Kvalitet
Me sikrar kvaliteten - frå settefisk til kunde
Frå rogna klekker, til laksen ligg ferdig pakka, handlar alt om omsorg, presisjon og kunnskap. Det handlar om å gjera ting rett – kvar gong.
Moderne fabrikk
På Bømlo har me ein heilt ny og moderne foredlingsfabrikk der fagkunnskap, hygiene og skånsam handtering er grunnlaget for alt me gjer. Fabrikken er bygd for jamn, låg temperatur frå inntak til pakking, slik at råstoffet held høg og stabil kvalitet.
Automatiserte løysingar og robotteknologi gjev god flyt, medan fagfolka våre tek vare på detaljane som avgjer resultatet. Saman sikrar dette ein trygg, effektiv og hygienisk produksjon frå fersk fisk til ferdig pakka produkt.

Levandekjøling - LiveColdFish
Levandekjøling er ein teknologi me utvikla på Bømlo i 1992. Metoden nyttar at laksen er vekselvarm: Når vatnet blir kjølt ned, følgjer kroppen etter. Gjellene fungerer som naturlege varmevekslarar, og fisken blir gradvis kjølt ned før slakting.
Ved å jobba med naturen og ikkje imot, reduserer me stress, bevarer energi i fisken og sikrar låg temperatur inn i prosessen. Dette gjev eit råstoff som held jamn og høg kvalitet.

Pre rigor-filet
Pre‑rigor filleting means that we fillet the salmon immediately after gutting – before rigor mortis occurs. We developed this method a few years after the invention of live‑chilling, based on rapid, gentle and hygienic handling from the very first minute.
When the fillet is cut before rigor mortis sets in, it achieves a firmer texture, and a deeper, more even colour than a traditional post‑rigor fillet. Combined with live‑chilling, this creates raw material with exceptionally stable quality, ready for packing the very same day the salmon was swimming in the sea.

Mattryggleik og standardar
Alle anlegga våre held høgaste standard for hygiene, temperatur og sporbarheit. Me er sertifiserte etter anerkjende kvalitetsstandardar og følgjer strenge rutinar for mattryggleik og berekraft. For oss handlar kvalitet også om tillit – og tillit byggjer me kvar dag.

Sertifiseringar

GlobalGAP
Me følgjer standardane under GLOBALG.A.P. sin Integrated Farm Assurance (IFA) for oppdrett. Dette handlar om trygg mat, miljøvern, arbeidsforhold og dyrevelferd — frå rogn til fisk.

BRC
Me er sertifiserte etter BRC-standarden, ein internasjonal norm for mattryggleik og kvalitet. Ho stiller strenge krav til hygiene, rein drift og dokumentert tryggleik – og sikrar at produkta våre held høg kvalitet og oppfyller gjeldande regelverk.quality and comply with all relevant regulations.

Ikejime
Me er det første lakseslakteriet i Norge som er Ikejime-sertifisert. Sertifiseringa stadfestar at me bløgger og bedøver fisken raskt og skånsamt, og held ein låg og kontrollert temperatur for optimal ferskheit.
