Stoltheitene våre!

SALMA

SALMA er ein skinn- og beinfri laksefilet med kvalitet i verdsklasse. Den delikate laksen er i dag ei av Noregs mest kjende merkevarer. Les meir på www.salma.no

BÖMLO

BÖMLO er Bremnes Seashore si merkevare for kvalitetslaks som me distribuerer til utvalde eksportmarknader i Europa og Asia. BÖMLO-merket består av fersk og frosen heil laks, samt ulike filetprodukt.

Lakseburger i verdsklasse

Me utvider SALMA-burgerfamilien og lanserer no ein heilt ny burger – SALMA Burger Pepper & Lime. Produktet er laga av rein SALMA som vår originale SALMA-burger, men me har smaksett burgeren med hint av pepper og lime. Smakane komplementerer den unike ferske SALMA-smaken på ein balansert måte og gjer fiskeburgeren ferdig krydra og klar til steiking. Garantert ein ny favoritt, både hos dei store og små i familien!