Kvalitet

Vår kvalitetslaks er eit produkt av utviklingsarbeid på merdkanten og på kaikanten. Haldninga til trygg mat og arbeid med produktutvikling er avgjerande for posisjonen vi har i marknaden.
Ny SALMA-emballasje. 

Vi sertifiserer oss etter verdas leiande miljøordning 

Aquaculture Stewardship Council (ASC) er verdas leiande sertifiseringsordning for akvakultur – og ASC-merket finst berre på mat frå anlegg som har blitt uavhengig vurdert og sertifisert som miljømessig og sosialt ansvarlege. Bremnes Seashore har bestemt at vi skal gå over til ASC frå andre sertifiseringsordningar, men at ordningane Global G.A.P og BRC også blir med oss vidare. 

I 2021 blei vår første lokalitet, Jørstadskjera i Rogaland, godkjent etter ASC-standarden. Sertifiseringa stadfestar at arbeidet vi har gjort på lokalitetane gjennom lang tid er av høg standard. Samtidig må vi strekke oss og utfordre oss sjølve for å oppnå sertifiseringa. Planen er ei vidare innføring av ASC på sjølokalitetane våre. 

Første lokalitet ASC-sertifisert

Jørstadskjera er Bremnes Seashore sin første ASC-godkjendte lokalitet. 

Kvalitetsforbetring på merd- og kaikanten 

Vi har vidareført vårt arbeid med å måle stress hos laksen vår, både i merd og i LCF-anlegget. Gjennom meir kunnskap om stress kan vi arbeide kontinuerleg for å sikre best mogleg fiskevelferd og kvalitet. I 2021 har vi arbeidd med nye metodar for å måle stressnivå for laksen ved merdkanten og på kaikanten. Målet er å dokumentere produktkvaliteten og samle datagrunnlag for å finne dei tiltaka som kan gjere oss endå betre i framtida.

Lågt stressnivå og låg temperatur i slakteprosessen gir råvarer av høgast kvalitet. 

Restråstoffet er ein ressurs 

Våre utviklingsfolk arbeider med framtidige produkt der vi kan foredle stadig meir restråstoff. Kvaliteten på våre ferske biprodukt er høg. Både avskjer og innmat er kjølt, og har potensiale for å brukast til sluttprodukt med høg kvalitet og verdi. 

Saman med restråstoff-foredlaren Biomega på Sotra gjennomfører vi eit forskingsprosjekt som skal finne beste metode for kjøling og konservering av restråstoff. Målet er å sikre høg og jamn kvalitet på restråstoffet, noko som vil auke bruksområda til råstoffet. Prosjektet, som blir ferdig i 2022, har fått midlar frå Regionalt forskingsfond Vestland. 

BÖMLO-filet i sirkulær EPS-kasse på veg til kundane.

Sirkulær EPS-kasse 

EPS eller ekspandert polystyren, populært kalla «isopor», er eit effektiv og lett materiale for laksetransport. Samtidig har EPS lenge vore sett på som ein styggedom for miljøet og klimaet. På tampen av 2021 presenterte vi resultatet frå eit nyvinnande prosjekt saman med BASF og Vartdal Plast: Ccycled™ – der pyrolyseolje frå kjemisk resirkulert konsumentplast blir brukt som råstoff i EPS-kassane. 

Foreløpig er det ikkje våre brukte isoporkassar som blir resirkulerte og laga pyrolyseolje av. Vi tar derfor utgangspunkt i returplast som er samla inn frå andre kjelder i massebalansane våre. Den sertifiserte utrekningsmetoden viser at CO2-avtrykket frå dei nye kassane vert halvert samanlikna med standardkassane. På lang sikt er målet at alle isoporkassane vi sender frå oss blir samla inn, prosessert og omgjort til råstoff til nye kassar. 

Mesterkokk Christer Rødseth lagar mat med SALMA-laks.

Fleire å vere stolte av 

Merkevarene er våre juvelar – som hjarta bankar ekstra for. I Noreg har SALMA-produkta ein sterk marknadsposisjon, og merkevara er føretrekt av leiande daglegvarekjeder i Europa. I utvalde marknader i Europa og Asia er BÖMLO eit kjenneteikn på kvalitet. 

3 nye SALMA-produkt

I 2021 kom det 3 nye burgerprodukt frå SALMA; SALMA Burger Pepper & Lime, SALMA Burger Fresh Herbs og SALMA Burger Singel. 

1 000 tonn Bömlo-filet til Frankrike

I 2021 vaks SALMA Burger-familien vidare. Vi introduserte nye smakar, slik som heilårssmaken SALMA Burger Pepper & Lime og grillvarianten SALMA Burger Fresh Herbs. For dei konsumentane som ønsker å steike ein burger om gongen, kom også SALMA Burger Singel på marknaden. SALMA fekk også nydesigna emballasje, som er meir synleg i butikkhyllene og framhevar produktkvaliteten.

I 2021 passerte BÖMLO-merkevara ein viktig milepæl. Då eksporterte vi for første gang meir enn 1 000 tonn BÖMLO-filet til den franske marknaden. I tillegg introduserte vi den røykte varianten BÖMLO Fumé introdusert for kundane våre. 

Play Video

1 000 tonn Bömlo på franske middagsbord

Mattryggleik er grunnpilaren 

Trygg mat er ein grunnpilar i Bremnes Fryseri. I eit år med fleire produktlanseringar har aktiv deltaking frå kvalitetsavdelinga vore viktig. Gjennom gode rutinar for å ivareta trygg mat har vi oppnådd høg kvalitet og rett haldbarheit på produkta våre. Vi testar produksjonsmiljøet og produkta for bakteriar, og frigir ikkje produkta til kundane før vi har fått tilbake testresultat som er i tråd med myndigheitskrav og våre interne grenseverdiar – som er endå strengare. 

BRC var den første standarden som sertifiserte oss. Eg er stolt over at vi no har fornya sertifikatet vårt for 19. gang. Og at vi fekk karakteren A, er eit godt skussmål for arbeidet som alle i selskapet gjer.

Ragnhild Kringeland • kvalitetssjef

Sertifisert for 19. året på rad 

Gjennom sertifiseringsordningar får vi målt oss mot uavhengige standardar, og vi får dokumentert at produksjonen vår er av høg kvalitet. I 2003 var Bremnes Seashore det første selskapet i sjømatnæringa i Noreg som kunne sertifiserast etter den internasjonale mattryggleiksstandarden BRC (British Retail Consortium). I 2021 fekk vi stadfesta at vi framleis var i tråd med standarden – med toppkarakter. Dette viser at det langsiktige og metodiske kvalitetsarbeidet gir resultat. •

Nærare informasjon frå drifta finn du her: Driftsinformasjon