Lønnsemd

At fisken er frisk, veks og trivest er eit kjenneteikn for eit lønnsamt sjømatselskap. Av den grunn har Bremnes Fryseri jobba mykje for å sikre god biologisk produksjon dei siste åra, så også i 2021.
Smolt blir vaksinert i Trovåg. 

Satsinga på stor smolt, eit godt fôr og gode vaksiner har gitt resultat. Det same gjeld enno meir spesialisert behandling mot lakselus og innfasing av dedikerte brønnbåtar for å redusere smitterisiko mellom fiskegrupper. 

God produksjon og sterke merkevarer 

Oppdrettsaktiviteten vår hadde eit varierande år med god produksjon og høg konsesjonsutnytting i første halvår, medan andre halvår var prega av biologiske utfordringar med ein utfordrande lusesituasjon og høgt behandlingstrykk frå juli til desember. I gjennomsnitt oppnådde vi ein produksjon per konsesjon på 1 191 tonn. Samtidig oppnådde vi eit slaktevolum på 26 214 tonn, ein reduksjon på 5,7 prosent samanlikna med 2020. Den gode produksjonen fekk vi til gjennom forbetringar i aktivitetane våre i sjø – sterkt drivne av større smolt med tilhøyrande redusert produksjonstid. 

Dei siste åra har vi arbeidd for auka grad av spesialisering gjennom fjernstyrt fôring frå sentralar lokalisert på Moster og i Tau. Slike tiltak, som bidreg til styrkt kontroll og meir føreseieleg fôring og biologisk utvikling, vil sikre at den stabile veksten held fram. Sjølv om nokre fiskegrupper gjorde at gjennomsnittskostnaden gjekk opp, oppnådde vi ein samla reduksjon på 3,2 prosent i produksjonskostnaden for oppdrett i 2021 samanlikna med 2020. 

Bremnes Seashore sin nettotilvekst i sjø i 2021 var på 25 920 tonn laks, og produksjonen var på 2 951 tonn for smolt. 

Merkevarene SALMA og BÖMLO omsette samla på rekordnivå, med eit totalvolum på 4 005 tonn ferdigvarer. Ein slik produksjon kravde råstoff tilsvarande 28,4 prosent av heile slaktevolumet til konsernet i 2021. 

Både Salmon Brands og Sjór har opplevd ein aukande etterspurnad etter foredla produkt. Konsernet har difor vedtatt bygging av ny foredlingsfabrikk. Det tar tid å prosjektere og bygge ny fabrikk, og i mellomtida har vi auka til tre skift på foredlingsfabrikken i Kvednavikjo. Gjennom dette får vi kapasitet til å produsere meir filet- og loinsprodukt. 

0
tonn

SALMA og BÖMLO

Rekordnivå på totalvolum for merkevarene SALMA og BÖMLO.

0%

Overleving i sjøfasen

Høgare overleving av lakseinvidid enn gjennomsnittet, men har mål på 95%.

Biologi er avgjerande 

Lakselus har òg i 2021 vore ei utfordring for selskapet. Spesielt andre halvår var krevjande. Til saman utførte vi 295 avlusingsoperasjonar i 2021, der to tredelar skjedde i andre halvår. Som eit tiltak mot lakselusa har vi auka brønnbåtkapasiteten. Vi står difor betre rusta til å behandle lokalitetane ved teikn på auke i lusenivåa. 

85,5 prosent av individa overlevde i sjøfasen, mot 88,4 prosent i 2020. Sjølv om Bremnes Seashore har ei overleving på laksen sin som er høgare enn gjennomsnittet i vårt område (PO2 og PO3), er vi eit stykke frå målet vårt om 95 prosent overleving i sjøfasen. 

Bremnes Seashore har arbeidd målretta for å auke smoltvekta dei siste åra. Gjennom satsinga på RAS-anlegget vårt på Trovåg og samarbeidet med Vest Havbruk og Grieg Seafood om Tytlandsvik Aqua, har vi no oppnådd ei gjennomsnittleg smoltvekt på 500 gram ved utsett i sjø. 

Stor smolt betyr kortare produksjonstid i sjø for laksen og dermed mindre eksponering for lus og smitte, og dermed betre fiskehelse. 

Slaktevekta i 2021 var 4,91 kilo rund vekt. Mange fiskegrupper veks godt, men dei biologiske utfordringane gjorde at nokre grupper måtte takast opp før laksen hadde nådd ideell slaktevekt. Utfordringane gjorde også at fôrfaktoren blei høgare enn vi ønsker. Den økonomiske fôrfaktoren enda på 1,46, medan biologisk fôrfaktor var 1,25 i 2021. 

Vi arbeider for betre fiskehelse 

Vi har oppnådd reduksjon i gjelle- og hjartesjukdom hos laksen vår. Det er fleire grunnar til den positive utviklinga: 

  • Vi har vald rogn som er avla fram for å gjere laksen meir motstandsdyktig mot sjukdomen hjartesprekk (CMS). 
  • Ny brønnbåt har hjelpt oss til å lukkast med ferskvassbehandling mot amøbisk gjellesjukdom (AGD). 
  • Stor smolt har gitt laksen kortare produksjonstid i sjøfasen og dermed mindre eksponering mot lakselus og andre utfordingar i sjøfasen. 

0 kg antibiotika brukt

Bremnes Seashore brukte sist antibiotika i 1992.

295 avlusingsoperasjonar

Lakselus har vore ei utfordring også i 2021, spesielt i andre halvår.

To bakteriesjukdomar har vore utfordrande for fiskehelsa i 2021: Pasteurellose som medførte høgare dødelegheit for laksen, samt den kvalitetsforringande sjukdomen vintersår, som kjem av kaldtvassbakterien moritella viscosa. Me har hatt tett dialog med vaksineprodusentar for å utvikle vaksine mot pasteurella og meir effektive vaksinar mot vintersår. 

Sjølv om det tidvis er utfordringar med fiskehelsa, nærmar det seg 30 år sidan sist Bremnes Seashore brukte antibiotika på fisken sin. Vaksineutvikling og godt fiskehelsearbeid har gjort dette mogleg. 

Arbeidet for betre fiskehelse er eit samspel mellom dyktige og dedikerte tilsette, frå personellet på merdkanten og fiskehelsetilsette til dei som har ansvar for å planlegge for framtida.

Næringsrikt og klimavenleg fôr 

Gjennom samarbeidet i Salmon Group har Bremnes Seashore delteke i innkjøp av eit fôr med stadig lågare klimaavtrykk og eit næringsinnhald som gjev betre fiskehelse og humanhelse for kundane våre. 

I fôret vårt nyttar vi mykje fiskemjøl, ein ingrediens som er ein naturleg del av dietten til laks. Fiskemjølet kjem frå bestandar som blir hausta på ein berekraftig måte, dokumentert av standardane MSC eller Marine Trust. Mellom 25 og 30 prosent av fiskemjølet kjem frå avskjer frå filetproduksjon av pelagisk fisk. Sidan det er global mangel på fiskeolje nyttar vi algemjøl og algeolje produsert av heterotrofe alger som erstattar deler av fiskeolja. Vi nyttar også rapsolje for å redusere mengda fiskeolje. Innhaldet av dei marine fettsyrene EPA og DHA, som er viktige delar av eit sunt kosthald, er sju prosent. For å ytterlegare trygge eit sunt fôr for laksen og ein sunn laksemiddag for kundane våre vert fiskeolja i fôret vårt reinsa for miljøgifter. 

Fredag 17. september blei brønnbåtane «Ronja Vest» og «Ronja Christopher» døypte i Leirvik hamn. 

Auka brønnbåtkapasiteten 

2021 var året då Bremnes Seashore realiserte sine planar om å gje brønnbåtane dedikerte oppgåver for å hindre smittespreiing mellom ung og gamal laks. Dei tre brønnbåtane me har leigd på fulltid med mannskap frå Sølvtrans har følgjande oppgåver: 

  • «Ronja Christopher» skal berre føre smolt frå smoltanlegg til sjøanlegg. 
  • «Ronja Vest» skal berre behandle laksen vår – anten med lusebehandling eller behandling mot AGD. 
  • «Ronja Sund» skal berre frakte slakteklar laks frå sjøanlegget til slakteriet. 

Fredag 17. september døypte vi «Ronja Christopher» og «Ronja Vest» i Leirvik hamn. Behandlingsbåten «Ronja Vest» er utstyrt med topp moderne utstyr for ikkje-medikamentell behandling mot lakselus. Brønnbåten leiger vi frå Sølvtrans saman med Bolaks. Dagleg leiar i Bolaks, Bjørg Mette Holmefjord Antonsen var gudmor for Ronja Vest. 

Anne Brith Skogen Haakull, driftskoordinator på Trovåg, var gudmor for «Ronja Christopher». 

Play Video

Dobbel skipsdåp

Vi legg vekt på samarbeid 

Bremnes Fryseri legg vekt på å samarbeide med andre aktørar for å bli betre. Ikkje berre deltek me i utviklingsarbeid med andre aktørar i bransjen og leverandørar, men også med forskingsinstitusjonar, miljøorganisasjonar og klynger. Dette gir oss verdifull kunnskap og reduserer fotavtrykket vårt. 

Bremnes Seashore er medlem i:

Bolaks, Fremskridt Laks og Austevoll Melaks er faste leverandørar av kvalitetslaks til våre produkt. Vi samarbeider også med Bolaks om brønnbåten «Ronja Vest» – som gir selskapa betre kapasitet til å behandle laksen ved lusepåslag. •

Nærare informasjon frå drifta finn du her: Driftsinformasjon