Året då politikk blei største risiko for næringa
Høg laksepris er blitt ein føresetnad for å kunne drive økonomisk forsvarleg. Dessverre ser vi at prisen har blitt veldig høg for enkelt kundar og segment. Den svake krona gjer heldigvis at kundane ikkje får heile prisstigninga i sin lokale valuta, og det hjelper på.
Å produsere ein kilo laks kostar i dag om lag tre gonger meir enn for berre få år sidan, som følge av ein dramatisk prisauke på blant anna fôr, straum og flyfrakt. Lus og strenge myndigheitskrav driv også opp kostnadene. Det er heller ingen auke i produksjonen å fordele dei store faste kostnadene på. Denne kostnadsauken har føregått i nokre år, men starta for alvor i pandemien og heldt fram i 2022 som konsekvens av den meiningslause krigen i Ukraina og svekkinga av den norske krona.
Biologien har også vore ei utfordring i 2022. Dette skapte vanskar i produksjonen og pressa utgiftene våre oppover. Då var det godt å sjå at satsinga vår på postsmolt gav effekt i fleire fiskegrupper – med kort produksjonstid og gode resultat på fleire lokalitetar.
Det er òg inspirerande å notere at konsernet i 2022 tok nye steg i arbeidet med å bli ein endå meir berekraftig og ansvarleg lakseprodusent. Ny Code of Conduct, fleire ASC-sertifiseringar og gode gjenbruksinitiativ i oppdrettsavdelinga, er nokre døme på dette.
Ein ny foredlingsfabrikk er under bygging. Her er det mykje nybrotsarbeid som er svært spennande. Tidspress og store utfordringar fører til mykje arbeid. Alle står på for å gi oss ein framtidsretta og topp moderne fabrikk. Denne ser vi fram til blir ferdig i starten av 2024.
Konsernet har dei siste åra fått fullt eigarskap til heile verdikjeda vår, frå smolt til sal av høgforedla merkevare av laks. For å betre samhandlinga på tvers og auke gjennomføringskrafta vår, delte konsernet seg i 2022 inn i nye avdelingar og støttefunksjonar – under ei ny og felles konsernleiargruppe. Det er ein styrke for oss i det vidare arbeidet – ikkje minst for dei to salsapparata våre som no har fått felles leiing.
I skrivande stund har vi fått ein del avklaringar på den endelege utforminga av grunnrenteskatten på havbruk. Her er endå mykje som ikkje er bestemt, og den store uvissa frå 2022 lever vidare inn i 2023. Heldigvis ser det ut til at vi har vi unngått det verste scenarioet. Det er ei stor lette. Samla grunnrenteskatt, produksjonsavgift og formueskatten vil bli ei stor ekstrabelastning for ei heil næring, spesielt for dei største aktørane. Dei fulle konsekvensane av skatte vil vi først sjå om nokre år. Men når ein stor del av overskotet til bedriftene skal betalast inn i skatt, så vil det føre til mindre aktivitet, mindre investeringar, mindre FOU-aktivitet, færre midlar til lokalsamfunn på kysten og færre arbeidsplassar. «Da snakka sjøl», som mamma sa.
Som i tidlegare år, var det viktigaste bidraget i 2022 den enorme innsatsen alle våre tilsette la ned for å levere trygg, god kvalitetsmat og utvikle verksemda vidare. Denne fantastiske prestasjonen må vi ta med oss som motivasjon vidare inn i 2023. Ein god del tilpassingar vil det bli når vi no går inn i eit nytt skatteregime, men dette greier vi saman!
Hjartans takk til kvar og ein av dykk! Fantastisk jobba! •
Olav Svendsen • konsernsjef, Bremnes Fryseri