Miljø og klima

Fjordane der vi driv lakseoppdrett er viktige for naturmangfaldet, miljøet og lokalsamfunna. Vi tar ansvaret for berekraftig akvakultur på alvor. All produksjon har fotavtrykk, men vi skal minimere påverkinga vi har på omgivnadene våre.
Bremnes Seashore bidrar til sjekking og rydding av strandsona i område vi har drift i. Her er driftsoperatør Idar Ersland ved gamle bildekk henta opp frå Kulleseidkanalen i Bømlo kommune.

Miljøet rundt anlegga

Eksterne og uavhengige organ undersøker miljøtilstanden og sjøbotnen rundt anlegga våre, i tråd med krav frå myndigheitene, kundane og sertifiseringsordningane. Vi brakklegg lokalitetane mellom kvar generasjon. I takt med at vi aukar storleiken på smolten, og derfor reduserer tida laksen står i sjø, har vi brakklagt lokalitetane i lengre periodar.

Når anlegga er nær full produksjon gjer vi undersøkingar av sjøbotnen under merdane (B-undersøkingar) og i eit større område (C-undersøkingar). Ved årsskiftet var tilstanden under alle våre anlegg anten veldig god (tilstand 1) eller god (tilstand 2) i B-undersøkingar.

Ved tildeling av nye lokalitetar gjennomfører vi ei tredjeparts konsekvensutgreiing for biologisk mangfald, der miljøet på havbotnen, verneområde og raudlisteartar blir kartlagde i områda rundt lokaliteten.

Marijann B. Larsen og kollegaene ved settefiskanlegget i Trovåg har sett i verk tiltak for å redusere straumforbruket.

Artsmangfaldet rundt lokalitetane er viktig for oss. Sjølv med gode tiltak for å redusere påverknaden hendar det at vi finn daude fuglar og pattedyr ved anlegga våre. Gjennom året er det funne elleve daude fuglar. Av desse er sju sårbare artar (gråmåke og ærfugl) og ein er den kritisk truga arten hettemåke. Vi har i tillegg avliva to gråhegrer.

Gode prosedyrar og varslingsrutinar, øvingar og system for kriseberedskap gjer at vi skal vere klare dersom det oppstår uventa hendingar som kan påverke miljøet. Ved slakteriet i Kvednavikjo står industrivernet klart dersom hendingar skulle oppstå.

God tilstand på sjøbotnen

Undersøkingar av sjøbotnen under anlegga viste veldig god eller god tilstand ved alle våre anlegg.

Ryddar avfall i skjergarden

To gonger i 2022 har selskapet Skjærgårdsservice rydda ein kilometer strandlinje rundt alle anlegga våre på oppdrag frå Bremnes Seashore.

Lokaliteten Holevik hadde ei rømmingshending i juli 2022. Vi sette i verk beredskapsplanane, og fanga 49 laks nær lokaliteten. Fiskeridirektoratet har konkludert med at 1 137 laks rømde. I ettertid har vi overvaka vassdrag i eit stort område rundt lokaliteten.

Ressursbruk

Logistikkmedarbeidar Metin Ismael ved plastpallar frå resirkulert havbruksavfall i bruk på logistikken med palletering av SALMA.

Konsernet brukte om lag 28 GWh elektrisitet i 2022, ein nedgang på over 1,4 GWh frå året før. I tillegg til generelle tiltak for energisparing i takt med høgare merksemd på energiknappheit og straumprisar, så er det gjort ei vesentleg ombygging av anlegget på Trovåg. Der vatnet før rann rett gjennom klekkeriet vårt, så blir vatnet no brukt fleire gangar – noko som er energisparande. I tillegg er temperaturen i kara i settefiskanlegget redusert noko.

I produksjonen brukte me 5 572 tonn drivstoff (bensin, diesel og MGO) inkludert brønnbåtar, 126 tonn propan og 335 tonn CO2.

Vassforbruket frå eigne kjelder var i 2022 på om lag 14,75 mill. m3, medan forbruket frå offentleg vassnett var på 256 971 m3. 5,76 mill. m3 sjøvatn blei brukt i produksjonen.

0
MWh

Straumsparing

Konsernet brukte om lag 28 GWh elektrisitet i 2022. Det er ein reduksjon på over 1,4 GWh (1 400 MWh) frå året før.

I 2022 gjennomførte vi eit pilotprosjekt saman med AION og Circmar, om bruk av plastpallar som erstatning for trepallar i transporten av produkt til marknadene. Plastpallane er laga av resirkulert havbruksavfall, og skal – i motsetnad til dagens trepallar – brukast om og om igjen.

Avfall frå aktivitetane våre skal ikkje hamne på avvegar. Bremnes Seashore har derfor strenge prosedyrar for kjeldesortering og returordningar for avfallet frå produksjonen vår. Alt avfall blir levert til godkjente avfallssorteringsanlegg, ensilasje frå sjøanlegga blir levert til energiproduksjon, og avfallet frå settefiskanlegget Trovåg går til gjødsel.

Reduksjon av avfallsmengde, auka sorteringsgrad og lengre levetid på innsatsfaktorar, er viktige mål framover. Gjennom året har me samarbeidd med ulike leverandørar for å auke levetida for fortøyingstau og flytekragar, noko som reduserer både avfallsmengda og utslepp i samband med produksjon av nytt utstyr.

Vassdragsteknisk ansvarleg Geir Magne Knutsen sjekkar damtryggleik ved Skålavikvatnet på Goddo, Bømlo.

Sjølv med gode prosedyrar for avfall, gir det ekstra tryggleik med ein ytre gjennomgang av områda vi har drift i. Selskapet Skjærgårdsservice ryddar skjergarden for plast og avfall, mellom anna på oppdrag frå Bremnes Seashore. To gongar i året har dei rydda ein kilometer strandlinje rundt alle anlegga våre. Dei finn mykje plast og avfall, både frå oppdrettsnæringa og andre kjelder. Tilbakemeldinga er at mykje av avfallet er gammalt, og at det er mindre å finna ved gjentekne besøk på same stranda.
Damtryggleik

Bremnes Seashore har ansvar for damtryggleiken ved dei vassdraga der vi har konsesjon frå Noregs vassdrags- og energidirektorat. Åtte dammar ved settefiskanlegga i Skålevik og Trovåg har konsesjon frå NVE, og ved to av vassdraga vil dambrot få meir enn ubetydelege konsekvensar. Gjennom prosedyrar, tilsyn og intern vassdragsteknisk ansvarleg følgjer Bremnes Seashore opp damtryggleiken.Det er gjennomført tilsyn ved alle våre anlegg i 2022.

Klima

Lakseoppdrett er ein klimaeffektiv form for kjøttproduksjon. Vi arbeider likevel medvite for å redusere utsleppa våre, både i eigen produksjon og for innkjøpte varer og tenester. Målet vårt er å redusere eigne klimagassutslepp med 45 prosent frå 2020 til 2030.

Bremnes Fryseri eig Sjór, og det er rekna inn utslepp frå eksport av eit betydeleg større volum enn Bremnes Seashore produserer sjølv. Fisk kjøpt av andre oppdrettarar, og som er slakta ved vårt slakteri, er også rekna inn.

Våre eigne utslepp er isolert sett viktige, men bidraget vårt kan bli betydeleg større dersom vi kan vise fram gode løysingar også for andre oppdrettarar og matprodusentar.

– Innkjøpsavdelinga krev klimarapportering i alle avtalar som vi inngår, fortel innkjøpssjef Mikael Søgaard.
0%

Mål for 2030

Bremnes Seashore skal redusere eigne klimagassutslepp med 45 % innan 2030.

0%

Reduksjon

Klimarekneskapen viser ein utsleppsreduksjon på 21,98 prosent frå 2020 til 2022.

0
tonn CO2

Utslepp i 2022

Samla totale utslepp fra Scope 1, 2 og 3.

Sidan klimarekneskapen vi la fram i fjorårets årsrapport har vi fått betre tal og meir oversikt over leverandørleddet, og vi har difor endra tala også for dei tidlegare åra.

Med nye utrekningar har vi i 2022 ein nedgang på 89 172 tonn CO2 eller 22 prosent, sidan referanseåret 2020. Nedgangen skuldast også noko lågare innkjøp av ekstern fisk og mindre bruk av flyfrakt.

Dei største utsleppa våre er alle i leverandørleddet, eller Scope 3, etter GHG-protokollen. Vi arbeider difor systematisk for å sette tydelege krav i alle innkjøpsavtalar vi inngår. Dei tre største utsleppsfaktorane er kjøp av laksefôr, kjøp av laks frå andre oppdrettarar og transport av laksen fram til kundane. Vi arbeider difor langsiktig med fôrleverandørane, samtidig som vi ser etter alternativ til flyfrakt.

Klimarekneskapen er hefta med usikkerheit, sidan datakvaliteten frå leverandørkjeda er svært varierande. Vi må no i stor grad basere oss på informasjon frå leverandørar, som vi i avgrensa grad har hatt høve til å kontrollere. Dette førar med seg at også tala for tidlegare år er ulike frå tidlegare rapporteringar, i tråd med at vi får betre informasjon frå leverandørane. Framover vil vi arbeide å styrke datakvaliteten, samtidig som vi vil sette i verk tiltak for reduksjonar fram mot 2030.

Klimarekneskapen

202220212020Endring prosent
frå 2020
Endring tonn CO2
frå 2020
Scope 118 538,5514 026,5910 748,68-72,47 %-7 788,98
Køyretøy13,888,235,17-168,47 %-8,71
Drivstofforbruk18 189,1013 151,5010 105,59-79,99 %-8 083,51
Gassar334,68866,86637,9247,54 %303,24
Scope 20,000,0010 305,86100,00 %10 305,86
- Energiforbruk marknadsbasert*0,000,0010 305,86100,00 %10 305,86
- Energiforbruk lokasjonsbasert*308,46500,98442,4230,28 %133,96
Scope 3297 893,21335 451,76384 549,2522,53 %86 656,08
Kjøpte varer og tenester171 850,32168 681,42221 553,7022,43 %49 703,38
Drivstoff- og energiaktivitetar4 212,693 072,902 295,22-83,54 %-1 917,47
Avfallshandtering304,2170,6316,81-1709,70 %-287,40
Tenestereiser186,27117,23142,43-30,78 %-43,84
Nedstraums transport og distribusjon121 077,69163 509,58160 541,0924,58 %39 463,40
Investeringar261,990,000,00-261,99
Sum316 431,76349 478,35405 603,7921,99 %89 172,96

*Bremnes Fryseri har kjøpt opphavsgarantiar for straum frå 2021. Konsernet brukte 26 gWh elektrisitet i 2020, 29,5 gWh i 2021 og 28 gWh i 2022.

Nærare informasjon finn du her: Klimarekneskap og ressursbruk»