Hjarte for berekraft
Me jobbar kvar dag for å redusera fotavtrykket vårt og skapa ei meir berekraftig næring.
For oss er berekraft ikkje eit tillegg – det er ein integrert del av alt me gjer. Som oppdrettar har me eit særleg ansvar for både natur, menneske og samfunn. Difor byggjer me arbeidet vårt på FNs berekraftsmål og jobbar målretta for å redusera fotavtrykket vårt, styrkja fiskevelferd og sikra matsikkerheit globalt.


Gjennom open rapportering, internasjonale sertifiseringar og konkrete tiltak viser me korleis me tek ansvar – ikkje berre i dag, men også med eit langsiktig perspektiv på framtida.
Kvifor berekraft er viktig for oss
Bremnes Seashore er bygd på kystkultur, havressursar og lokalsamfunn. Me veit at framtida vår er tett knytt til naturen rundt oss. Difor er berekraft ikkje berre ein strategi, men sjølve grunnlaget for verksemda vår. Me ønskjer å bidra til global matsikkerheit gjennom å produsera sunn, trygg og sporbar laks – på ein måte som tek vare på både miljø og samfunn.

Fiskevelferd
God fiskevelferd er nøkkelen til både berekraft og kvalitet. Laksen er kjernen i alt me gjer. Difor set me fiskevelferd i sentrum for drifta vår. Me nyttar moderne teknologi for å overvaka helse og trivsel i sjøanlegga, og me har strenge rutinar for handtering og transport. Me utviklar stadig nye metodar for å redusera stress og sjukdom, og me samarbeider tett med forskingsmiljø for å finna betre løysingar. Når fisken har det bra, får me også betre produkt og meir berekraftig produksjon.

Code of Conduct
Ansvarleg drift handlar om meir enn biologi – det handlar om korleis me går fram som tilsette og som selskap. Me har etablert klare prinsipp for etikk, openheit og ansvarleg forretningspraksis. Dette omfattar alt frå arbeidsmiljø og likestilling til menneskerettar og antikorrupsjon.

Sertifiseringar
Me likar å bli sett i korta, og dei uavhengige sertifiseringane våre er bevis på at me tar kvalitet og berekraft på alvor. Dei gir kundane våre tryggleik for at Bremnes Seashore leverer kvalitetslaks - kvar dag!

Framtid og ambisjonar
Me stoppar aldri å utvikla oss – berekraft er ein kontinuerleg prosess. Bremnes Seashore har store ambisjonar for framtida. Me ønskjer å vera ein pioner innan berekraftig sjømatproduksjon, og me set oss konkrete mål for å stadig bli betre.
Dette omfattar alt frå å kutta utslepp og redusere ressursbruk til å bidra til lokalsamfunn og verdiskaping på ein rettferdig måte. Vår visjon er klar: Å levera premium laks på ein måte som gir meining – både for menneska, miljøet og kommande generasjonar.
