Trygg sjømatproduksjon

Matproduksjon er samfunnskritisk verksemd, og Bremnes Seashore produserer 500 000 måltid kvar dag.

Takka vera gode tilsette har me halde oppe produksjonen kvar dag gjennom heile koronavirusperioden. Me har teke grep for å redusera smittefaren mellom våre tilsette og i lokalsamfunna der me har aktivitet. Me er i kontinuerleg kontakt med våre leverandørar og kundar. Som alltid prioriterer me fiskehelse, mattryggleik og helse, miljø og sikkerheit.

Me gjer grundige risikovurderingar, og vurderer situasjonen jamleg – i tråd med styresmaktene sine tilrådingar.

  • Bremnes Seashore følgjer tiltaka og tilrådingane frå styresmaktene
  • Me legg til rette for å redusera nærkontakt mellom tilsette
  • Ekstraordinære hygienetiltak er sett i verk i produksjonen
  • Lunsjservering er avvikla
  • Me har redusert besøksverksemd til Bremnes Seashore sine anlegg og lokalitetar
  • Møte blir i hovudsak haldne som telefon- eller videomøte
  • Me har redusert reiseverksemd
  • Det blir jamleg sendt ut informasjon og råd til tilsette

Bremnes Seashore tek samfunnsansvaret vårt alvorleg, og leverer sunn og trygg sjømat til samfunnet kvar dag.