Berekraft på fleire område

Her bur seks millionar Salma-rekruttar

Ferdigstillinga av settefiskanlegget i Trovåg i 2019 gir konsernet 3 000 tonn storsmolt som er betre rusta for livet i sjøen. Det aukar ikkje berre verdien på oppdrettsproduksjonen vår, satsinga er også eit viktig bidrag i styrkinga av berekrafta.
– Anlegget her i Trovåg representerer eit kvantesprang i norsk laksenæring, meiner driftsleiar Øyvind Haraldseid

– Her ser alt bra ut. Fisken trivst og et godt, konstaterer Trude Gullhaug og Aina Stokka.

Duoen er ute på ein av dei daglege rundane i hall 0 for å sjå til den aller minste Bremnes-smolten. For Stokka er dette aller første dag i ny jobb, og mykje nytt å setta seg inn i.

– I denne hallen har me fisken frå han er fire gram og fram til han er rundt 50-60 gram. Deretter går han vidare til hall 1 for vaksinasjon og vidare tilvekst, forklarer Gullhaug.

Over halve livet på land

I tradisjonelt lakseoppdrett veg smolten gjerne rundt 100 gram når han har blitt sett ut i sjøen. I Trovåg får laksen symja rundt i friskt, resirkulert og reinsa vatn med jamn temperatur heilt til han veg rundt halvkiloen. Først då kjem båten og fraktar han ut til merden.

– Satsinga på storsmolt er eit viktig grep for å auka verdien på oppdrettsproduksjonen vår, og hovudgevinsten er at me kortar ned produksjonstida ute i sjøen. No lever fisken over halve livet på land, og dermed er han mindre utsett for sjukdomar og lus – samtidig som me kortar ned tida der fisken står i varierande sjøtemperatur og har ujamt vektpåslag. Innomhus i Trovåg har me full kontroll på vasskvaliteten og temperaturen. Her er fisken så å seia heilt beskytta mot sjukdomar, og utan kalde vintrar veks han jamt og trutt. I sum gjer dette at den samla produksjonstida i sjø har gått ned frå 18 til 12 månader, og at me vonleg reduserer kostnadene til luse- og sjukdomsbehandlingar, forklarer Vidar Steinsbø, leiar for settefiskavdelinga i Bremnes Seashore.

No lever fisken over halve livet på land, og dermed er han mindre utsett for sjukdomar og lus.

Vidar Steinsbø produksjonssjef i settefiskavdelinga i Bremnes Seashore

20 gonger større produksjon

Mens anlegget i Trovåg tidlegare produserte rundt 150 tonn i året, har dei fire nye hallane ein kapasitet på heile 3 000 tonn. Full produksjon oppnår me først i 2020, men første kull storsmolt er allereie hausta som vaksen laks.

– Eg meiner anlegget representerer eit kvantesprang i norsk laksenæring, der me er blant dei første som produserer smolt – eller SALMA-rekruttar som eg gjerne kallar dei – heilt frå rogn og fram til 500 gram. For meg som har vore med sidan oppstarten med settefisk her inne i 1986, har det vore ei fantastisk reise, smiler Øyvind Haraldseid, driftsleiar for anlegget og prosjektleiar for utbygginga.

– Eg trur ikkje det er mange oppdrettsselskap av liknande storleik som har same snittvekta på smolten dei set ut i 2020 som det me har. Det gir oss eit fortrinn, og gjer oss godt posisjonerte for framtida, supplerer Steinsbø.

Slammet er ressurs for andre

Investeringa til rundt 600 millionar kroner betyr også eit løft for berekrafta til konsernet. På klima- og miljøfronten er redusert ferskvassforbruk, lågare utslepp av slam i sjøen, energiøkonomisering og utfasing av diesel som energikjelde til oppvarming positive bidrag.

– Før var Trovåg eit gjennomstrøymingsanlegg som brukte mykje ferskvatn – noko som er ein avgrensa ressurs. Den nye resirkuleringsteknologien gjer at me i dag faktisk brukar mindre vatn på 3 000 tonn fisk enn me tidlegare gjorde på 150 tonn, forklarer Haraldseid og Steinsbø.

Alt vatn som går ut av anlegget blir reinsa for fôrrestar og andre partiklar. Dermed sparer me havet for tilførsel av rundt 300 tonn slam, samanlikna med tradisjonelt oppdrett der smolten blir sett tidlegare ut i sjø.

– Slammet frå Trovåg er dessutan ein ressurs for andre. I dag blir det brukt som energikjelde i sementproduksjon, men det kan ha mange fleire bruksområde. Me opplever stadig at aktørar som vil nyttiggjera seg slammet tar kontakt, opplyser Steinsbø.

Kortare produksjonstid i sjø kan òg redusera belastninga på miljøet rundt oppdrettslokalitetane våre dersom anlegga blir liggande brakk i lengre periodar, og det kan bidra til å redusera sjukdoms- og lusepresset i området. Det siste gagnar helsa og velferda til både oppdrettslaksen og villaksen.

– Utbygginga har betydd veldig mykje for lokalsamfunnet, seier driftskoordinator Anne-Brith Skogen Haakull, som har jobba på settefiskanlegget i Trovåg sidan 1987.

Viktige arbeidsplassar

Samstundes omfattar FNs berekraftsmål langt meir enn berre klima- og miljøtiltak. Anstendig arbeid og økonomisk vekst er eitt av dei, og i konsernet sin eigen berekraftstrategi tek me mål av oss å bidra som ein aktiv samfunnsbyggar. På dette området slår investeringa me har gjort i Trovåg inn på fleire område.

– Då eg byrja her i 1987 var me tre tilsette. No er me 23, så utbygginga har betydd veldig mykje for lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar. Aktiviteten vår bidreg også til skatteinntekter for kommunen, i tillegg til at me kjøper mange varer og tenester lokalt – både no i driftsfasen og i utbyggingsfasen, påpeikar driftskoordinator Anne-Brith Skogen Haakull – som lyser av stoltheit.

– Det er veldig givande å gå på jobb blant masse flinke, unge folk som verkeleg er interesserte i det dei held på med, smiler veteranen.


Driftsoperatør Aina Stokka (t.v) og teknisk ansvarleg Trude Gullhaug sjekkar tilstanden hos den aller minste smolten i Trovåg. 

– Kjekt å bidra til verdas matproduksjon

Aina Stokka er ei av dei som greip sjansen då det opna seg ei ledig stilling som driftsoperatør på settefiskanlegget.

– Eg har næringsmiddelteknisk utdanning, men har jobba i elektronikkindustrien i 18 år. Skulle eg skifta beite, var tida inne no. Settefiskproduksjonen i Trovåg verka spennande, og i tillegg får eg mykje kortare veg til jobb enn før, seier Stokka, som bur i nærområdet.

Nykomaren får god innføring av kollega Trude Gullhaug. Etter tre år som hallansvarleg, er også ho på veg inn i ny jobb. 

– Eg skal over i stillinga som teknisk ansvarleg. Då blir eg del av det tekniske teamet som jobbar på heile anlegget, og får brukt den tekniske utdanninga og erfaringa mi i større grad. Det gler eg meg til, smiler Gullhaug, som tidlegare jobba som instrumentingeniør i Aibel. 

– Det handlar om å få fram størst og finast mogleg fisk, seier Daniel Langelandsvik, teknisk ansvarleg i hall 2.

Inne i hall 2 blir høgreiste Daniel Langelandsvik liten attmed det gigantiske smoltkaret han er i ferd med å fylla med fisk. Her får smolten sitt første møte med saltvatn, eller brakkvatn med 12 promille sjøvatn for å vera nøyaktig.

– Dette er første test av det nye transportsystemet som bringer smolten inn frå hall 1, og så langt fungerer alt som det skal, konstaterer Langelandsvik, teknisk ansvarleg i hall 2.

Skjoldabuen, som tidlegare arbeidde på slakteri, stortrivst på jobb.

– Det er kjekt å bidra til verdas matproduksjon, sjølv om det kanskje ikkje er det eg tenker på når eg står og jobbar på ei pumpe. Eg har varierte dagar, og det er spennande å sjå kor godt me klarer kvart innsett. Det handlar jo om å få fram størst og finast mogleg fisk, smiler Langelandsvik.