– Betre samhandling og auka berekraft er seglingsmerka me navigerer etter

2019 var eit spennande og aktivt år for Bremnes Fryseri. Produksjonen av vel 30 000 tonn matfisk var tidenes største i konsernet, og styrker posisjonen vår som ein av Noregs leiande leverandørar av kvalitetslaks.
Bilete av Einar Eide.
Einar Eide administrerande direktør

Betre grep om heile verdikjeda 

Ferdigstillinga av settefiskanlegget vårt i Trovåg og oppstart av Tytlandsvik-anlegget inneber at me no har ferdigstilt mykje av kapasiteten me har planlagt for smoltsatsinga vår. Det gir oss ein unik posisjon i norsk oppdrettsindustri, med ei snittvekt på smolten som få eller ingen kan matcha. Faktisk produserer me i dag like mykje på land som me gjorde i sjøen i 1997. Det seier litt om dimensjonane på smoltsatsinga vår!

At me produserer storsmolten sjølv, betyr at me har fått eit betre grep om heile verdikjeda vår. Det er viktig, fordi det gir ein meir føreseieleg produksjon heilt frå rogn til ferdig produkt. I 2019 sette me også ut den første storsmolten frå Trovåg. Den blei slakteklar på under 12 månader – heilt i tråd med draumen og ønsket vårt. At fisken vår no kan stå kortare tid i sjøen, vil forhåpentleg føra til færre behandlingar, meir stabil produksjon og lågare driftskostnader.

I same retning

2019 var også året då me ferdigstilte verdas beste og mest innovative opptaksanlegg i Øklandsvågen. Live Cold Fish-anlegget legg grunnlaget for den unike kvaliteten på produktet vårt, og er ein av føresetnadene for visjonen til konsernet om å setja den globale standarden for kvalitetslaks. Eit unikt råstoff gjer det òg lettare å løfta verdiskapinga vår endå eit hakk gjennom foredling og utvikling av spennande og attraktive produkt.

I strategien for Bremnes Fryseri har me staka ut ein kurs der betre samhandling og auka berekraft er dei viktigaste seglingsmerka me navigerer etter i åra som kjem. Ved å samhandla endå betre på tvers i heile konsernet, sikrar me maksimal langsiktig verdiskaping og lønnsemd for oss og kundane våre, gjennom optimal drift, sterk konkurransekraft, auka produksjonsvolum, reduserte kostnader og større volum på dei foredla produkta våre. 

Det handlar om at me alle i konsernet er del av ei felles verdikjede, uansett kva selskap eller avdeling me høyrer til, og at me i endå større grad må trekka i same retning for å nå måla våre. Det finst mange gode eksempel på at dette allereie er gjeldande praksis, noko til dømes artikkelen Stiller gladeleg opp på bortebane viser godt, men me kan bli endå betre!

Ambisiøs berekraftssatsing

Gjennom 2019 har me arbeidd mykje med vår nye berekraftstrategi, som er tufta på FN sine berekraftsmål. Strategiprosessen har vist at me gjer mykje bra på den fronten allereie, men me både vil og skal løfta oss på dette området! Strategien set derfor klare og ambisiøse mål og tiltak for korleis konsernet skal driva endå meir berekraftig i åra som kjem. Desse tiltaka handlar ikkje berre om klima og miljø, dei skal også bidra til aktive og levande samfunn og ei økonomisk berekraftig forretningsdrift. 

Fokuset på berekraft er først og fremst rotfesta i eit ønske om at Bremnes Fryseri skal setta eit klima- og miljøavtrykk som me kan vera stolte av og framsnakka. Me lever av og i naturen, det er her verdiskapinga vår skjer, og då må me forvalta miljøet rundt oss på ein måte som gjer at det kan brukast også i framtida. Samtidig set me eit tydeleg likskapsteikn mellom berekraft og kvalitet, og berekraftig drift blir dermed ein avgjerande faktor for å oppfylla visjonen vår.

Det er med stoltheit og audmjukheit eg ser tilbake på 2019 og framover mot åra som kjem. Først og fremst er eg stolt av kollegaene mine. Resultata våre kjem frå arbeidet som kvar og ein i konsernet legg ned, og eg kjenner meg privilegert som får leia eit slikt fantastisk mannskap. Hjartans takk for innsatsen!

Einar Eide
administrerande direktør, Bremnes Seashore