Styret si årsmelding for 2022

Nøkkeltal og høgdepunkt

(i millionar NOK, med mindre anna er opplyst)

2022 2021 2020
Finansiell informasjon
Sum inntekter6 284,85 249,03 147,6
Resultat før finansposter og skattekostnad171,8183,8165,8
Driftskostnader5 977,14 916,82 798,0
Årets resultat134,2133,1130,7
Kortsiktig gjeld1 016,2726,5613,8
Langsiktig finansiell gjeld75,4439,6548,6
Netto rentebærande gjeld414,1323,0230,1
Sum eigedeler2 905,22 898,02 890,3
Aksjekapital6,16,16,1
Sum eigenkapital1 633,91 564,21 591,2
Netto gjeld over sysselsatt kapital %21,9 %14,9 %10,1 %
Berekna ROACE %8,5 %8,3 %7,4 %
Operasjonell informasjon
Slaktevolum laks (mt gwt)27 308,826 213,827 795,5
Ståande biomasse sjø (mt lw)17 251,718 069,118 255,9
Gjennomsnittleg MTB-utnytting91,5 %90,6 %95,7 %

2022 OPPSUMMERT

Året 2022 var krevjande på fleire område, med store endringar i eksterne rammevilkår. Koronapandemien førte til utfordringar i den globale matvarehandelen, særleg når det gjeld logistikk. Desse utfordringane heldt fram for enkelte marknader gjennom året. Russlands invasjon av Ukraina den 24. februar 2022 hadde store konsekvensar for verdas matvareproduksjon, inkludert den norske sjømatnæringa. Importen av kornvarer frå Ukraina, som er viktig for norsk fiskefôr, blei stansa. Fôrprodusentane måtte finne alternative kjelder, noko som bidrog til inflasjon på fleire viktige innsatsfaktorar. Særleg har utviklinga i fôr- og straumkostnader prega kostnadsutviklinga negativt i 2022. Likevel blei effekten av kostnadsauken motverka av høge lakseprisar. Lakseprisane blei høge særleg på grunn av låge slaktevolum i første halvår kombinert med høg del nedklassa fisk. Prisutviklinga blei ei utfordring for marknadsarbeidet, spesielt i horeca-segmentet. Konsernet hadde ved starten av året høg kontraktsdekning på prisnivå som viste seg å vere godt under referanseprisane på Nasdaq-indeksen. I tillegg opplevde vi store produksjonsutfordringar med ein negativ utvikling i vekst­takten i sjø, og tilhøyrande aukande fôrfaktor, noko som bidrog til å forsterke kostnadsutviklinga. Summen av dette førte til eit press på lønsemda, og årsresultatet blei skuffande sett i lys av prisutviklinga på laks.

Av andre kritiske endringar i rammevilkåra må spesielt utviklinga i skattlegginga av bransjen nemnast. Styresmaktene innførte vesentlege skatteskjerpingar på verdifastsettinga av havbruksløyve, og satsane for formuesskatt og utbytteskatt blei kraftig auka. Den generelle skjerpinga har verka negativt på alle delar av norsk næringsliv, og konsekvensane for lakseprodusentane blir særleg store som følgje av endringane i verdifastsettinga. Skattemyndigheitene utarbeidde ein rettleiar som legg til grunn at havbruksløyva har same verdi som sal av vekst gjennom statens auksjonssal.

Bremnes Seashore har vore sponsor for mange store og små kultur- og idrettsarrangement i lokalsamfunna, mellom anna Sunnhordland Maraton på Stord. Her ved Roger Mæland Krogsæther.

Dette fører til at verdien på løyva blir kunstig oppblåst, noko som gir ein dramatisk og einsidig auke i skattetrykket på havbrukselskap som ikkje er børsnoterte. Vidare føreslo regjeringa den 28. september å innføre ei kontantstrømbasert grunnrenteskatt, 50 prosent auke i produksjonsavgifta og ei ny naturressursskatt på norsk havbruksnæring. Regjeringa innførte grunnrenteskatt frå 1. januar 2023 – tre dagar før høyringsfristen gjekk ut og fleire månader før Stortinget skulle ta stilling til saka. Auken i produksjonsavgifta kom allereie i statsbudsjettet for 2023 og blei vedteken av eit samrøystes Storting. Forslaget om ei ny kontantstrømbasert grunnrenteskatt kom berre to år etter at Stortinget vedtok ei ny særskatt for havbruksnæringa i form av produksjonsavgift. I kombinasjon med sal av løyve har produksjonsavgifta gitt myndigheitene milliardar av kroner i inntekter ut over ordinær skatt. Næringa har vore positive til denne skatten og korleis den har kompensert storsamfunnet og lokalsamfunna for lån av areal til produksjon av fisk. Det var difor overraskande at regjeringa fremma forslaget om grunnrenteskatt, særleg sidan begge regjeringspartia tydeleg gjekk mot innføring av ei ny grunnrenteskatt i valkampen. Vi opplever konsekvensane av regjeringas forslag som dramatiske. Dei fører med seg nedskalerte, utsette eller avlyste investeringar, stor usikkerheit og nedbygging av marknadsarbeidet, og permitteringar. Ein kontantstrømbasert grunnrenteskatt passar ikkje norsk havbruk og havbrukets verdikjede, i tillegg har regjeringas prosess vore lite føreseieleg og svært klanderverdig – at skatten blir foreslått innført før næringa, Stortinget eller regjeringa veit korleis ho blir sjåande ut, er å drive skattlegging i blinde, og er slik ein forvaltningsskikk som motverkar dei langsiktige rammene for næringsutvikling og investeringar i landet.

Som mange andre i vår bransje har vi opplevd at endringane i rammevilkåra har stilt større krav til oss både strategisk og operativt. Vi har gjennom 2022 soleis hatt høg fokus på strategiarbeid og gjennomført vesentlege omorganiseringar blant anna for å integrere verdikjeda vår enda tettare. Dette gjer vi for å sikre at konsernet og produkta skal halde fram som relevante for våre kundar. Sentralt i dette arbeidet står vår overtyding om samanhengane mellom fiskevelferd og kvalitet. I tillegg er berekraftstilnærminga i alle delar av produksjonen og sikring av sunn mat berande element. Vi har lagt større vekt på alle dei positive moglegheitene som ligg føre oss, og har gjennom iverksetjing av betydelege investeringar i utvida foredlingskapasitet og innføring av ASC-sertifisering gjort grep for å møte endringane i marknaden.

Den samla omsetninga til konsernet var rekordhøg i 2022, med totale inntekter på NOK 6 284,8 millionar. Det er ein auke på 19,7 prosent samanlikna med 2021. Omsetningsauken kjem hovudsakleg som eit resultat av utviklinga i lakseprisen.

Oppdrettsverksemda var i første halvår prega av at vi drog med oss ei utfordrande avslutning på 2021 med høgt lusetrykk, biologiske utfordringar og forsering av slakting som følgje av ILA-påvising. Gjennom sommaren og tidleg haust byggjer vi opp att ein stor biomasse i sjøen og har god tilvekst, generelt god fiskehelse og dermed også ein relativ høg underliggjande overleving. På tampen av året går lusetrykket noko ned som gjer at vi ved utgangen av året har tilnærma full konsesjonsutnytting inn i 2023. Hovudlinjene i utfordringsbiletet er adressert gjennom i større grad gjere grep som førebygger lus og sjukdom, fokusere på problemstillingane som påverkar heilskapsprestasjonen og aktivt forbetre planlegging og operasjonsgjennomføring.

Merkevarene SALMA og BÖMLO omsette samla på rekordnivå, med eit totalvolum på 4 953 tonn (pw) ferdigvarer. Ein slik produksjon kravde råstoff tilsvarande 31,2 prosent av heile slaktevolumet til konsernet i 2022.

Vi nyskapar og arbeider hardt for å industrialisere eigen produksjon gjennom auka produksjonskontroll og digitalisering. Vi lanserer produkt som set standarden i sine marknader. Vi investerer i våre tilsette og utviklar eigne talent. Dette er alle gode eksempel på etterleving av verdiane våre – truverd, arbeidsglede og utvikling – noko som gir god grobotn for forventningar til fortsettinga.

BREMNES FRYSERI-KONSERNET

Bremnes Fryseri har hovudkontor i Bømlo kommune, med produksjonsavdelingar i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, og salskontor i Bergen, Oslo, Stockholm og Paris. Verksemda til konsernet omfattar i all hovudsak oppdrett av storsmolt og matfisk, samt slakting, pakking, foredling og sal av oppdrettslaks og lakseprodukt.

Visjonen vår er å sette den globale standarden for kvalitetslaks. For å verkeleggjere denne visjonen må vi vere best på kvalitet, etisk standard og berekraftig miljøarbeid – med eit fokus retta mot ferskheit, hygiene, fiskevelferd, kunnskap og innovasjonsevne. Som føregangsbedrift for kvalitetslaks må vi òg styrke posisjonen vår som ein leiande leverandør, med høgast tilfredsheit hos utvalde kundegrupper i den globale marknaden. For å klare dette, tar vi mål av oss å dra nytte av heile den integrerte verdikjeda og å leie an i utviklinga av kvalitetsfremmande produksjonstiltak. Ved å legge vekt på endå betre samhandling, sikrar vi langsiktig verdiskaping for våre kundar og konsernet gjennom optimal drift, sterk konkurransekraft, auka produksjonsvolum, reduserte kostnadar og auka volum av foredla varer.

Det strategiske fokuset for konsernet omfattar berekraft, auka verdi på produksjonen, styrkt kostnadsfokus, i tillegg til å skape meirverdi gjennom merkevarer og konsept. Det er avgjerande for konsernet å sikre ein berekraftig lakseproduksjon i sjø, og at ressursane våre blir brukte i samsvar med dette. Vi set likskapsteikn mellom berekraft og lønnsemd, og berekraftsfokuset vårt kjem til uttrykk gjennom dei krav vi set til samarbeidspartnarar i heile verdikjeda, innovasjonskulturen vår, og gjennom fokuset vårt på å sikre gode og trygge arbeidsplassar gjennom ein berekraftig og lønnsam produksjon og lokal verdiskaping. Gjennom investering i stor smolt, utvida samarbeid med naturlege partnarar i bransjen og målretta organisering, har vi ambisjon om å betre biologiske føresetnader, auke overlevinga og heve produksjonen på sjø under eksisterande løyve.

Lågare produksjonskostnad oppnår vi gjennom betre kapasitetsutnytting i produksjonen og tilrettelegging for optimalt produksjonsfokus. Omorganisering for spissa fokus på ei felles verdikjede vil bidra til meir effektiv drift gjennom støtte og frigjering av kapasitetar i verdiskapingsleddet. Positive bidrag vil også komme frå dei langsiktige satsingane på storsmolt, ASC-sertifisering og betre biologisk produksjon. Å skape meirverdi av laksen gjennom attraktive produkt for konsumentmarknaden skjer gjennom innovasjon og foredling av råstoff av høgaste kvalitet – i ein produksjon med høg automatiseringsgrad og strenge hygienekrav. Satsing på produkt som er attraktive for betalingsvillige kundar, og innovasjonar som genererer auka lønnsemd, sikrar meirverdi for konsernet.

Vi har tru på at felles fokus og betre samhandling vil vere forløysande for å hente ut potensialet i organisasjonen, slik at vi realiserer visjonen til konsernet.

Industrivernet har ei viktig rolle i beredskapen på anlegget i Kvednavikjo. Frå venstre: Dagfinn Gjerde, Iseyas G. Mana, Jens Andreas Södergran, Anita Hjellbakke, Sindre Habbestad, Dobrila Alagic, Odd Kristian Habbestad, Karina Børnes, Vibece Sørvik, Are Holsvik, Mersija Zekic og Reidar Myren. Ingvild Føyen Paulsen og Peder Martin Jensen var ikkje til stades då biletet blei tatt.

FINANSIELLE RESULTAT

Dei finansielle resultata er skapt i interaksjonen mellom menneske, natur og teknologi. Langsiktig suksess kviler på eit godt samspel mellom desse, i tillegg til vekst basert på miljømessig og finansiell berekraft.

KONSERNRESULTAT

Omsetning og volum

Omsetninga for 2022 var NOK 6 284,8 millionar, som var ein auke på 19,7 %, eller NOK 1 035,8 millionar, samanlikna med omsetninga på NOK 5 249,0 millionar i 2021. Den kraftige veksten i lakseprisen kombinert med vekst i foredla produkt er hovuddrivarane for omsetningsauken. Omsetninga var den høgaste i konsernet si historie. Den gjennomsnittlege lakseprisen auka med 35,3 % i 2022, samanlikna med 2021, men delar av denne veksten blei redusert som følgje av kontraktsposisjonar på ugunstige prisnivå. Total kontraktsandel for HOG-produkt i 2022 var 28,5 %.

Konsernet hadde eit slaktevolum på 27 309 tonn (gwt) fisk i 2022. Dette er en auke på 1 095 tonn frå året før. Det blei prosessert totalt 43 624 tonn (gwt) fisk gjennom året, noko som er ein nedgang på 4 103 tonn, eller 8,6 %, samanlikna med 2021.

Omsetnad per segment

0%

Brand

0%

Fillet

0%

HOG

0%

Ekstern HOG

Materialkostnad

Varekostnaden for 2022 enda på NOK 4 360,8 millionar, ein auke på 24,9 %, eller NOK 869,9 millionar, samanlikna med varekostnaden på NOK 3 490,9 millionar i 2021. Auken i lakseprisane har bidratt til å drive opp materialkostnaden på innkjøp av eksternprodusert fisk. I tillegg har krigen i Ukraina medført ein auke i fôrprisar og straumkostnader. Summen av dette utgjer veksten i varekostnaden.

Løns- og personalkostnader

Totale løns- og personalkostnader for 2022 var NOK 465,2 millionar, som var ein auke på 10,6 %, eller NOK 44,7 millionar, samanlikna med NOK 420,5 millionar i 2021. Auken kom hovudsakleg frå vekst i årsverk og lønsvekst, delvis driven av effektivitetstap som følgje av hurtige og uventa endringar i volumleveransar til prosessindustrien. Av veksten i lønskostnader kom NOK 15,0 millionar av auken frå foredlingsaktiviteten som følgje av ein vekst i filetproduksjonen på 40 %. Netto auke i 2022 var 24,4 årsverk, inkludert innleigd arbeidskraft.

Andre driftskostnader

Samanlikna med 2021 auka andre driftskostnader med NOK 143,3 millionar, eller 14,2 %, gjennom 2022. Dei auka kostnadene kjem hovudsakleg frå auka kostnader i forbindelse med transport og frakt frå salsaktivitetane som er klassifisert under andre driftskostnader, i tillegg til dei pågåande konkurranserettsprosessane i EU, USA og Canada. I tillegg opplever vi ein auke i bruk av brønnbåt i spotmarknaden som følgje av omfattande og svært krevjande lusehandsaming i haust. I ei kostnadsbase som er sensitiv for valutaendringar hjelper heller ikkje den kraftige svekkinga av den norske krona.

Driftsresultat (EBIT)

EBIT i 2022 blei NOK 171,8 millionar – ein reduksjon på 6,5 % samanlikna med NOK 183,8 millionar i 2021. Utviklinga er samansett, og er hovudsakleg driven av ein svært negativt kostnadsutvikling som samstundes er motverka positivt av betre gjennomsnittleg salspris i perioden. Effekten av lakseprisutviklinga er ikkje henta ut i fult monn som følgje av kontraktsposisjonane i 2022.

Avkastning på sysselsett kapital (ROCE)

ROCE var 9,1 % for 2022, ein auke frå 8,5 % i 2021. Auken kom som eit resultat av utviklinga i driftsmarginar, justert for ekstraordinære nedskrivingar på biomasse og utstyr. Forbetringa var driven av utviklinga i lakseprisen, og kjem til tross for den negative utviklinga i produksjonskostnaden. Det langsiktige målet er ein ROCE på over 12 prosent.

Finanskostnader

For 2022 blei finanskostnadene reduserte til NOK -0,1 millionar, samanlikna med NOK 10,0 millionar i 2021. Utviklinga kjem i sin heilheit frå auke i andre renteinntekter og positive urealiserte valutaposisjonar. Samstundes auka finansieringskostnadene då gjennomsnittleg renteberande gjeld i 2022 var NOK 368,6 millionar, ein auke samanlikna med NOK 276,6 millionar i 2021. Netto renteberande gjeld per 31. desember 2022 var totalt NOK 414,1 millionar.

Konsernet er eksponert for finansiell risiko i form av marknadsrisiko, valutarisiko, kredittrisiko og likviditetsrisiko. I den grad konsernet har sett det som naudsynt, har vi styrt risikoen ved bruk av finansielle instrument og forsikringsordningar.

Skatt

For 2022 blei skattekostnaden på NOK 37,7 millionar, samanlikna med NOK 40,7 millionar i 2021.
KONSESJONAR
Konsernet har 21,8 ordinære konsesjonar i tillegg til tre forskings- og utviklingskonsesjonar. Den bokførte verdien av konsesjonsrettane er i årsrekneskapen oppført med NOK 242,8 millionar for 2022, uendra frå 2021. Målt i NOK per kg produsert laks utgjer dette NOK 9,81. Den gjennomsnittlege netto utnyttinga av konsesjonane var 91,5 % i 2022. Samanlikna med 90,6 % i 2021, utgjer dette ein auke som kjem til tross for ein svært utfordrande situasjon – som resultat av større biologiske utfordringar første halvår 2022. Det er ei forventning om ei forbetring i utnyttinga dei kommande åra. Eit viktig element i denne samanheng er satsinga på større gjennomsnittsvekt på smolt som blir sett ut, noko som vil bidra til kortare produksjonstid i sjø og auka hausting per konsesjon.

LIKVIDITET OG KAPITALRESSURSAR

Dei viktigaste likviditetsressursane våre er kontantbehaldning, inntekter frå drift, og til ein viss grad banklån. Likviditetsbehovet kjem hovudsakleg gjennom varekostnader, inkludert ekstern fisk og fiskefôr, investeringar, annan arbeidskapital, og kapitalkostnader til behandling av gjeld og utbytte. Dagens behaldning av kontantar er tilstrekkeleg for å dekke arbeidskapitalbehova i ordinær verksemd.
Netto renteberande gjeld var NOK 414,1 millionar per 31. desember 2022, mot NOK 323,0 millionar for same tidspunkt i 2021. Netto gjeld over sysselsett kapital utgjorde 18,4 % for 2022, medan tilsvarande forhold var 13,9 % i 2021. Sterk prisauke på viktige innsatsfaktorar bidrog til auka arbeidskapitalbinding. I løpet av året auka arbeidskapitalen med NOK 149,3 millionar.

Bremnes Fryseri-konsernet har teikna styreansvarsforsikring for styrets medlemmar og leiande personell.

Fordeling mellom egenkapital og gjeld

0%

Langsiktig gjeld

0%

Kortsiktig gjeld

0%

Egenkapital

KONTANTSTRAUM

Kontantstraum frå drift

For 2022 enda kontantstraum frå drift på NOK 127,4 millionar, samanlikna med NOK 136,7 millionar for 2021. Nedgangen kom frå auke av varelager og netto fordringar.

Kontantstraum frå investeringar

Kontantstraum frå investeringar var NOK -218,4 millionar for 2022, mot NOK -79,6 millionar i 2021 – på grunn av auka investeringsaktivitet i 2022.

Kontantstraum frå finansiering

Kontantstraum frå finansiering var NOK -141,9 millionar for 2022, samanlikna med NOK -114,5 millionar i 2021. Heile kontantstraum frå finansiering kom frå netto regulering av gjeld.

Ingvild Bjørnevik legg inn ein ladning ny rogn i settefiskanlegget i Trovåg.

ÅRSRESULTAT

Resultatet etter skatt kom på NOK 134,2 millionar. Dette er ein auke på NOK 1,1 millionar samanlikna med NOK 133,1 millionar i 2021.

DISPONERING AV RESULTAT

På den komande generalforsamlinga vil styret foreslå at årsresultatet på NOK 134,2 millionar skal disponerast som følger: NOK 65,0 millionar avsetjast til utbytte, og NOK 69,2 millionar overførast til anna eigenkapital.

VIDARE DRIFT

Med bakgrunn i dei finansielle resultata, blir det i samsvar med rekneskapslova § 3-3a stadfesta at føresetnaden om vidare drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen, og at rekneskapen gir eit rettmessig bilete av konsernet sine eigedelar, gjeld, finansielle posisjon og resultat. Stadfestinga er basert på rapporterte resultat og konsernet sin strategi, finansielle situasjon og etablerte budsjett.

BEREKRAFT

I store delar av verda er det eit stadig aukande fokus på berekraft og industriell verdiskaping. Sjømat, og særskilt akvakultur, må i framtida stå for ein større del av verdas matproduksjon. For å bygge vidare på posisjonen til dei marknadsleiande merkevarene våre, vil Bremnes Fryseri søke å stå fremst i utvalde satsingar for næringa si berekraftige utvikling.

I tillegg til krav frå styresmakter i Noreg og EU, møter vi heile tida sterkare krav frå kundar og forbrukarar. For langsiktig vekst og utvikling av konsernet og bransjen, er det avgjerande at drifta skjer i tråd med styrkte forventingar og krav til miljø, sirkulære prinsipp, reduksjonar i klimagassutslepp og ansvarleg forretningsframferd. Styret si oppgåve er å sikre at denne etikken blir tatt vare på etter beste evne, og derfor er også berekraft etablert som eit viktig fokusområde i strategien til konsernet.
Ved utgangen av 2022 var sju av våre lokalitetar ASC-sertifisert. Utrullinga av ASC held fram også i 2023.

Havbruk er proteintproduksjon med eit lågt CO2-utlepp. Vi må likevel arbeide systematisk for å redusere utsleppa, både frå fôr, produksjon og transport. Vårt mål er å redusere utsleppa med 45 prosent fram til 2030, og vi vil styrke klimaomstillingsarbeidet i åra framover.

Det er eit mål at oppdrettsverksemda blir driven forsvarleg etter miljømessige mål. Konsernet overvaker nøye sjøkvalitet og påverknad av botnforholda rundt anlegga for å sikre ei berekraftig drift med akseptabelt fotavtrykk på miljøet.

Berekraftsatsinga vår kjem òg til uttrykk i selskapsstyringa vår. I omorganiseringa i konsernet blir teknologi og berekraft løfta inn som del av konsernleiinga. Berekraftsatsinga er sentral i krava vi stiller til samarbeidspartnarar i heile verdikjeda, i innovasjonskulturen vår, og i arbeidet vårt for å sikre gode, trygge og utviklande arbeidsplassar som genererer lokal verdiskaping.

FORSKING OG UTVIKLING

I konsernet har vi som målsetting å utvikle oss gjennom målretta forsking og utvikling (FoU) saman med utvalde samarbeidspartnarar. Dette er viktig for å oppnå berekraftig vekst i bransjen gjennom god biologisk produksjon og eit mest mogleg klima- og miljøvenleg fotavtrykk. Arbeidet har i tillegg vore konsentrert rundt utvikling og forbetring av kvalitet og berekraft i slakte- og foredlingsprosessen, utvikling av nye foredla høgkvalitets merkevarer, og forsking på korleis vi kan utnytte heile råstoffet til menneskemat.

HELSE, MILJØ OG SIKKERHEIT

HMS-arbeidet held fram kontinuerleg. Det er viktig for Bremnes Fryseri-konsernet å ha ein levande og innarbeidd HMS-kultur med fokus på åtferd like mykje som det haldningsskapande arbeidet. Konsernet har to hovudverneombod og 12 verneombod fordelt i organisasjonen. Marknad er no integrert i vernearbeidet i konsernet. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har haldt fire møte i 2022.

Trygt Heim-omgrepet står sterkt i organisasjonen, og skal understreke at vi legg vekt på arbeidstryggleik for dei tilsette. Alle skal jobbe så sikkert at dei sjølve og kollegaene kjem trygt heim kvar dag. Styret har stor tru på at gode haldningar, som speglar seg i åtferd og gode val, er nøkkelen til førebygging av alvorlege skadar. For å styrke åtferd og etterleving jobbast det kontinuerleg med å få til ein kultur der kvar tilsett tek ansvar for både eiga og andre si sikkerheit. «Ser du det så eig du det» har blitt kommunisert til alle tilsette gjennom HMS-samlingar arrangert for heile verksemda. Innmelding av sikkerheitsobservasjonar, tett samarbeid med vernetenesta, vernerundar og risikoanalysar bidrar òg sterkt i det førebyggande arbeidet. I arbeidet med å bli ein lærande organisasjon, vil det i enda større grad bli lagt vekt på erfaringsutveksling frå hendingar.

Det jobbast kontinuerleg mot å nå Bremnes Fryseri-konsernet sin nullvisjon for alvorlege, arbeidsrelaterte personskadar. Det er etablert delmål for kjerneverksemda for å nå denne visjonen. Sikkerheita til dei tilsette og eit sunt arbeidsmiljø står høgt på styret sin agenda, og styret vil ikkje akseptere at ein går på kompromiss med tryggleiken for å møte andre driftsmål. Det ble meldt inn 873 sikkerheitsobservasjonar, noko som er ein auke på 23 prosent frå 2021. Samla sjukefråvær i konsernet utgjorde 6,5 prosent i 2022.

Styret vil framleis arbeide for forbetra helse og tryggleik i den vidare drifta.

TILSETTE

Ved utgangen av 2022 hadde konsernet 590 tilsette. Samanlikna med 2021 er det ein vekst på 11 tilsette. Bremnes Seashore-konsernet jobbar aktivt for å skape trygge og gode arbeidsforhold for alle våre medarbeidarar, og vi ønsker å tilby faste heiltidsstillingar til våre tilsette. Frå 2021 til 2022 var det ein stor nedgang i både midlertidige og deltidsstillingar i selskapet. Fiskeindustrien opplever varierande tilgang på råvarer gjennom året. Ein konsekvens av dette er periodiske permitteringar og behov for deltids- og midlertidige stillingar. Bremnes Seashore har derfor arbeidd for ei ordning med sesongjustert maksimal tillaten biomasse, noko som vil jamne ut tilgangen på råvarer gjennom året.

I konsernet hadde vi 15 lærlingar og ein praksiskandidat i 2022. Fem av desse avslutta læretida i løpet av året. To lærlingar fekk fast arbeid i konsernet, samtidig som fem nye lærlingar kom til oss, fire innan akvakultur og ein lærling i automasjon. Når VG1 akvakultur startar hausten 2023 er Bremnes Seashore Vestland fylke sin samarbeidspartner ved drift av undervisningskonsesjonen.

Styret rettar ein stor takk til alle tilsette for innsatsen som blei lagt ned i 2022.

LIKESTILLING OG MANGFALD

Bremnes Seashore-konsernet er opptatt av å trygge likestilling, sikre like moglegheiter og rettar, og å hindre diskriminering – i samsvar med diskrimineringslova sitt formål. Konsernet arbeider aktivt og planmessig for å sikre lovas formål om mangfald og likestilling. Aktivitetane omfattar blant anna rekruttering, løns- og arbeidsvilkår, karriereutvikling og vern mot trakassering.

Konsernet har som mål å vere en arbeidsplass der det ikkje skjer diskriminering på grunn av redusert funksjonsevne, og vi arbeider aktivt og målretta for å utforme dei fysiske forholda slik at verksemda sine ulike funksjonar kan nyttast av flest mogleg.

Havbruk er ei næring som tradisjonelt har vore samansett hovudsakleg av menn, men dei siste åra har fleire kvinner søkt seg til næringa. Dette ser vi også igjen i kjønnsbalansen i konsernet, der talet på kvinner har auka innan fleire område dei seinare åra, noko som også var tilfellet i 2022, der no 39 prosent av dei tilsette er kvinner. Av styrets sju medlemmer er ei kvinne. Vi har ein profesjonell rekrutteringsprosess der vi bruker anerkjende rekrutteringsverktøy og har rutinar som skal bidra til likestilling mellom kvinner og menn og hindre anna diskriminering. For å jamne ut kjønnsbalansen og hindre diskriminering, jobbar vi kontinuerleg for å få eit likestilt, inkluderande og mangfaldig arbeidsmiljø.

Bremnes Fryseri har tilsette frå mange kulturar og med ein mangfaldig erfaringsbakgrunn. Vi har 26 nasjonalitetar representerte i drifta vår.

Kjønnsfordeling i konsernet

0%
Menn
0%
Kvinner

COMPLIANCE OG FORRETNINGSETIKK

Kulturen vår er bygd på verdiane utvikling, truverd og arbeidsglede, og hos oss er det også viktig korleis vi skaper resultat – ikkje berre resultata i seg sjølve. Vår drift skal alltid vere i tråd med menneskerettane, og vi har nulltoleranse for økonomisk og miljømessig kriminalitet og korrupsjon. Bremnes Fryseri-konsernets arbeid med Compliance er forankra i konsernstyret.

I 2022 blei det igangsett eit omfattande arbeid for å etablere ein felles Compliance-funksjon for heile konsernet. I samband med arbeidet har vi etablert eit nytt overordna rammeverk for risikostyring og etterleving av lovar og krav som omhandlar drifta vår i alle ledd.

Vår oppdaterte Code of Conduct – eller etiske standard – blei implementert i organisasjonen i 2022. Standarden definerer dei fire etiske grunnprinsippa integritet, ansvar, openheit og medarbeidarskap – som er styrande for konsernets framferd. Tilsette går gjennom eit årleg opplæringsløp i den etiske standarden. Ein særleg Code of Conduct for våre forretningsforbindelsar skildrar våre forventningar til leverandørar og andre forretningsforbindelsar.

Openheitslova tredde i kraft første juli, og vi har gjennom året arbeidd med aktsemdsvurderingar for eiga drift og for forretningsforbindelsar. Innan 30. juni vil vi ha publisert vår rapport etter openheitslova § 5 på nettstaden.

Konsernet har prosedyre for varsling, både frå tilsette og frå eksterne interessentar.

I februar 2019 starta EU-kommisjonen ei etterforsking for å avdekke eventuelle konkurranseskadelege aktivitetar i den norske lakseindustrien. Sjór er eitt av selskapa som er under etterforsking. Basert på EU si etterforsking lanserte konkurransestyresmaktene i USA si eiga etterforsking i november 2019. To gruppesøksmål blei levert av direkte og indirekte kundar i USA, og tre nye gruppesøksmål blei levert i Canada. I løpet av 2022 blei massesøksmåla i USA forlikt, og myndigheitene i USA la bort si etterforsking. Tilsvarande pågår forliksforhandlingar i Canada som vi forventar at blir avslutta i løpet av 2023. Bremnes Fryseri er ikkje kjend med nokon form for konkurranseskadelege praksisar, eller andre praksisar som undergrev konkurransen, verken innanfor konsernet, i EU, USA eller Canada.

Konsernet samarbeider fullt ut med europeiske og amerikanske myndigheiter i desse sakene, og følgjer opp gruppesøksmåla i USA og Canada tilsvarande.

Konsernet har teikna forsikring for styret sine medlemmar og øvste leiing for deira moglege ansvar for føretaket og eksterne. Det har aldri vore naudsynt å bruke forsikringsdekninga ved noko høve.

Marknadsføring av SALMA under Tomatfestivalen på Finnøy i Rogaland. F.v. Siren Tjøstheim Stenvik og Siren Sørskår Ødegård.

MARKNADSUTSIKTER

Det globale slaktevolumet av atlantisk laks er forventa å auke med 2 % i 2023 samanlikna med 2022. Med avgrensa volumutvikling og sterk etterspørsel kan vi vanlegvis forvente høge prisar. Marknadssituasjonen er likevel spesiell i inngangen til 2023, med historisk låg kontraktsandel i bransjen som følgje av usikkerheita rundt grunnrenteskatten med tilhøyrande auka prisvolatilitet for forbrukar, kombinert med fallande kjøpekraft i dei fleste marknadene i verda.

Bremnes Fryseri har arbeidd med betring av rammebetingelsane for konsernet si drift. Politisk har vi arbeidd for å synleggjere konsekvensane av det totale skattetrykket som er påført dei familieeigde oppdrettsselskapa i Norge, gjennom først ei mangedobling av formueskatten på oppdrettløyva og deretter forslaget om grunnrenteskatt som kom 28. september. Konsekvensar og forslag til endringar er kommunisert i møte med politikarar og gjennom presseomtale. Den viktigaste konsekvensen av stort skattetrykk, er kraftig redusert investeringsevne.

Vi har også arbeidd med rammebetingelsar for norsk foredlingsindustri. Konsekvensar for framtidige arbeidsplassar av redusert investeringsevne er synleggjort. Konsernet har gjennom mange år teke samfunnsansvar ved å tilby arbeid til menneske frå mange kulturar og bakgrunnar. Verdien av dette for menneske og lokalsamfunn er synleggjort for og applaudert av lokalpolitikarar. Tiltak som innføring av sesongtilpassa MTB, oppretthalding av permitteringsregelverk og eit fornuftig regelverk for vikarbruk er viktig for å sikre både stabil råstofftilgong og stabile arbeidsplassar.

Konsernet har oppdrettsaktiviteten sin i PO2 og PO3. Dette er produksjonsområde som stort sett har gitt nullvekst eller nedtrekk etter at trafikklyssystemet blei innført. Gjennom samarbeid med nabobedriftene våre og statlege styresmakter arbeider vi med tiltak for å sikre grønt trafikklys i framtida. Saman med forskingsinstitusjonar og andre oppdrettsbedrifter arbeider vi kontinuerleg for å sikre eit best mogleg kunnskapsgrunnlag om indikatorane for trafikklys-systemet.

Bremnes Fryseri vil fortsette å investere i heile verdikjeda for å støtte organisk vekst. Styrken til marknaden for fersk laks har blitt testa gjennom auka prisar over fleire år, og etterspørselen har vore stabil. Ein betydeleg drivar i denne samanheng er foredla lakseprodukt, der trenden er at laksen er flytta vekk frå den tradisjonelle fiskedisken. No er han i stadig større grad å finne som enkle og brukarvenlege produkt i ferskvareseksjonen i alle typar daglegvarebutikkar. Gjennom produktutviklinga innan laksekategorien, kan kundane i større grad velje ferske, ferdigpakka produkt eller varer med større foredlingsgrad. Denne posisjoneringa blir vurdert som spesielt viktig, då høge prisar har opna for auka landproduksjon nærare marknaden. Vi har tru på at ei tydeleg posisjonering, basert på produktkvalitet, berekraft, sunnheit og sterke merkevarer, vil vere eit viktig tiltak for å oppretthalde tilfredsstillande marginar.

Kvalitetsomgrepet er i rask endring og forbrukarane krev stadig meir av oss. Kundane våre stiller no tydelegare og meir omfattande kvalitetskrav. Desse trendane er svært sentrale for den vidare utviklinga av Bremnes Fryseri, sidan vi sel kjente merkevarer med sterkt omdøme i marknadene. Laksen skal sjølvsagt smake minst like godt og sjå like delikat ut som i dag. For å møte forventingane må vi i tillegg bidra positivt til miljøet, folka og samfunnet rundt oss. Dette samfunnsansvaret vil krevje meir av oss i framtida, og vi skal vere ei av dei bedriftene som fangar desse endringane i tide.

Bremnes Fryseri er i ein sterk posisjon til å møte krava frå kundane og forbrukarane. Vi set likskapsteikn mellom berekraft og lønsemd, og vi er i fremste rekke i havbruksnæringa sin reduksjon av klimagassutslepp. Klima og miljø er viktige mål på berekraft, men samfunnsansvaret vårt handlar i tillegg om at vi skapar trygge arbeidsplassar og bidrar til levande lokalsamfunn. I tillegg har vi fått større ansvar for tilhøva i leverandørleddet.

Til tross for at verda har vore gjennom ein pandemi og krigen i Ukraina, så har marknaden for hovudproduktet til selskapet utvikla seg positivt. Til tross for global uro og sterk inflasjon har 2023 starta med god etterspørsel og rekordhøge lakseprisar. Krigstilstanden i Europa fortset å bidra til usikkerheit, og vil framleis vere ein viktig faktor i fastsetting av energi- og fôrprisar – noko som vil gi høge kostnader.

Vi forventar fortsett at det vil vere ein stram balanse mellom tilbod og etterspørsel i 2023, med tilhøyrande høgt prisnivå på laks. Ei svekka krone vil bidra til å forsterke denne utviklinga.
Totalt sett er den globale marknaden for laks svært sterk. Dette, kombinert med arbeidet med å utvikle organisasjonen og styrke den felles konsernkulturen – der alle tilsette veit korleis deira innsats bidreg til å oppnå dei strategiske måla våre – gjer at styret har høge forventningar til utviklinga av konsernet i fortsettinga. •

Fullt rekneskap og notar finn du her: Rekneskap og notar

Bremnes, 12. april 2023 

Jan Sverre Røsstad

styreleiar

Olav Svendsen

styremedlem/ konsernsjef

Bjørn Willy Sæverud

styremedlem

Laila Knarvik

styremedlem

Bjørnar Michaelsen-Svendsen

styremedlem

Nils Viga

styremedlem

Hans-Petter Nesse

styremedlem