Sponsorarbeidet vårt

Bremnes Seashore ønskjer sterke lokalsamfunn langs kysten

Bremnes Seashore ønskjer å bidra til berekraftige og levande lokalsamfunn i dei områda der me har verksemd. Gjennom sponsorarbeidet vårt støttar me aktivitetar og prosjekt som skaper engasjement, fellesskap og tryggleik langs kysten.

Me prioriterer søknader frå lag og organisasjonar som

  • - fremjar barn og unge, kultur, idrett, frivilligheit og berekraft
  • - styrkjer tryggleik på sjøen og miljøtiltak
  • - har lokal forankring i kommunar der me har drift

Sponsorarbeidet vårt skal reflektera verdiane våre: Utvikling, truverd og arbeidsglede. Det skal bidra til samfunnsansvar, verdiskaping og langsiktige relasjonar.

Ein intern komité behandlar søknader og tildeler sponsormidlar to gonger i året. Søknadsfristar: 15. mai og 15. desember.

Søknad må sendast inn via det digitale søknadsskjemaet vårt her på nettsida. (Me tek ikkje imot søknader via e-post eller brev.)

All sponsing skjer i tråd med våre etiske retningslinjer og sponsorpolicy. Sponsormidlar skal aldri kunne påverka personar eller organisasjonar til å handla på ein bestemt måte

Søknadsskjema

Alle felt må fyllast ut før skjemaet kan sendast inn.