Gode ordningar

Bremnes Seashore ønskjer å skape sunne, trygge og gode arbeidsforhold for alle våre tilsette. Me gjer dette ved hjelp av eit systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid og gode velferdsordningar.

Bedriftshelseteneste

Bremnes Seashore har tett samarbeid med vår lokale bedriftshelseteneste, Ysst HMS. Dei er ein del av vår verne- og miljøorganisasjon, og arbeider saman med bedrifta for å skapa sunne og trygge arbeidsforhold. Alle tilsette får med jamne mellomrom tilbod om helsesjekk hos bedriftshelsetenesta.

Førebygging av belastningsskader

Me har sett i verk fleire tiltak for å førebyggja belastningsskader hos dei tilsette:

  • Friskus: Me trur at folk som trenar blir sterkare, gladare, får seinare belastningsskadar og blir mindre slitne. Gjennom trimkampanjen Friskus ønskjer me å fokusere nettopp på helse og trening. Alle tilsette kan vera med, og alle som oppnår ein viss poengsum i månaden får premie. Kvart halvår er det trekning av reisegåvekort for dei ivrigaste deltakarane.
  • Fysioterapi og kiropraktor: Bremnes Seashore har helseforsikring for sine tilsette som blant anna dekker inntil 12 behandlingar hos fysioterapaut og inntil seks behandlingar hos kiropraktor per år og per hending.
  • Strekkbenk: Bremnes Seashore har Mastercare strekkbenk til hjelp for dei med problem i skulder og rygg. Denne har vore med på å gje fleire personar ein betre arbeidskvardag.

Kantine

Me har kantine med eigen kokk. Her finn du eit variert utval av lunsj- og middagsrettar, frukt og andre matvarer. Kvar fredag er det også eige dessertbord.

Bedriftshytter

Bremnes Seashore har hytte på Voss og leilegheit i Spania. Hytta på Voss ligg flott til i Bavalstunet, berre eit steinkast frå skiheisane, og har ti sengeplassar. Leilegheita i Spania ligg i Altea og har topp standard med ni sengeplassar fordelt på tre soverom med tre bad.

Forsikringar

Alle fast tilsette i Bremnes Seashore har helseforsikring og gruppelivsforsikring, i tillegg til dei lovfesta forsikringane.

Velferdsklubb

Bremnes Seashore har eigen velferdsklubb som arbeider for sosiale og trivselsfremjande tiltak for dei tilsette.

Miljøgruppe

Bedrifta har eiga miljøgruppe som arrangerer turar, trimkampanjar og andre aktivitetsfremjande tiltak.

Sosiale arrangement

I løpet av året vert dei tilsette invitert til ulike sosiale arrangement.