– Viktig for heile lokalsamfunnet
– Kvaliteten på laksen har alltid vore vårt store fortrinn, og den aller beste måten å oppnå den ypparste kvaliteten er å lage pre-rigor-produkt her på kaikanten i Bømlo. Dette gjer foredlingsverksemda heilt sentral i verdikjeda til vår, seier kommunikasjonsansvarleg for konsernet, Simon Nesse Økland.
Bidrar til folketalsvekst i havgapet
Frå fabrikken i Øklandsvågen rullar det kvart år ut om lag 5.500 tonn foredla laks, mykje med logoen til SALMA eller BÖMLO på kassane. Vi snakkar loinar, andre stykkingsdelar, burgarar og røykelaks – både ferske og frosne produkt. Om lag 100 tilsette jobbar i sjølve fabrikken, men tar vi med alle som er sysselsette i verdikjeda frå laksen blir teken opp av sjøen og til han ligg i fiskedisken eller på restauranttallerkenen i Noreg eller utlandet, bikkar talet 300 personar.
– Foredlinga til Bremnes Seashore-konsernet er viktig for heile lokalsamfunnet vårt. Foredling skaper langt fleire arbeidsplassar enn oppdrett og sal av uforedla laks, og aktiviteten i Bremnes Seashore-fabrikken er heilt klart ein av grunnane til at Bømlo har hatt ein jamn netto folketalsvekst dei siste tiåra. Dei mange arbeidsplassane gir sjølvsagt også viktige skattekroner til kommunen som vi kan bruke på gode tenester til innbyggarane, uttaler Bømlo-ordførar Sammy Olsen (Sp). Han legg til at lokalsamfunnet òg set stor pris på all støtta konsernet gir til ulike lag og organisasjonar
Livnærer andre
Ordføraren estimerer at oppdrettsbransjen og fiskarane på Bømlo saman skaper eksportverdiar for seks-sju milliardar kroner kvart år.
– Ved å foredle råstoff lokalt, bidrar vi til at ein større del av verdiskapinga blir verande att i Noreg, minner Simon Nesse Økland om.
Foredlinga gir også positive effektar for resten av næringslivet i øykommunen, og er med på å livnære alt frå entreprenørar til røyrleggarar, daglegvarebutikkar, frisørar og uteliv. Ikkje berre kjøper dei tilsette private varer og tenester lokalt, ein ringverknadsanalyse frå 2021 viser at sjølve konsernet handla for om lag 4,6 milliardar kroner i kommunane og fylka det har aktivitet i.
Varierte distriktsarbeidsplassar
I dei mange stillingane som laksebedrifta i Øklandsvågen legg grunnlaget for, finn vi alt frå produksjonsmedarbeidarar til logistikkpersonell, seljarar og marknadsførarar, HMS- og HR-rådgivarar, teknikarar, økonomar og doktorgradsstipendiatar.
– At konsernet kan tilby eit så breitt spekter ulike jobbmoglegheiter, er viktig for å gjere Bømlo og resten av Sunnhordland til ein endå meir attraktiv bu- og arbeidsregion, meiner Sammy Olsen.
Ordføraren framhevar vidare lakseforedlinga som svært viktig for integreringa av flyktningar og arbeidsinnvandrarar i arbeidslivet og lokalsamfunnet. Gjennom åra har mange av flyktningane som Bømlo kommune har teke imot fått opplæring og jobb nettopp i fabrikken.
For meg har foredlingsverksemda betydd alt. Jobben la grunnlaget for eit godt liv for meg og familien her i Noreg.
Mersija Zekic • kvalitetskoordinator og hovudverneombod i fabrikken
– La grunnlaget for eit godt liv i Noreg
Mersija Zekic frå Kroatia er ei av dei. Ho og mannen flykta til Noreg i 1993 på grunn av krigen i eks-Jugoslavia. Etter å ha budd på mottak, fødd ein son og kome godt i gang med norsknorskopplæringa, fekk ho tilbod om å begynne som produksjonsmedarbeidar i Bremnes Seashore i 1996.
– For meg har foredlingsverksemda betydd alt. Jobben la grunnlaget for eit godt liv for meg og familien her i Noreg, fortel Zekic, som i dag er kvalitetskoordinator og hovudverneombod i fabrikken. På vegen hit har 56-åringen mellom anna delteke i utviklinga av Salma – eit produkt ho er umåteleg stolt av.
– Eg blei teken veldig godt imot av bedrifta og kollegaene, som har støtta og oppmuntra meg i tjukt og tynt i alle desse åra. Jobben har òg gitt meg mange gode vennskap som vi pleier på fritida, smiler Zekic – som i dag seier at ho «reiser heim» til Bømlo etter besøk i heimbyen Dubrovnik. •