Hjarte for folk
Menneska er hjartet i Bremnes Seashore. Me trur på utvikling, tryggleik og fellesskap.
Me ser etter deg som vil vera med å løfta standarden for oppdrett av laks.

Kvifor velgje oss?
Trygt heim
- HMS ligg til grunn for alt me gjer

Utvikling i fokus
Med leiarprogram, utviklings- og karrierevegar

Sterkt fellesskap
Me byggjer kultur på tvers av fag og lokasjoner

Mangfald i praksis
Me arbeider for å få fleire kvinner og fleirkulturelle medarbeidarar inn i oppdrettsnæringa

Ansvar for berekraft
Me tek ansvar for havet, fisken og framtida

Heile verdikjeda
– fra rogn til bord

Kven ser me etter?
Du som vil noko. Som er nysgjerrig, løysningsorientert og har lyst til å bidra – anten du er erfaren fagarbeidar, nyutdanna, leiartalent eller spesialist.
Hjå oss får du ein kvardag med ansvar, samarbeid og utvikling – både fagleg og personleg. Me er stolte av å vere del av ei næring som skapar mat til verda.
Nei! Me har jobbar innan mange ulike segment - alt frå kontorarbeid og sal, til produksjonsmedarbeidar i fabrikk so vel som driftsoperatør i oppdrett og teknikarar.
Me ser først og fremst etter engasjement og vilje til å lære. Har du rett haldning, gir me deg opplæring og støtte til å lykkast.
Alt frå produksjon og drift på sjø og land, til logistikk, teknologi, forsking, sal og administrasjon. Me har heile verdikjeda – det betyr mange spennande karrierevegar.
Det kjem an på rolla di. På sjøen er du tett på fisken og naturen, medan på kontoret jobbar du med planlegging, analyse og utvikling. I fabrikken jobbar du med å gjere fisken om til mat, og i marknadsselskapet sikrar du at laksematen får ein god veg ut til sluttbrukaren.
Felles for alle: Du er ein del av noko større.
Ja, me er ein stolt lærebedrift. Me treng flinke folk i framtida, og lærlingar er viktige for oss. Sjå etter lærlingutlysningar i karriereportalen.
Me har strenge krav til miljø, dyrevelferd og ressursbruk. Me forskar, utviklar og investerer for å gjere oppdrett meir berekraftig kvar dag.
Me les alle søknadar nøye. Om du går vidare, får du ein samtale med oss. Vi gir alltid tilbakemelding – uansett utfall.