Varsling om kritikkverdige forhold

Varsling

Dersom me får kjennskap til brot eller moglege brot på Bremnes Seashore-konsernets etiske standard eller gjeldande lovgiving, skal me rapportere dette gjennom konsernets varslingskanal

"Ingen som i god tru varslar om kritikkverdige handlingar eller forhold skal oppleve gjengjelding i noko som helst form. "

HR-direktør Linn Tove Hollund

Trygt å varsle

Når du sender eit varsel, vil Ernst & Young vurdere varselet på vegner av Bremnes Seashore, før det blir sendt over til vår interne varslingsgruppe.

Me får betre grunnlag for å behandle eit varsel dersom du oppgir namnet ditt, men du kan òg varsle anonymt. Kor lang tid det tar å undersøke varselet, vil variere frå sak til sak.