Produkta våre
Me er kjend for fokus på kvalitet, og det kjem til syne i produkta våre

Fersk eller frosen
Pre rigor-filetar
Filetar skorne på dag 0, før rigor startar. Me tilbyr både lett og fulltrimma variantar, med eller utan skinn. Filetane vert produserte med vår pre rigor-teknologi på H-82, som gjev fast og god tekstur, lite gaping og jamn, fin farge.

Fersk eller frosen
Post rigor-filetar
Me tilbyr tradisjonelle post rigor-filetar, skorne hos kvalitetsmedvitne samarbeidspartnarar. Her kan me levera filetar i dei fleste trimmingsgradar i starten av alfabetet, A, B, C, D og E-trim, tilpassa kundane sine behov.

Fersk eller frosen
Heil sløyd laks, med hovud
Heil laks, sløyd og storleiksgradert frå 1 kg til 9+ kg. Fisken vert ilandført og handsama skånsamt før han går rett inn i vårt pakkeri H-82 på Bømlo. Der går han gjennom levandekjølingsprosess (LCF) som sikrar stabil kvalitet og trygg kjølekjede heilt frå start til kunde.
Kvaliteten frå H-82
I vår moderne fabrikk, H-82 på Bømlo, møter fagkunnskap tydelege krav til kvalitet og mattryggleik. Her vert laksen foredla med god flyt og trygg kjølekjede, noko som sikrar jamn kvalitet i kvar leveranse. Arbeidet vårt med kvalitet heng tett saman med innsatsen for berekraft i heile verdikjeda.
Bömlo er signaturproduktet vårt – premium laks frå Bremnes Seashore.
Namnet kjem frå øya Bømlo på vestkysten av Norge, der havet, naturen og kunnskapen i kystsamfunnet møter moderne teknologi. Resultatet er laks med høg kvalitet, jamn ferskheit og ein smak som har gjort BÖMLO til eit namn kundar over heile verda set pris på.
Opphav frå Bømlo
Det var her det starta. Her tek me imot laksen, foredlar han og skjer filetane med kunnskap frå eit kystsamfunn som har levd av havet i generasjonar.

Full verdikjede
Me har kontroll frå rogn til eksport, med krav til kvalitet, fiskehelse og trygg mat. Saman med produsentar som deler verdiane våre skapar me ei open verdikjede med jamn og påliteleg kvalitet.

Global GAP-sertifisert
Me er sertifisert etter GLOBALG.A.P., ein internasjonal standard for trygg, berekraftig og sporbart oppdrett. Det gir kundane tryggleik for at BÖMLO-laksen er produsert ansvarleg frå rogn til eksport.

Internasjonal leverandør
Me leverer BÖMLO-laks til kundar i heile verda gjennom ein trygg kjølekjede og fagfolk i alle ledd. Eit internasjonalt nettverk sikrar stabil leveranse og kvalitet heilt fram til sluttkunden.

Oppskrifter
La deg inspirera av enkle og smakfulle rettar med laks frå Bremnes Seashore. Våre oppskrifter er laga for å gjera det lett å setja god sjømat på bordet – anten det er til kvardags eller fest.

Curry-suppe med laks
Enkel
30 min

Frisk salat med laks og grillet fersken
Enkel
15 min

Gravlaks til jul
Middels
over 60 min

Grillet laks med sitrussalat
Enkel
30 min

Laks med créme fraîche og mango-chutney
Enkel
15 min

Laks med créme fraîche, sitrussaft og soyasaus
Enkel
45 min

Lakse-crudo med bringebær
Enkel
10 min

Påskens beste laksemiddag
Enkel
30 min

Ravioli med røkelaks
Middels
Over 60 min

Sashimi med ponzosaus
Enkel
15 min


