Aukar brønnbåtkapasiteten

Fredag 17. september blei brønnbåtane «Ronja Christopher» og «Ronja Vest» døypte i Leirvik hamn.

– Dagen i dag markerer ein milepæl for oss i Bremnes Seashore, når me no har alle dei tre brønnbåtane i drift. «Ronja Sund» fraktar slaktefisk og «Ronja Christopher» er dedikert til smolttransport for å gje smolten den beste starten i sjøen. No er også det topp moderne fartøyet «Ronja Vest» på plass, eit formidabelt reiskap for oss, Bolaks og andre oppdrettarar i regionen. Eg ser fram til eit fortsett godt samarbeid med Bolaks og reiarlaget Sølvtrans, sa Einar Eide, administrerande direktør i Bremnes Seashore

Bremnes Seashore meiner at ved å separere dei tre store brønnbåtoperasjonane luse- og sjukdomsbehandling, smolttransport og slaktetransport vil me styrke næringas berekraft, fiskehelse og fiskevelferd.

I mai 2020 offentleggjorde me avtalen om fulltidsleige av behandlingsskipet «Ronja Vest» og «Ronja Christopher», som skal nyttast til transport av smolt. Samstundes forlenga me leigetida for det trufaste slaktetransportskipet «Ronja Sund».

«Ronja Christopher»

MS «Ronja Christopher» er spesialbygd for smolttransport med kapasitet til sikker, skånsam og effektiv transport av smolt og postsmolt. Skipet kan gå med lukka system over store avstandar og sortere smolten etter storleik ved lossing. Risikoen for sjukdomssmitte frå slaktefisk til smolt blir kraftig redusert gjennom å separere desse to operasjonane.

MS «Ronja Christopher» er ein spesialbygd brønnbåt for transport av smolt, eigd av Sølvtrans AS. Fraktekapasiteten er på 2 500 m3, skipet har RSW-kjøling og sidevegs sirkulasjon i lasteromma. Brønnbåten har filter for oppsamling av lus, UV-behandling av vatn både inn og ut av lasteromma, og kan trykklossa utan bruk av vakuumpumpe for skånsam behandling av fisken.

«Ronja Vest»

Saman med Bolaks inngjekk Bremnes Seashore også avtale om fulltidsleige av brønnbåten MS «Ronja Vest frå Sølvtrans. Brønnbåten skal inngå i behandlingsarbeidet på lokalitetar i Rogaland og Vestland, og vil bli leigd ut til andre oppdrettarar når den har ledig kapasitet. Dette fartøyet vil gje ein formidabel auke i behandlingskapasiteten og betra fiskevelferda under behandling.

MS «Ronja Vest» får eit dieselelektrisk framdriftssystem som reduserer klimagassutsleppa med 798 tonn årleg. Samstundes er det stor kapasitet for landstraumtilkopling, og katalysatorar vil gje reduksjon i NOx-utsleppa på 90 prosent, eller 92 tonn årleg. Skipet er 87,1 meter langt, 18 meter breitt og har tankkapasitet på 4 000 m3. Behandlinga vil mellom anna skje med ferskvatn-osmoseanlegg og spylebehandling med Wellfighter frå SkaMik.

Forsidefoto: Olav Takle – Fotomarin
Foto: Peter Tubaas – Vestland Media