å vidareutvikle dei vi får inn, og målet er at endå fleire tilsette kan ta fagbrev. Den målsettinga heng tett saman med berekraftsmålet vårt om å styrke Bremnes Seashore som ein trygg, utviklande og inkluderande arbeidsplass og aktiv samfunnsbyggar. 

Vann Mangfaldsprisen for 2021 

Gjennom tett samarbeid med NAV, har Bremnes Seashore i 2021 blant anna kunne tilby jobb til mange koronapermitterte. Bemanningsbasen har også bidratt til å gi arbeid til personar som slit med å få innpass i arbeidslivet. Dei som blir fast tilsette, får tilbod om norskkurs. 

– Vi er opptekne av at dei som jobbar hos oss skal kunne norsk eller engelsk. Det er viktig både av omsyn til arbeids- og matsikkerheita og utviklinga til den enkelte, og ikkje minst også for integreringa på jobb og i samfunnet elles, påpeikar Børnes. 

Etter eit årelangt fokus på inkludering, har nesten halvparten av dei tilsette i Bremnes Seashore i dag fleirkulturell bakgrunn, og meir enn 20 nasjonalitetar er representerte. Det blir lagt virke til, og i august fekk vi tildelt Integrerings- og mangfaldsdirektoratet sin mangfaldspris for Vestland fylke. 

– Det er vi kjempestolte av. Veldig kjekt å bli sett pris på for innsatsen vi legg i å skapa mangfald på arbeidsplassen, synes Karina Marie Børnes. •