Code of Conduct

Etisk standard for Bremnes Seashore-konsernet​

Helsing frå konsernsjefen

Code of Conduct er vår etiske standard i Bremnes Seashore-konsernet, som er retningsgivande for korleis vi skal oppføre oss i arbeidskvardagen. Standarden skal bidra til at vi tar gode og rette val som samsvarer med verdiane våre: utvikling, truverd og arbeidsglede.

Helsing frå konsernsjefen

Code of Conduct er vår etiske standard i Bremnes Seashore-konsernet, som er retningsgivande for korleis vi skal oppføre oss i arbeidskvardagen. Standarden skal bidra til at vi tar gode og rette val som samsvarer med verdiane våre: utvikling, truverd og arbeidsglede.
Linda Aase Low

Linda L. Aase Konsernsjef, Bremnes Seashore-konsernet

Våre etiske grunnprinsipp

Den etiske standarden til Bremnes Seashore-konsernet beskriv kva som er forventa av kvar enkelt og konsernet som heilskap når vi samhandlar med kvarandre og våre interessentar. Her er våre fire etiske grunnprinsipp:

Bilete av kvinne som snakkar i telefon

Integritet

Tillit er noko vi gjer oss fortent til – kvar dag. Vi er opne, til å stole på og handlar med integritet og ein høg etisk standard. Vi tenker langsiktig, og unngår snarvegar for å nå måla til selskapet.

Bs Coc Ansvar Web

Ansvar

Vi følger alltid lover, reglar og interne prosedyrar som gjeld for arbeidet vårt.

Smilende kvinne på merd

Openheit

Vi seier ifrå om vi oppdagar brot på selskapet sin etiske standard. Vi bidrar til ein open og lærande organisasjon, ved å spele inn våre forslag til forbetringar og melde frå om sikkerheitsobservasjonar og avvik.

Seashore Teknisk 1306

Medarbeidarskap

Vi viser godt medarbeidarskap ved å ta ansvar i arbeidsmiljøet og ved å ta opp etiske spørsmål i avdelinga.

Kva er etisk standard?

Bs Coc Bottom Web
Seashore-konsernets etiske standard beskriv kva som er forventa av kvar enkelt og konsernet som heilskap når vi samhandlar med kvarandre og våre interessentar.

Etisk standard for våre forretningsforbindelsar

Vi har klare forventningar til våre forretningsforbindelsar sin etiske standard. Dette gjeld alle som Bremnes Seashore-konsernet gjer forretningar med.

Rapport etter openheitslova

Openheitslova har sett aktsemdsvurderingar som metode på dagsorden. Vår første oversikt over aktsemdsvurderingar i Bremnes Seashore vart utarbeidd og ferdigstilt juni 2023.

Varsling av kritikkverdige forhold

Varsling Web
Dersom vi får kjennskap til brot eller moglege brot på Seashore-konsernets etiske standard eller gjeldande lovgiving, skal vi rapportere dette gjennom konsernets varslingskanal så snart som råd.

Er vi usikre, skal vi varsle.
Vi skal oppføre oss som folk
Våre etiske prinsipp
Kva er etisk standard?
Varsling av etiske problem