Full kontroll

Ved å kjenna historia til kvar einaste fisk, og å overvaka og kontrollera produksjonsprosessane våre, sikrar me laks av høg kvalitet.

For å sikra at me leverer sunne og førsteklasses lakseprodukt, har Bremnes Seashore eit strengt kvalitetssikringssystem. To av berebjelkane i dette systemet er sporbare produkt og kontroll og overvaking av produksjonsprosessane.

Me sikrar at produkta våre er sporbare. Det inneber at me kan følgja historia til kvar einaste fisk frå rogn til ferdig produkt. Dette gjer me ved hjelp av eit produksjonssystem som merkjer, tek vare på og knyt saman alle opplysningane om kvar enkelt fisk.

Mikrobiologiske og kjemiske analysar av produkt, produksjonsutstyr og vatn blir utført i tråd med ein eigen kontrollplan. Temperaturmålingar og kontroll av reingjering er også med på å sikra produktkvaliteten. Måling av parametrar som kvalitetsgradering, farge og feittinnhald hjelper oss til å produsera fisk som held jamn kvalitet og svarar til kundespesifikasjonane.

I tillegg til eigne, omfattande kontrollrutinar, blir me også kontrollert av både kundar og styresmakter, og me har rundt 30 eksterne revisjonar i året. Fleire av kundane våre har eigne kvalitetskrav, og følgjer oss tett opp – mellom anna gjennom eigne inspeksjonar – for å sikra at me leverer i tråd med krava deira. Mattilsynet og Fiskeridirektoratet er to av representantane frå styresmaktene som fører jamleg tilsyn med produksjonen vår. Dei krev mellom anna at forskrift om internkontroll (IK Akvakultur) er innført og etterfølgt på alle oppdrettsanlegg, og at me har eigenkontroll i slakteri og foredlingsanlegg.