Kvalitetsomgrepet er i endring

Kundane, forbrukarane, styresmaktene og lokalsamfunna krev meir av oss. Det er ikkje nok at laksen smakar godt og ser delikat ut. Fiskevelferda og fotavtrykket frå produksjonen og distribusjonen av laksen er avgjerande for korleis me blir oppfatta av omgjevnadane.
Kjetil Mo Hovland • driftsoperatør i Hardanger. 

Berekraftig kvalitet

Bremnes Fryseri ønsker å levere produkt som er i tråd med desse forventingane. Vi har teke viktige grep det siste året for å oppnå dette, fordi vi meiner det er avgjerande for å vere ei sterk og lønnsam bedrift også i morgon. 

Bremnes Fryseri vil vere ein pådrivar for utviklinga av oppdrettsnæringa. Mange framsteg i skjeringspunktet mellom kvalitet og teknologi fekk sine utspring på merdkanten ved våre lokalitetar, eller på kaikanten i Kvednavikjo. Slik vil vi halde fram. Samtidig vil vi passe oss for å bruke omgrepet ”berekraft” som ein floskel der det ikkje høyrer heime, eller overvurdere effektane av enkelttiltak. Framover skal vi heller fortelje konkret både om fotavtrykket vårt, kva vi gjer for å redusere det, og kva vi har oppnådd. Vi veit at vi gjer mykje bra, men vi veit også at vår drift set fotavtrykk i miljøet rundt oss. Vi kan alltid bli betre.

Året 2021

Årsmeldingane er staden der vi gjer opp status, og skildrar kva som har skjedd det siste året. I år har vi organisert årsmeldinga litt annleis enn tidlegare, og vi rapporterer no både økonomisk resultat og status for berekrafta og fotavtrykket vårt. Vi ønskjer å vere opne og ærlege, på godt og vondt. 

FNs berekraftsmål skal gi verda ei felles retning for utvikling, og dei er også styrande for Bremnes Fryseri si verksemd. 

Vi har valt å arbeide mest med måla:

Målet er at berekraftsarbeidet skal gå i takt med selskapsstrategien vår. Våre fire styrande prinsipp lønsemd, miljø, kvalitet og folk er også utgangspunktet for berekraftstrategien. I denne årsmeldinga vil vi fortelje om kva vi har gjort gjennom 2021 på desse fire områda. Du får lese om den nye foredlingsfabrikken i Kvednavikjo, om ASC-arbeidet, om det nye eksklusive produktet BÖMLO Criterion og om den nye bemanningsbasen vår. Samtidig får du høyre om korleis vi påverkar miljøet rundt anlegga, kva utslepp vi har frå fôrproduksjon og transport, og kva vår verksemd har å seie for samfunnet rundt oss. •

Nærare informasjon frå drifta finn du her: Driftsinformasjon