Bli kjend med oss
Bak kvar filet og kvar leveranse står menneska som gjer jobben.
Her møter du nokre av dei som kvar dag bidreg til at Bremnes Seashore kan levera laks i verdsklasse.

Kjell Gunnar Mathiassen
Kjell Gunnar har vore ein del av selskapet i snart 20 år, med roller som fagarbeidar, formann og seinare personalleiar. I dag er han fabrikkdirektør – alltid oppteken av samarbeid og utvikling.
Han vert driven av å vere del av ein spanande arbeidsplass i stadig utvikling, som legg til rette for den einskilde si vekst. Han trekkjer fram det meiningsfulle i å bidra til lokale arbeidsplassar, utvikling i lokalsamfunna og å produsere høgkvalitets mat frå havet.
Det beste med jobben? Kulturen – vi jobbar som eitt lag. Han likar å sjå korleis små forbetringar gir store resultat, og at han får bidra til å utvikle både menneske og teknologi.

Malene Dekke Eik
Malene kjem frå Rosendal og har alltid hatt naturen tett på. Etter ein bachelor i biologi byrja ho å jobbe med produksjon og drift i eit RAS-settefiskanlegg. Seinare tok ho ein mastergrad innan havbruksbiologi.
På fritida trivst ho best ute i naturen. Turar på fjellet, segling på fjorden eller ski og snowboard om vinteren. Ho set òg stor pris på tid saman med familie og vener.
Det som motiverer Malene i jobben, er kombinasjonen av biologifaglege problemstillingar og dataanalyse. Ho trivst godt i eit miljø med høg kompetanse og stor vilje til å dele kunnskap. At Bremnes Seashore har kontroll på heile verdikjeda frå rogn til slakt, gir unike moglegheiter til å forstå samanhengar, skape forbetringar og bidra til utviklinga av næringa.

Anders Sunde
Anders hadde eigentleg planar om å bli ingeniør, men fann ut av at han heller likte tal og finansakrobatikk. Difor vart han diplomøkonom. Etter studie fekk han ei traineestilling innan sjømatsektoren. Der byrja han med marknadslogistikk, før han fann seg sjølv i salsfaget.
Etter nokre år i sjømatnæringa vart han invitert inn i eit eventyr som heitte Ocean Quality - det som i dag er Sjór.
I dag jobbar han med sal til den europeiske marknaden. Det er interessen for menneska, å forstå behova deira, og å skape relasjonar som er drivkrafta i kvardagen. At selskapet tener penger er også ein stor motivator.

Jenny Helen Stokknes
Jenny er vaksen opp lokalt på Bømlo. Interessa for oppdrett starta med ein sommarjobb i Kvednavikjo. Planen var eigentleg å bli lærar, men innblikket i næringa vekte interessa for oppdrett. I dag har ho det ho kallar draumejobben. Arbeidsdagen hennar består i å følgja opp laksen i sjøen: mating, kontroll av merdar og overvaking av fiskevelferd.
Ho seier at noko av det best med jobben er gode kollegaer og det å jobbe ute – særleg når vêret er fint. Det gjer arbeidsdagen både variert og motiverande.