Ocean Quality blir Sjór

Eksportselskapet til Seashore-konsernet endrar namn.

Sjøen, eller Sjór på norrønt, har gjeve næring og matgleder til generasjonar. Moderne havbruksmetodar tek dette vidare, og sikrar oss tilgang til ferske delikatesser frå havet. Sjór skal tilby kundane sjømat i verdsklasse. Me kallar det «Finest Norwegian Seafood».

Bremnes Seashore er ein kvalitetspioner i oppdrettsnæringa, og har sett standarden for lakseprodukt hav høgast kvalitet. Som del av Seashore-konsernet, skal Sjór halde fram med å selje Bremnes Seashore sin kvalitetslaks til kundar i heile verda. Samstundes tilbyr selskapet nettverk og salskunnskap for andre norske oppdrettarar.

– Bremnes Seashore har bygd opp sterke merkevarer som SALMA og BÖMLO, som me veit kundane våre set stor pris på. Med Sjór legg me grunnlaget for å styrka kvalitetsprodukta våre i marknaden. Me skal vidareutvikla marknadsarbeidet saman med våre flinke tilsette i Sjór, som har bygd opp sterke kunderelasjonar gjennom ti år, seier konsernsjef Olav Svendsen.

Kontaktpersonar:

Sjór – Hans Petter Berge, 913 37 328, hans.petter.berge@sjor.no

Bremnes Seashore – Einar Eide, 971 94 007, einar@seashore.no

Om Sjór:
Sjór har kontor i Bergen og Shanghai. Selskapet har 44 tilsette og omset for NOK 6 mrd. Sjór er å finna på nettstaden www.sjor.no.

Om Seashore-konsernet:
Bremnes Seashore ein av Noregs leiande leverandørar av kvalitetslaks til verdsmarknaden, og har etablert dei kjende merkevarene SALMA og BÖMLO. Produksjonen skjer ved 23 oppdrettsanlegg og tre settefiskanlegg  i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland. Me produserer 500 000 laksemåltid kvar dag frå vårt topp moderne prosess- og foredlingsanlegg i Kvednavikjo i Bømlo kommune. Med over 500 tilsette er Bremnes Seashore ein viktig arbeidsgjevar og aktiv støttespelar i lokalsamfunna der me har drifta vår. Me legg vekt på berekraftig utvikling av næringa og deltek i mange forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med leverandørar, teknologiutviklarar og forskingsmiljø.